Det var ein heit dag i Mensen Ernst Minneløp.
Det var ein heit dag i Mensen Ernst Minneløp.

Rørsleglede for alle i Mensen Ernst Minneløp

I strålande sol blei årets Mensen Ernst Minneløp arrangert i Fresvik. Dei vakre omgjevnadane er det ingenting å seie på, men det er likevel rørslegleda som er i fokus denne dagen.

Publisert Sist oppdatert

Vi har fått denne rapporten frå Kristin Rundsveen. Fotograf alle bileter er Sigrid Skjerdal.

I eit år der dei fleste arrangement er avlyst, har dugnadsgjengen i Fresvik likevel klart å arrangere løp, og det var stor interesse med 112 gjennomførande. Det var ein heit dag, og etter endt løp var det mange som spylta av seg i hageslangen «Nilen sine kjelder», før eit forfriskande dukkert i fjordan var eit must for dei fleste.

Når det var som mest usikkerheit under nedstenginga, og mange valgte å kansellere i god tid, bestemte vi oss for å uansett gjennomføre eit forenkla løp, med færre deltakarar og ulike starttidspunkt på løpa.

Julie Bøtun var smittevernansvarleg på dette arrangementet:

- Me tok omsyn til korona, og tillèt ikkje bruk av dusjar, og ikkje felles drikkestasjonar, men heller be løparane ha eigne flasker i løypa.

Årets arrangement samla heile 112 deltakarar.

Heidrar løpekongen frå Fresvik

Gjennom fleire år har eldsjelane i IL Modig arbeidd mot å lage eit idrettsarrangement for alle, og løpet blir tilrettelagt med sikte på helse- og trivselsformål meir enn på konkurransar og prestasjonar. Fungerande leiar i friidrettsgruppa, Dag Einar Bøtun, understrekar at her fokuserer me på god stemning, rørsleglede og personleg meistring! – «Gå eller spring. Uansett alder, form eller erfaring er dette løpet perfekt for akkurat DEG!»

Dette er tredje året med Mensen Ernst minneløp i ny drakt, og deltakarane kunne velje mellom fire løyper. 1,5 km, 3,5 km, 6,5 km og 12 km. I tillegg blir det arrangert 400 m baneløp for dei minste, med stor innsats og mykje entusiasme. Kvar av dei fire distansane er oppkalla etter Ernst sine fire største løpebragder, og deltakarane kunne dermed velja å følgja i fotspora til Ernst frå «Paris-Moskva», «München-Nauplia», «Istanbul-Calcutta» eller «Mot Nilen sine kjelder».-

Sosialt løp

Ved å dempa fokuset kring vinnarar, plasseringar, tider og løyperekordar, og heller fokusera på at dette er ein dag kor rørslegleda er det viktigaste. Uavhengig av distanse startar løparane i ein stor fellesstart på Modig stadion og legg ut på fire ulike rundløyper. Kvar runde startar og sluttar inne på Modig Stadion, og tal rundar er bestemt av kva distanse deltakarane er påmeldt. Dette gjer løypa svært publikumsvenleg, og ikkje minst er det kjekt og sosialt for løparane.

Stor interesse med mange tilreisande

Årets løp er ein av få løp som blir arrangert i Noreg, og difor var nok interessa frå tilreisande ekstra stor. Severin Myrbakken (54) kom heilt frå Rena i Østerdalen til Fresvik for å delta i Mensen Ernst minneløp for første gong. «Det er eit fantastisk konsept, som er svært publikumsvenleg med kjekke løpstrasear. Etter å ha høyrt om Noregs første profesjonelle idrettsutøvar i diverse forum, så var det utruleg stilig å komme til Fresvik for å delta i minneløpet hans. Ramma rundt med den fantastiske naturen var jo prikken over i´en».

