Det var stas å få vera arrangør for eit motbakkeløp med EM uttak. Løpet er på 3,7 km og har ein stigning på nær 25 %,. Mål er på Storehaugen på 908 moh.

storehaugen-opp.jpgPå vei mot Storehaugen. (Arrangørfoto)
 

Stian Angermund med suveren seier

Mange tidlegare vinnarar av Storehaugen Opp stilte på startstreken i år, deriblant Stian Angermund som har løyperekorden på 30:18 minutt. Han har vunne tre gonger før og vann suverent i år og på tida 31:11 minutt. Han tykte det var kjekt å koma tilbake Lærdal noko me arrangørane sette pris på å høyre. Nr to var Stian Dahl Sommerseth frå Hoxauntold_Movement som kom i mål på 32:57 minutt og tredje beste var Joel Dyrhovden, Samnanger IL på 33:24 minutt. Bak desse kom Geir Steig, Luster IL og Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve som begge har vunne totalt tidlegare år.


stian-angermund.jpgStian Angermund på vei mot overlegen seier. (Arrangørfoto)
 

10 beste menn

Plass Navn Klubb Klasse Tid
1 Stian Angermund Varegg M35-39 31.11,5
2 Stian Dahl Sommerseth Hokaxuntold_Movement M20-34 32.57,0
3 Joel Dyrhovden Samnanger IL M20-34 33.24,4
4 Geir Steig Luster IL M20-34 33.40,7
5 Øyvind Heiberg Sundby Tjalve M35-39 34.40,6
6 Lorentz Erland Linde Varegg Fleridrett M35-39 35.37,5
7 Ola Jordheim Hemsedal IL M20-34 36.25,9
8 Håvard Tanheim Eikefjord IL M20-34 38.35,4
9 Bjørn Rusten Lundberg Varegg Fleridrett  M20-34 38.37,7
10 Per Ove Walaker IL Fanaråk M45-49 39.22,1

 

Seier også til Anita Iversen Lilleskare

I dameklassa vann Anita Iversen Lilleskare, Bfg Bergen Løpeklubb på 38:55 minutt. Ho vann og i 2017 på tida 38:52 minutt. Andre beste dame var Nora Markhus, Stord Il på 39:28 minutt og tredje beste var Ingvild Sangesland, Øvrebø på 42:24 minutt.

anita-iversen-lilleskare.jpgAnita Iversen Lilleskare var raskeste kvinne opp Storehaugen. (Arrangørfoto)
 

10 beste Kvinner 

Plass Navn Klubb Klasse Tid
1 Anita Iversen Lilleskare Bdg Bergen Løpeklubb K40-44 38.55,2
2 Nora Markhus Stord IL K20-34 39.28,9
3 Ingvild Sangesland Øvrebø K20-34 42.24,0
4 Sara-Rebekka Linde Varegg Fleridrett K40-44 43.30,7
5 Anne-Mette Juuhl Gular K35-39 47.23,1
6 Hilde Aders Kvæfjord IL K20-34 47.32,6
7 Laila Sundsøy Helse Førde BI K50-54 47.49,3
8 Guro Wangensteen   K45-49 50.20,8
9 Anna Margrethe Tråve Lærdal IL K65-69 50.49,9
10 Anne Bekkhus Vik IL K40-44 51.07,2



stian-dahl-sommerseth.jpgDagens andremann til toppen. Stian Dahl Sommerseth. (Foto: Arrangøren)
 

joel-dyrhovden.jpgJoel Dyrhovden ble nummer 3. (Arrangørfoto)

Eldste deltakar var Ola Fossheim, Vestre Slidre IL på 83 år. Han kom godt fornøgd i mål i klasse 80+. Nest eldste klasse var klasse 75-79 år med to deltakarar. Alder er ingen hindring i motbakkeløp

63 stilte på startstreken og 61 fullførde på tid.

Vel 160 gjekk i mosjonsklassa. Totalt var 220 med på arrangement i dag. På turen nedatt var det servering av spekemat og flatbrød, ein tradisjon som deltakarane set stor pris på. I mål fekk alle Storehaugen Opp t-skjorte og det var god premiering i konkurranseklassa.

Frivillige har bore utstyr, saft og drikkeflasker til topps og Lærdal Turlag og Lærdal Hjelpekorps og andre frivillige har bidrege med dugnadsarbeid for at arrangementet skulle bli vellukka.

Friidrettsgruppa er veldig fornøgd med at vel 220 deltok på årets Storehaugen Opp og tilbakemeldingane frå løparane var og veldig gode. Det var kjekt å få arrangere motbakkeløp etter to år med coronarestriksjonar.
 

SE ALLE RESULTATER HER