Startfeltet samlar seg før Bjørkeklubben Over
Startfeltet samlar seg før Bjørkeklubben Over. (Alle foto: Olav Samland/arrangør)

Ungjentene imponerte mest i Bjørkeklubben Over

Som vanleg arrangerte IF Klypetussen sitt 1260 meter lange gateløp den andre påskedagen. Her var det nokon unge jenter som imponerte mest.

Publisert Sist oppdatert

Dagen starta med minusgrader og Stordalsvatnet var blikkstille så langt me kunne sjå. Utover dagen kom sola opp over snødekte fjelltoppar, før ho varmde såpass bra at Etne vart ein av dei varmaste i landet denne siste påskedagen. Alt var perfekt tilrettelagt for dei beste løpsforholda i dette 1260 m lange gateløpet på Frette.

Dei minste sprang dei siste 450 m av hovedløpet. 4 jenter kom på rekke og rad inn i mål, og fekk sine velfortjente medaljar etterpå.

Når dei største skulle springa var det jo litt spenning på kven som ville koma først over mål. Det er lett å starta for hardt i den flate traseen før det er ein liten motbakke halvvegs. Det var fleire duellar undervegs, m.a. far og son Løhaugen, der minstemann etter ein rask start klarte å halda unna for far Ørjan.
Dei to beste herreløparane kjempa tappert på slutten, og fekk pressa tida ned etter ein knallhard spurt. Tor Arne Sandvik frå arrangørklubben drog det lengste strået.

Men dei som imponerte aller mest var dei unge jentene frå Haugesund IL, som sprang frå alle andre. Dei drog ifrå resten av løparane heilt frå start, og kom i mål på tider som fører dei høgt opp på adelskalenderen. Linnea H. Fjelldalselv kom i mål kun 20 sek bak løyperekorden til Vilde Våge Henriksen, og har med det den 4. beste tida i løpet av damene.
Med løpskafe og premieutdeling så vart det var ein strålande flott dag å avslutta påskehøgtida på.

Bilde_5.jpg


Vinnarane av dameklassen - Tiril Børø Opsøen (nr 2), Linnea H. Fjelldalselv (nr 1), Ingrid Frøyland (nr 3).

Resultater konkurranseklasse:

Bilde_6.jpg
Kvinner1.Linnea H. FjelldalselvHaugesund IL4.19 min
2.Tiril Børø OpsøenHaugesund IL4.23 min
3.Ingrid FrøylandHaugesund IL4.32 min
Menn1.Tor Arne SandvikIF Klypetussen4.43 min
2.Magne BergeIF Klypetussen4.44 min
3.Johannes S. LøhaugenEtne IL5.03 min
4.Ørjan LøhaugenIF Klypetussen5.11 min
5.Svein Egil SørlandHaugesund IL6.17 min
6.Harald MågeIF Klypetussen6.32 min
7.Olav SamlandIF Klypetussen6.42 min
8.Olav SvendsenIF Klypetussen7.26 min
9.Gisle SellevoldIF Klypetussen8.09 min


Vinnar av herreklassen, Tor Arne Sandvik.

Bilde_1.jpg


Klare for 450 m i barneløpet. - Julie Markhus Krokå, Lilly H. Fjelldalselv, Liv Frøyland og Thea Langelid.

Bilde_2.jpg


HIL-jentene er klare til start på Bjørkeklubben Over - Tiril Børø Opsøen (60), Ingrid Frøyland (59), Linnea H. Fjelldalselv (61).

Bilde_7.jpg


Kjekt at så mange av deltakarane tok turen frå Haugesund. Her er Svein Egil Sørland ferdig med sine 1260 m.

Bjørkeklubben Over - bestetider:

Damer:

1.Vilde VågeHenriksenHaugesund IL3.59 min2018
2.Miriam BergHovdaHaugesund IL4.08 min2004
3.Maryna NovikIF Klypetussen4.17 min2018
4.Linnea H.FjelldalselvHaugesund IL4.19 min2024
5.KristineAlneHaugesund IL4.21 min2019
6.Tiril Børø OpsøenHaugesund IL4.23 min2024
7.Eira VikseAustadHaugesund IL4.25 min2015
8.BarbroRamstadHaugesund IL4.28 min2003
9.Britt RandiStokkevågIF Klypetussen4.31 min1989
10.Ingrid FrøylandHaugesund IL4.32 min2024
11.Elin RameIF Klypetussen4.35 min1988
12.OlivEngeIF Klypetussen4.37 min1988
12.Victoria LindgrenHaugesund IL4.37 min2019
14.Hedda OpsøenHaugesund IL4.38 min2019
15.Kristine G. FatlandIF Klypetussen4.45 min1994
16.ElisabethMatreSkånevik IL4.57 min1996
17.JoridMyrsetIF Klypetussen4.58 min1993
18.MindaHegerlandIF Klypetussen5.00 min1990

Herrer:

1.JohannesAlneÅs IL3.28 min2001
2.Kjetil EidhammerSveio IL3.32 min1990
3.Knut ErikRameIF Klypetussen3.33 min1990
4.OlavSamlandIF Klypetussen3.34 min1990
5.Tedros HaileHaugesund IL3.36 min2018
6.Tom Erik KarlsenØlen Vid.g. skule3.37 min2022
7.TerjeAggvinIL Gular3.39 min2014
8.AndreasAuneEtne IL3.40 min1992
8.TerjeHålandIF Klypetussen3.40 min1992
10.Per RuneKolåsIF Klypetussen3.41 min1994
11.Trond OlavHalvorsenHaugesund IL3.44 min2018
12.JonMolnesEtne IL3.46 min1987
12.GeirGjerdeVindafjord IL3.46 min1991
14.Erik RullestadHaugesund IL3.47 min2013
15.Johannes HeienIL Ternen3.48 min2022
16.TorbjørnReisoIF Klypetussen3.59 min2022
Powered by Labrador CMS