Rett etter starten for 11 km. Lars Lunde er i tet, og vi ser også Susanne Wigene i Haugesund ILs svarte drakt på femteplass.
Rett etter starten for 11 km. Lars Lunde er i tet, og vi ser også Susanne Wigene i Haugesund ILs svarte drakt på femteplass.

Susanne Wigene fortsatt sprek - vann Langs Åkrafjorden

Jubileumsløpet, det 15."Langs Åkrafjorden" der ein kan gå, sykla, eller springa, hadde i år også barneløp. Som alltid 11 km i vakker løype, men denne gongen i surt regnver. Og det ble delt ut "Bergpris" til den fyrste på høgaste punktet (252 m.o.h.) etter 2930 m.

Publisert Sist oppdatert

Susanne Wigene framleis i god form
Susanne er framleis ung, men formelt sett har ho "lagt opp". Men ho kom likevel til det 15. "Langs Åkrafjorden" og ho osar framleis av løpeglede. Det smittar.

Susanne kom, såg og vann... Det vil sei at ho trengte ikkje sjå seg tilbake. Løyperekordhaldar Maryna Novik skal springa 5000 m i NM i neste veke og var lukkeleg i mål for at ho hadde greid å ta det roleg, sjølv med startnummer på brystet. Men Susanne løp eit godt løp, berre eitt minutt bak løyperekorden.

Kr 5000 som trekkjepremie
Etter mønster frå Knarvik-mila hadde arrangøren 35-års-jubilanten IF Klypetussen bestemt at trekkjepremien på kr 5000,- skulle vinnast av ein som var til stades under premieutdelinga. Og det var utruleg mange som heldt ut i det sure veret. Men fyrste som vart trekt ut, var ikkje der. Andre som vart trekt ut, var heller ikkje der. Herrevinnar i fjor og i år, Lars Lunde, måtte trekkja for tredje gong - ENDELEG!

Kven var til stades...? Jo, Susanne Wigene vann også største trekkjepremien! :-)

11 jenter og 21 gutar løp i det sure veret
Sjølv om veret var surt, var det brukande løpsver. Arrangøren hadde satsa hardt på PR, så det var ikkje fleire enn det måtte vera. Gledeleg med bra auke frå i fjor, men arrangementet har plass til mange, mange fleire løparar enn dei 34 som løp.

Samla med barneløp, sykkeltrim og turmarsj var det eit bra oppmøte med rundt 125 deltakarar.

"Ordføraren" var der....
Ja, Siri Klokkerstuen var til stades, men denne gongen ikkje i eigenskap av ordførar, men for mellom anna å heia på sonen Bjørn. Bjørn Klokkerstuen Kjellesvik, Etne IL har hatt skikkeleg framgong i år. Ja, for Kondis, sin lokalreportar kjem han som "lyn frå klår himmel". I "Vatnet Rundt", Etne Duatlon og no med tredjeplass på god tid i "Langs Åkrafjorden" har han gjort seg kjend. Han debuterte i lLangs Åkrafjorden, men har vore her før. I 2012 var han journalist i Grannar og intervjua løyperekordhaldar Laban Siro. No var han sjølv på pallen.
Artig og gledeleg.

Nytt i 2017: "Barneløpet"
15 born sprang dei ca. 500 m med start og mål der dei vaksne kom i mål. Ikkje tidtaking, men medalje til alle.

Lars Lunde, Stord IL vann Langs Åkrafjorden for andre gong
I fjor var det ein kortversjon grunna ras i fjorden. I 2017-utgåva kom Lars Lunde tilbake og sprang på 4. beste tida gjennom 15 arrangement. I tillegg smakte det godt at han gruste rekorden til Stord-trenaren - den tidlegare storløparen - Nils Hetleflåt. Men begge er på "Topp 10 -lista".

Lars_Lunde_vinner_2017.jpg



Lars Lunde er no beste stording på rankinglista etter at han slo "klubbrekorden" til den ikkje så gamle klubbkameraten, Nils Hetleflåt, no glimrande trenar. 35.53 fører Lars opp på 4. plass etter to kenyanarar og Ragnar Stølsmark. (Foto: Olav Samland)

Langs_Akrafjorden_pall_damer.jpg


Frå venstre: Trine Byggstøyl nr. 3, Maryna Novik nr. 2 og den suverene vinnaren, Susanne Wigene. (Foto: Olav Samland)

IMG_0006.JPG


Arrangøren legg vinn på at det skal vera litt stil på velkomsten

IMG_0005.JPG


Sekretariat ved Kyrping Kro og bensin. Ikkje alltid lett å ynskja velkomen med stil når det regnar og blæs....


