Både Okubamichael Fissehatsion og Pernilla Epland, som begge vann 10 000 m i NM i Byrkjelo for ei veke sidan, sprang seg inn til nye løyperekordar i det 11 km lange løpet langs vakre Åkrafjorden.

Okubamichael starta styggfort, og løypas høgaste punkt (3 km) passerte han på 9.55 min. Dette var ny passeringsrekord på toppen, og han var 23 sek føre Laban Siro sitt rekordløp frå 2011.  Innover mot mål krympa forspranget, men han klarte å henta seg inn mot slutten, og klarte ny løyperekord med 16 sek. 33,19 min. 

Pernilla Epland gjorde eit jamt godt løp, og leda med litt over eit minutt på toppen. Derfra og nedover til Rafdal og inn til mål tok Pernilla 22 sek nye sek på den gamle rekordhaldaren, Maryna Novik. I mål skilte det 1 min 30 sek.

Det var meldt litt regn under løpet, men dette kom når turgåarane starta litt tidlegare på dagen. Slik at under løpet var det bortimot perfekte løpsforhold. Det viste igjen på resultatlista, svært mange fekk nye personlege rekordar, og  gleda seg over den flotte dagen.

Det var ei fin auke av trimmarar som gjekk eller sykla dei 11 km innover til Teigland. Både med og utan barnevogner. I tillegg var det 19 som sprang barneløp inne i målområdet. Totalt var det 145 som deltok på løpet, og kanskje den lykkelegaste var John Børge Garvik som vann trekkjepremien på kr 6000,-.  Han har gjennomført alle dei tidlegare 15 løpa langs Åkrafjorden, og må seiast å vera fullt fortjent."

Store premiar for rask løping

Pernilla Eugenie Epland viste med eit veldig flott løp at få i Noreg kan måla seg med noregsmeisteren på 10000 m. Maryna Novik sin løyperekord frå 2014 vart senka frå 40.33 til 39.19. Grunna ekstrapremie til fyrste jente som klarte å springa dei 11 tøffe km under 40.00, vanka det kr 9500,- i 1. premie saman med løyperekorbonus og under 40.00 bonus. Pernilla kjem frå Tysnes og spring for Stord IL.

IL Gro er den lokale klubben der målgang er. I år sprang Silje Lundal Eintveit som fyrste jente frå denne klubben. Ho sprang på pene 57.57. Like bak var ein annan lokal løpar, Idun Øvernes på 58.10. Raskast av jentene frå Etne var Mariann Vevatne, Sport 1- Etne på gode 48.13. Kristine Vik Ekornrud, Etne IL  løp på 56.10 og gjorde at tre av dei lokale klubbane kom på resultatlista for jentene.

Kvinner tre raskaste i mål:
1. Pernilla Eugenie Epland, Stord IL        39.19  Løyperekord
2. Maryna Novik,  IF Klypetussen            40.49
3. Ellinor Austrheim, Haugesund IL          44.37 
 


"Bergprisen" kvinner:  (etter 2930 m)
1. Pernilla Eugenie Epland,  Stord IL       11.30  Rekord
2. Maryna Novik, IF Klypetussen             12.38
3. Ellinor Austrheim,  Haugesund IL         13.33


Okubamichael Fissehatsion sprang ned løyperekorden som Laban Siro sette i 2011. 33.35 vart til 33.19. Velfortente kr 4000,- for fyrstepremie og kr 5000,- for løyperekord får han på sin konto. Okubamichael kjem frå Eritrea og noregsmeisteren spring for osloklubben IK Tjalve. Det er storklubben som arrangerer Holmenkollstafetten i mai kvart år.

Elles må nummer to og tre i herreklassen nemnast spesielt:

Lars Lunde frå Stord gjorde kanskje sitt beste løp nokonsinne. Han vann dette løpet i 2016 og 2017. Denne gong var han berre 32 sekund bak den gamle løyperekorden som hadde stått sidan 2011, og var sett av dobbeltvinnar i det store Midnattsloppet i Gøteborg, Laban Siro. Ingen kven om hels å samanlikna sg med. 

Thomas Finshus, Stegaberg IL og arrangør av Sluseløpet i Skjoldastraumen 2. september, har vore flittig nivåhevar på lokale løp i Etne. 4. august deltok han i NM terreng-ultra.  70 km over 10 fjelltoppar og 3900 høgdemeter! Ei vanvittig krevande øving på 9 timar. No klarte han tredjeplassen i Langs Åkrafjorden på ny personleg rekord. Vanvittig bra! 

