Nytt motbakkeløp på Nordfjordeid

Trollenykjen opp

Lørdag 31. juli vil skigruppa i Eid IL arrangere eit nytt motbakkeløp i Sogn og Fjordane. Arve Rindal i arrangørstaben har sendt følgjande pressemelding:

Publisert Sist oppdatert

Nytt motbakkeløp!

På Nordfjordeid er det duka for historiens første "Trollenykjen opp". Dette er eit fjelløp/motbakkeløp på omlag 4km og nesten 900 høgdemeter. Arrangør er skigruppa i Eid IL. Arrangørstaben håpar og trur på eit bra arrangement. Tilhøva ligg iallefall godt til rette med ei flott løype som går igjennom variert og storslått natur. Løypa kan i følge arrangøren i grove trekk karakteriserast som ein kortversjon av "Skålaopp"-trasèen, med ca. halvparten i lengde og høgdemeter. Det skulle tilseie at stigningsprosenten er omtrent den samme. Løypa har i tillegg mykje likt underlag som skåla-trasèen då den følger ein skogsveg nokre hundre meter i starten, for så å svinge seg opp igjennom lauvskog til ein er komne halvvegs. Deretter er det lett myr/jordgrunn før ein får stein under seg siste del av løpet.

"Trollenykjen opp" kan difor vere ei god gjennomkøyring før skåla opp, som er det store målet for mange i motbakkemiljøet. Skigruppa i Eid IL kan friste med pengepremiar til beste dame og herre i konkurranseklassa på 2500 kroner. I tillegg er næringslivet og handelsstanden i Eid positivt innstilt til ei slik hending og bidreg med mange flotte premier både i mosjon- og konkurranseklassa. Arrangøren har allereie fått mange påmeldingar og trur det kan bli folksamt mot Trollenykjen denne dagen. Dei håpar at alle som er interessert i motbakkeløp eller ei fin naturoppleving kan ta seg tid til å kome til Nordfjordeid denne dagen for å ta del i ein folkefest i fjellet.

Meir info om løpet finn du her

Påmelding kan du sende her

Powered by Labrador CMS