Fleire bilete under resultatlista

Resultater i Langs Åkrafjorden 11 km (kontrollmålt) 19. august 2017

Klasse:StartnrFor- og mellomnamnEtternamnKlubb -Født-BergprisMÅL
KVINNER: 2930 m 11 km
KV 35-3937SusanneWigeneHaugesund IL197812.4241.34
KV 35-39684Maryna NovikIF Klypetussen198115.4852.31
KS676Trine R.Byggstøyl---Privat---198416.1953.11
KV 50-5445ToveKarbølSauda IL196616.3654.49
KS682Kathrine T.MatreEtne IL198918.1660.09
KS681MargretheTungesvikStatoil B.I.L.198918.1661.43
KS48CarinaHornenes---Privat---198418.3962.37
J 16-17686AndrineHagenIL Korlevoll200020.0767.50
KV 50-5450KjerstiAndersenOdda - O-lag196320.5268.28
KV 40-44679RenataPalamarzIF Klypetussen197622.0070.29
KS 20-22696Åse GarbergOdda 199720.39BROTE
MENN:
MS 20-22680Lars LundeStord IL199710.4735.53
MJ49ØysteinHalvorsenIL Korlevoll199711.3239.04
MS688Bjørn K.KjellesvikEtne IL198912.2141.58
G 14-1539Bård Olav S. MedhusRøldal IL200212.1442.46
G 16-17694ReidarAustrheimØlen IL200113.5444.10
MS691HenrikVervikSRS198713.5345.30
MS683KristofferEkornrudIF Klypetussen198913.5245.37
MV 40-44674EinarHaugeTeam Eivindvn.197314.1245.43
MS690John T.AlmåsStord IL 198613.3046.10
MS47ØysteinOpedal---Privat---198314.1546.19
MS689SindreEkornrudIF Klypetussen198414.2446.22
MS692SindreVikanesSRS198614.1446.31
MV 55-59675Terje EileraasHaugesund Tria.195914.1346.51
MS43MariusKallevikVormedal IL198814.5749.01
MS40ØrjanLøhaugenIF Klypetussen198414.5949.39
MSFunkløp.Tor ArneSandvikIF Klypetussen197515.2451.04
MV 40-4446MortenJohansenSkånevik IL197415.1851.37
MV 40-44693Robert S.MelkeraaenFjæra & Rullestad197416.1051.42
MS44MartinKristiansenSkånevik IL199515.3953.08
MS42Roy ÅgeBjotveitBoa Flooring198715.5053.10
MS41Bård JohansenSkånevik IL198515.3753.14
MV 60-6438HaraldMågeIF Klypetussen195417.5058.43
MV 65-69Funkløp.GisleSellevoldIF Klypetussen195122.0476.59
MS 20-22695RaphaelTorresFrankrike - Odda199614.14BROTE
MV 40-44 Svein ÅgeMikkelsenHaugesund IL1975 DNS
. .


Klassevis resultat-service på EQ-timing

IMG_0013.JPG

Barneløp i "Langs Åkrafjorden" - 19. august 2017

StartnrNamnE-namnKlubbFødt
678KavolisMourkuniene 2008
677FilipSzynklovik 2009
685VårinnHagenIL Korlevoll2006
671OthelieStave-WigeneHaugesund IL2011
670Sivert Stave-WigeneHaugesund IL2015
HannesMelkeraaen-LundalFjæra & Rullestad IL2008
Ole Melkeraaen-LundalFjæra & Rullestad IL2010
672Oda SteinslandMedhusRøldal IL2006
673Fride SteinslandMedhusRøldal IL2011
687EirunnHagenIL Korlevoll2008
Erik SamlandTendalSkånevik IL2006
Ida SamlandTendalSkånevik IL2008
RonjaVaaEtne IL2012
Henrik MarkhusKrokåEtne IL2011
NikolasKnutsenEtne IL2010
Julie MarkhusKrokåEtne IL2013
. .


Barneløp for fyrste gong - for born frå 2 til 11 år.

IMG_0028.JPG


Full innsats frå start - sjølv utan tidtaking.

IMG_0035.JPG


Dei fyrste i mål....

IMG_0104.JPG


Sjå medaljen, mamma!

IMG_0083.JPG


Søskenparet Samland Tendal iintervjuast av lokalavisa Grannar og journalist Liv Astrid Hesjedal. Måndag er det stort oppslag i lokalavisa.

Powered by Labrador CMS