Gledeleg mange lokale herreløparar
I år var faktisk dei fleste løparane frå Etne, Ølen og Vindafjord. Og Stord er jo heller ikkje så langt vekke.

Tre raskaste gutar i mål:
1. Okubamichael Fissehatsion,  IK Tjalve   33.19 Løyperekord

2. Lars Lunde, Stord IL                    34.07
3. Thomas Finshus, Stegaberg IL            38.42

  

"Bergprisen"  (etter 2930 m):
1. Okubamichael Fissehatsion ,  IK Tjalve                 9.55   Rekord

2. Lars Lunde,   Stord IL                                               10.14
3. Thomas Finshus, Stegaberg IL                                 11.24


Vellukka barneløp - "det mest vellukka me har"
Som vår eminente speaker John Karsten Lundal (dagleg leiar på Åkrafjordtunet) uttrykte det: Barneløpet er vel det mest vellukka me har. Alle ungane fekk anten gull, sølv, eller bronse etter kor mange av dei fire løpa i Klypetuss-karusellen dei hadde vore med på. 

Hovudsponsor Marine Harvest er ein viktig grunn til at me kan ha så høge premiar. Og alle dei andre sponsorane har tilsaman bidratt sterkt til årets satsing. 

John-Børge Garvik vann kr 6000,-
John-Børge Garvik har vore med i alle 16 "Langs Åkrafjorden". Denne gongen var han ekstra heldig då han vart trekt ut til største trekkjepremien på kr 6000,-. Kravet var at vinnaren måtte vera til stades å ta i mot premien sjølv. Denne vart trekt etter at dei tre raskaste kvinner og menn vart gjort stas på. Dermed var det eit stort publikum på avslutningsseremonien.

Nr 2 i Langs Åkrafjorden, Lars Lunde skriv til arrangøren:
Hei! Og takk igjen for nok et flott arrangement. Jeg er imponert over hva en så liten klubb får til av arrangement. Jeg har vert med 2 år på rad på ”Langs Åkrafjorden” et arrangement med dyktige arrangører og god stemning som gav mersmak, derfor kom jeg tilbake også i år, selv med en reisetid på totalt godt over 3 timer, og junior NM på Bislett som var alternativet på den andre siden av vektskålen.

Med en flott løypetrasé med fin utsikt til fjorden og levende lys i de mørke tunellene, var det mange heiarop i løypen, og god stemning i målområdet med flotte premier til både de raskeste, og flotte trekkpremier som alle som fullførte hadde sjansen til å vinne.

Arrangementet har et flott særpreg med både barneløp, turklasse og sykkelløp som er viktig for både rekrutering og for å inkludere flere deltagere

Totalt 145 deltagere er imponerende. For min del var målet å slå min personlige rekord på 35.53 fra i fjor, og helst løpe under 35 minutter. På et "maks løp" hadde jeg troen på å nærme meg Francis Kipketer sin tid på 34.39 fra 2011. Derfor er jeg veldig fornøyd med 34.07 og sannsynligvis mitt beste løp noen gang.

Det var også veldig gøy at Norges raskeste 10 km løper Okubamichael Fissehatsion var med og viste hvor skapet skal stå.
Tiden hans blir et naturlig mål til neste år dersom løpet passer inn i kalenderen.


Alle foto: Olav Samland
Startfeltet.jpg
Eit ekslusivt startfelt.

Okubamichael_mot_maa_til_loeyperekord.jpg
Tjalveguten Okubamichael Fissehatsion kom. såg, sprang, vann og sette rekordar. Arrangøren IF Klypetussen var imponert og veldig takksam!

Pernilla_Epland_loeyperekord..jpg
Pernilla Eugenie Epland, norsk meister på 10000 m nyleg, pressa løyperekorden kraftig ned, og fyrste jente under 40 minutt på dei tøffe, kontrollmålte 11 km. IF Klypetussen var veldig takksam for at ho valte å springa "Langs Åkrafjorden".

NB: Fleire bilder under resultatlista!

