Den femdoble europamesteren i motbakkeløp, tyrkiske Ahmet Arslan var suveren og vant Skåla Opp i 2011. Foto: Christian Prestegård.
PRESSEMELDING:
Konkurranseklassa, med maksimalt 800 startande, har vore fullbooka i meir enn eit halvt år, men det er fortsatt mogleg å melde seg på i trimklassa som pr no tel nærare 700 personar. Arrangementet startar fredag kveld med Skåla Opp Kick Off med ein del kjende profilar. Laurdag føremiddag går turen til Skålatårnet for nærare 2000 personar.
Blant deltakarane finn vi motbakkeløparar i verdseliten, både europameister Ahmet Arslan frå Tyrkia og verdsmeister Jonathan Wyatt frå New Zealand, samt fleire løparar på høgt nivå frå mellom anna England, Skottland og Tsjekkia . Norske langrennsveteranar som Brå, Hjelmeset, Skjeldal og Aasen Ouren er òg klare til årets La Sportiva Skåla Opp. Etter fjellturen vert det levande musikk i teltet på Tjugen, premieutdeling og grillparty på arrangørhotellet i Loen, før det heile vert avslutta søndag føremiddag med Kongleriket Mini Skåla Opp for barn til Tjugen sæter. Her er det berre å finne fram godt humør og ta turen opp Norges lengste motbakke og oppleve ein gedigen folkefest til fjells laurdag 18. august, velkommen!
Skåla Opp hjemmeside
Skåla Opp samleside