Øystein Ulekleiv frå Dombås, eigentleg skiskyttar, har fleire sigrar i fjelløp og løyperekordar i lokale halvmaraton bak seg. Han tok då også ein klar siger på tida 39.39, om lag fire minutt føre nestemann, Andreas Skylstad frå Ørsta. Ulekleiv opna hardt og låg ei stund brukbart an med tanke på løyperekord, men hamna til slutt fire minutt bak. 

Ørstajenta Monika Solvang opna rolegare og kom sterkt opp mot ura, der ho var med i ein trio bak vinnaren. Til slutt vart det også tredjeplass totalt i løpet på tida 44.26, som er berre vel halvtanna minutt bak løyperekorden. 

Ole Petter Storeide, Fiskå TL sprang inn til femteplass totalt med tida 47.27, som er eit minutt bak tida frå i fjor. Karl Idar Vik, Syvde IL, påstod før løpet at han er komen i ein alder der han endeleg har lært seg å opne fornuftig, og tok også ein sjuandeplass med betre tid enn i 2018 og 2019. 

Det var i år 29 deltakarar i konkurranseklassene og 67 personar som tok turen i mosjonsklassa. Sjølv med nokre skoddedottar svivande rundt toppane i morgontimane var nok det litt skuffande deltaking for løpsgeneral Atle Midtbø og mannskapet. Dei gjorde som vanleg ein god jobb, og under premieutdelinga i teltet med tradisjonell god og munter stemning, påskjøna Midtbø også mannskapet sitt i Team Blåfeiden med kvar si velfortente rose, samt retta ein takk til sponsorane som bidreg til eit flott arrangement.
 

Seierspallen kvinner.jpg
Dei tre beste kvinner: Solveig Haugland, Monica Solvang og  Ingfrid Klokset. (Foto: Sølvi Midtbø)

Kvinner alle.pdf
Resultater kvinner. (Klikk for å åpne)

Seierspallen_menn.jpg
Seierspallen menn: Andreas Skylstad, Øystein Ulekleiv og Aaron Vonheim. (Foto: John Willy Klungre)


 

Menn.alle

Resultat lagkonkurranse

Se også idrettslagets sak.

MDXK9875.JPG
Seierspallen menn på toppen. (Foto: Sølvi Midtbø)