Denne saka er òg publisert på Norges idrettshøgskole si nettside og er gitt att med løyve frå artikkelforfattaren
 

Anten du helst går påsketur eller stod på startstreken i Birken helga, har du kanskje tenkt tanken før. Dei andre har betre ski enn meg. Dei glir frå meg i kvar einaste nedoverbakke!

Kan dei tankane gjere at du også presterer dårlegare? Ja, viser forsøk gjort på NIH. 

Testa forskjellige rulleski

– Å vite at andre har betre utstyr kan verke veldig demotiverande. Det kan sitte i underbevisstheita. Sjølv om du ikkje tenkjer aktivt på det, så kan du gå dårlegare likevel, seier tidlegare masterstudent ved NIH, Bojan Blumenstein.

Han samla 21 aktive langrennsløparar til forsøk i hans mastergradsprosjekt. Alle fekk utdelt rulleski dei skulle teste på 45 meter sprint. Dei fekk vite at dei skulle teste ski med forskjellige rullemotstand. 

Rulleskitest1-foto-NIH.jpg
Aktive skiløparar frå WANG deltok i forsøket som blei gjort i 2020. (Foto: NIH)


Dei fekk altså vite at skia dei hadde under beina var treigare enn konkurrentane sine. I verkelegheita var alle dei tre par skia dei testa heilt like og rulla like fort.

– Det interessante var at løparane gjekk saktare når dei trudde at dei gjekk på dårlegare ski, seier Blumenstein. 

Lik skismøring i verdscupen

Utøvarane svarte også på spørreskjema etter forsøka. Der kom det også fram at dei følte dei gjekk fortare når dei gjekk på det dei blei fortalt var dei beste skia, og tilsvarande seint når dei gjekk på dei "treige" skia.

– Funna våre viser at den psykologiske effekten av at du trur du har dårlegare ski, kan gjere prestasjonen dårlegare, seier Blumenstein.

Rulleskitest2-foto-NIH.jpgForsøkspersonane fekk prøve tre par rulleski som dei fekk vite skulle rulle med ulik hastigheit (1-er, 2-er og 3-er hjul) I verkelegheita var alle like. (Foto: NIH)


Denne veka blei det for fyrste gong testa felles smøreopplegg i verdscupen i langrenn. Det same blei gjort i Hovudlandsrennet denne vinteren. 

Kanskje blir den psykologiske effekten av å tru at ein har dårlegare utstyr mindre da?

– Her var det Swix (vann anbodet, journ.merk.) som vurderte kva slags smøring som skulle bli brukt, og alle utøvarane fekk preparert skia sine likt. Om ein får til gode løysingar her kan det vere viktig både for mindre nasjonar og rekruttering, seier Thomas Losnegard, professor i skiidrett og legg til:

– Det viktigaste er at du ikkje trur at du har dårlegare ski enn konkurrentane. Når nokon har store smøreteam, vil kanskje konkurrentar tru at dei også har betre ski.

Takkar smørebua i seiersintervju

Blumenstein som sjølv er aktiv orienteringsløpar, trur resultata kan vere noko å tenkje på både for trenarar i barneidretten og blant verdas beste skiløparar.

– Det er nok mange barn som kan kjenne på at dei har dårlegare eller færre par ski enn dei dei konkurrerer mot. Det kan verke veldig demotiverande. 

Kanskje blir dei også påverka av seiersintervjua etter norske gull i VM og OL? Ofte er det smørarane og dei "fantastiske skia" som blir takka fyrst.

– Mange får nok da opplevinga av at skia alltid er viktigast. Da blir det lett for barn å tenkje at andre har betre utstyr enn seg sjølv, seier Blumenstein som nå underviser i psykologi og er trenar på WANG i Oslo.

Du kan ikkje tenkje deg betre

Han trur ein også kan trekkje paralellar til verdscupsirkuset der dei mindre nasjonane veit dei ikkje kan måle seg med Norges store smøtrailer og budsjett.

– Den psykologiske effekten kan absolutt ha negativ effekt på prestasjonen.

Studiet viste også at utøvarane som fekk vite at dei gjekk på dei raskaste skia, ikkje presterte betre.

– Det viser godt at du ikkje kan tenkje deg betre enn det du er, men heller at du kan tenkje deg dårlegare enn det du er.

Neste gong du står på startstreken eller prøvar å henge på nokon du trur har betre ski enn deg, så er det nok berre ein ting å gjere. 

Ikkje mist motet!


Bojan-Blumenstein.jpgLes heile masteroppgåva til Bojan Blumenstein:

Placebo and Nocebo in Sports: Potential Effects of Hypothetical Differences in Roll Resistance on Roller Ski Performance

Tidlegare masterstudent ved NIH Bojan Blumenstein er ved sidan av lærarjobben på WANG, aktiv orienteringsløpar og skiorienterar. (Foto: NIH)