Starten_200_724C3585

Vasaloppsveka er i gang

54.896 skiløparar er påmeldt eit av dei ti renna som tilsaman utgjer Vasaloppsveka. Først ut er KortVasan som starta i dag klokka 10.

Publisert Sist oppdatert

Sjølve hovudrennet, det 90 km lange Vasaloppet går sundag 7. mars. Det og StafettVasan er for lengst fullteikna, men i dei andre renna er det framleis mogeleg å melde seg på. Eit godt - og lite stressande - alternativ til sjølve Vasaloppet er å gå Öppet Spår som er same trasé som hovudrennet, men med færre deltakarar og mindre køståing og køgåing. Öppet Spår går no på sundag og måndag.

Det er mogleg å melde seg på til dei renna der det framleis er ledig plass, ved startnummerutdelinga i Sälen eller Mora innan klokka 18 dagen før det rennet ein vil vera med på.


Påmeldte per 25. feburar
KortVasan: 	7341
TjejVasan: 8379
UngdomsVasan: 677
Öppet Spår söndag: 8438
Öppet Spår, måndag: 4650
HalvVasan: 2765
SkejtVasan, 30 km: 166
SkejtVasan, 45 km: 213
StafettVasan: 	 1179 lag (5895 deltakarar)
Vasaloppet: 16372
Totalt: 54896 

Vasaloppets heimeside

Omtrent slik brukar det å sjå ut når starten for Vasaloppet går i Sälen tidleg ein sundagsmorgon i mars. (Foto: Kjell Vigestad)

Powered by Labrador CMS