Alle resultater Mensen Ernst Minneløp

Resultater Mot Nilen sine kjelder (12 km)

PlassStartnr.NavnTid
1315Joar Grov Turvoll45:20

Resultater kvinner Istanbul-Calcutta t/r 8300 km (6,5 km)

PlassStartnr.NavnTid
1221Julie Kristin Ness28:56
2230Gunvor Refsdal32:56
3218Hilde Vassend34:50
4219Hanne Vassend35:13
5206Liv Hatlelid Gilpin38:23
6214Kari Heggenes Kvammen40:29
7227Dina Amundsen43:10
8226Malin Amundsen43:11
9220Kristine Njøs Slinde48:24
10223Aslaug Bøtun50:47
11228Silje Kvamme50:54
12215Magnhild Breilid57:02
13209Øydis Kleppe Bøtun58:06
14232Maria Elisa Høgheim58:15

Resultater menn Istanbul-Calcutta t/r 8300 km (6,5 km)

PlassStartnr.NavnTid
1222Kjell Frode Hole32:27
2225Vemund Hove33:19
3217Joakim Tenold33:31
4235Adrian Øyri Knørra34:19
5205Endre Gilpin38:24
6236Håvard Breilid43:06
7234Stig Kjeilen46:30
8200Haavard Breilid50:15
9229Mats Isaksen50:54
10204Kjell Magnar Guddal54:07
11231Sverre Høgheim58:18
12201Ørjan Bøtun58:37
13207Magnar Nilsen01:03:11
13208Tommas Prozenko01:03:11
15216Ingar Breilid01:04:48

Resultat kvinner München-Nauplia 2700 km (3,5 km)

PlassStartnr.NavnTid
1125Eline Bjørneklett18:19
2110Marie Hov Heggestad18:41
3107Thea Tenold18:45
4120Sussane Mead18:53
5109Johanna Tenold23:56
6100Anita Høydal24:54
7128Dagrun Bøthun28:14
8115Nann Ingunn Simlenes28:21
9102Reidun Breilid30:59
10116Anette Refsdal37:13
10117Tone Vange Grindedal37:13
12104Bente Otterdal Nilsen39:13
13105Marta Ringheim39:31

Uten tid:

0103Torill Nesheim Tokvam00:00
0118Anne Marie Øyri00:00

Resultat menn München-Nauplia 2700 km (3,5 km)

PlassStartnr.NavnTid
1121Arne -Olav Lien Bardølsgården19:50
2124Theymen Van Dijk21:00
3127Tomas Kruvelis21:30
4113Sondre Hov21:48
5123Arild Hov21:53
6122Viljar Tønder Antun32:56
7114Jørund Nerberg36:43
8106Henrik Aleksander Stenerud Bøtun36:46
9112Agnar Bøtun40:17

Uten tid:

0119Inge Øyri00:00
0101Ole Håkon Tokvam00:00

Resultat kvinner Paris-Moskva 2500 km (1,5 km)

PlassStartnr.NavnTid
117Signe Vangsnes06:53
218Emilie Vangsnes08:03
39Sara Tenold10:35
47Tone Merete Holmberg11:30
522Hanne Elisabet Sundby11:44
610Anne Gjertrud Hov16:26
711Sandra Amundsen19:34
83Ingrid Elise Gilpin21:55
913Gyda Bøtun25:53
1016Oddbjørg Vedum25:55

Uten tid:

02Julie Bøtun00:00

Resultat menn Paris-Moskva 2500 km (1,5 km)

PlassStartnr.NavnTid
11Eirik Breili06:19
215Adrian Bøthun Olsen07:18
36Arild Fossum Lillesvangstu07:58
44Benjamin Gilpin09:52
55Geoff Gilpin09:53
621Jonas Kruvelis11:57
712Asgeir Nilsen12:47
819Oddvin Liaskar13:24
914Filmon Mebratholm15:57

Uten tid:

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
08Kåre R Haugen00:00
Powered by Labrador CMS