Resultater i konkurranseklassa:

Klasse: Startnr Namn E-namn Klubb BERG MÅL
    KVINNER        
KJ 20-22 730 Ellinor Austrheim Haugesund IL 13.33 44.37
             
KS 726 Pernilla Epland Stord IL - Friidrett 11,30 39.19
KS 727 Guro Stople Sørhus ***Privat*** 14.58 50.58
KS 736 Silje Lundal Eintveit IL Gro 17,10 57.57
KS 728 Idun Øvernes ***Privat*** 17.30 58.10
             
KV 35-39 735 Maryna  Novik IF Klypetussen 12,38 40.49
KV 35-39 734 Mariann Vevatne Sport 1 - Etne 14.25 48.13
KV 35-39 732 Kristine Vik Ekornrud Etne IL 16.35 56.08
             
KV 50-54 733 Marit Eriksen ***Privat*** 17.31 57.37
             
    MENN        
G 18-19 729 Henrik Sebastian Epland ***Privat*** 13.38 45.27
             
M 20-22 716 Lars  Lunde Stord IL - Friidrett 10,14 34.07
M 20-22 740 Bengt Langeland ***Privat*** 15.23 54.27
             
MS 713 Okubamichael Fissehatsion IK Tjalve 9,55 33.19
MS 744 Thomas Finshus Stegaberg IL 11,24 38.42
MS 718 Egil Strømme ***Privat*** 13.24 45.10
MS 712 Kristoffer Ekornrud IF Klypetussen 13.32 45.14
MS 717 Bård   Johansen ***Privat*** 14,05 48.04
MS 737 Torbjørn T. Reiso ***Privat*** 14.37 49.46
MS 715 Lars Øvernes Etne IL 15,12 52.40
             
MV 35-39 714 Nils  Saltnes IF Klypetussen 13.58 45.34
MV 35-39 719 Karl Bertil Wiborg Øl og Kondis 15.23 51.40
             
MV 40-44 Funksj. Tor Arne Sandvik IF Klypetussen 12.59 43.43
MV 40-44 724 Svein Mikkelsen ***Privat*** 14.59 48.24
MV 40-44 725 Jan Åge Brekke Krik-Skjold 14.24 49.18
MV 40-44 738 Arild  Austrheim Vindafjord IL 15.22 49.58
MV 40-44 743 Leif Hole Vindafjord IL 16.34 53.13
MV 40-44 723 Jacek Marian Armatynski ***Privat*** 17,06 58.51
MV 40-44 741 Erich Monteiro ***Privat*** 20.58 71.19
             
MV 45-49 739 Ove Ivesdal Omega AS 14,08 47.33
MV 45-49 720 Magne  Berge IF Klypetussen 15.40 52.12
MV 45-49 742 Kjetil Espeland ***Privat*** 16,11 52.19
MV 45-49 721 Trygve Gunnar B. Henriksen IF Klypetussen 17.31 61.03
             
MV 60-64 722 Harald Måge IF Klypetussen 17.32 60.21
             
MV 65-69 Funksj. Gisle Sellevold IF Klypetussen 22.58 73.43

 Maryna_Novi_nr2_like_bak_egen_gammel_rekord.jpg
Maryna Novik sprang på den tredje beste tida for jenter nokonsinne. Ho har sjølv nestbeste tid, men no er det ikkje lenger løyperekord. Og ho var nærmare den norske meistaren no i "hennar eiga løype" langs Åkrafjorden enn på éin km kortare i NM.

Lars_Lunde_tok_seg_heilt_ut.jpg
Lars Lunde - beste løp i karrieren! Sjå kommentar frå Lars i artikkelen.

Ellinor_Austrheim_nr_3.jpg
Ellinor Austrheim, Haugesund IL med eit strålande løp - raskare enn dei fleste gutane!

Thomas_Finshus_mot_maal.jpg
Thomas Finshus, Stegaberg IL, ein allsidig løpar: bane, landeveg, motbakke og terreng-ultra på 70 km! Ikkje berre allsidig men ein nivåhevar i alle løp han stiller i. Også arrangør av Sluseløpet 2. september i Skjoldastraumen, nær Haugesund.

Damevinnarane.jpg
Pernilla, Maryna og Ellinor med strålande løp.

Vinnarane_av_herreklassen.jpg
Whow for eit trekløver! Okubamichael, Lars og Thomas.

Jon_Boerge_Garvik_delteke_alle_aar_vann_trekkjepremien_6000kr.jpg
John-Børge Garvik, ein av dei mange som stod att heilt til slutt, og kunne gå fram å henta største av dei 26 trekkjepremiane. Ekstra flott fordi han er ein av dei som har vore med på alle 16 "Langs Åkrafjorden".