Pressemelding

IMG_5435

Sju løp i norgescupen i motbakkeløp

Det var 20 søkjarar til Norgescup i motbakkeløp 2013. Av desse er sju løp no plukka ut. NM er tildelt Storehesten opp i Gaular. Elles finn vi løp i Telemark, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal på lista.

Publisert Sist oppdatert

Biletet: Storehesten opp i Gaular er årets NM-løp. Heidi Weng var beste dame i 2011.

NECON motbakkecup er Norges Friidrettsforbunds offisielle norgescup i motbakkeløping, og dei utvalde løpa i NECON motbakkecup 2013 (som òg inkluderer NM), dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa i motbakkeløp.

Eit nytt år, og ein ny motbakkeløps-sesongen er no i startgropa, og interessa blant arrangørar om å bli med i cupen er aukande. Det har såleis vore hard konkurranse om å få arrangera løp i årets cup.

- Til årets cup har vi hatt vel 20 søkjarar å velja mellom, og vi er svært tilfreds med interessa, seier Narve Heggheim, nestleiar av Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund.

class="MsoNormal" style="margin: 0px 0px 12pt; color: rgb(34, 34, 34); font-family: arial, sans-serif; font-size: 13px;">Totalt består NECON motbakkecup 2013 av 7 løp. For kvar utøvar er 6 av desse løpa teljande når sluttstillinga i cupen skal gjerast opp.

Samanlagtvinnarane i NECON motbakkecup konkurrerar elles om ein samla premiepott på 100.000 kroner.

- Vi trur det vil bli mange spennande løp og duellar i årets cup, og deltaking og resultat i NECON motbakkecup vil danna grunnlaget for uttak til EM i motbakkeløp i Borovets - Bulgaria 6. juli. Dette er nedfelt i toppidrettsutvalget sine "krav og kriteriar" for 2013 (sjå event. lenkje: http://www.friidrett.no/nyheter/Documents/Krav%20og%20kriterier%202013.pdf).

class="MsoNormal" style="margin: 0px; color: rgb(34, 34, 34); font-family: arial, sans-serif; font-size: 13px;">
Motbakkeløping er blitt veldig populært dei siste åra og har i det heile hatt ein voldsom vekst. Som bevegelse er dette den raskast veksande i norsk idrett. Deltakarane konkurrerar både med seg sjølve og konkurrentane. I tillegg får dei med seg fantastiske naturopplevingar. Deltaking i motbakkeløping er rett og slett eit "løft" til betring av den generelle folkehelsa. Dette har mange oppdaga, og vi trur at mange fleire vil bli med på flotte oppturar i 2013.

Ytterlegare info og detaljar om årets NECON motbakkecup vil verta lagt ut på cupen sine nettsider www.motbakkecup.no etter kvart.

Spørsmål rundt NECON motbakkecup 2013, kan rettast til:

Jostein Hatteberg (leiar)
Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund
Tel 489 94 213
rosendal@folgefonn.net
www.
motbakkecup.no

Øvrige medlemer i Motbakkeløpsutvalet:

Narve Heggeim (nestleiar)
6843 Skei

Knut Arild Maråk (styremedlem - ansvarleg for resultat & poengrekning Norges Friidrettsforbunds Motbakkecup)
6216 Geiranger

Ingrid Kristiansen (styremedlem)
Nils Collett Vogts vei 51 B, 0765 Oslo

Helge Kårstad (styremedlem)
6977 Bygstad

May Brit Buer (styremedlem - utøvarrepresentant)
5773 Hovland

dato

løp

distanse

stigning

arrangør

stad

web

1

20.05.2013

Storehaugen Opp

3,7 km

901m / 24,4 %

Lærdal IL-friidrett

Lærdal, Sogn & Fjordane

www.storehaugenopp.com

2

01.06.2013

Skuggenatten Opp

4,3 km

456 m / 10,6 %

Treungen IL

Treungen, Telemark

www.skuggenattenopp.no

3

08.06.2013

Gullfjellet Opp

8 km

677m / 8,5 %

IL FRI-friidrett

Bergen, Hordaland

www.gullfjelletopp.no

4

15.06.2013

Hovlandsnuten Opp

5,9 km

910 m / 15,4 %

IL Ny Von

Sauda, Rogaland

www.hovlandsnuten.no

5 + NM *

29.06.2013

Storehesten Opp

ca 11 km

1209 m / 11%

Gaular IL

Bygstad, Sogn & Fjordane

www.storehestenopp.no

6

03.08.2013

Saudehornet Opp

6 km

1301m / 21,7%

Ørsta IL

Ørsta, Møre & Romsdal

www.saudehornet.no

711.08.2013Rosendal Nuten opp3,7 km890 m/24 %Fjellstreif og RT-friidrett&Omvikdalen ILRosendal, Hordalandwww.fjellstreif.no


Kondis.no har gjennom åra hatt store biletreportasjar både frå desse og alle dei andre fine motbakkeløpa i landet. Du finn oversikta på
Samleside for motbakkeløp.

Powered by Labrador CMS