Leon Kjelland underveis på sin 34 km mens en firbeint tilskuer foretrekker en avkjøling i sommervarmen. (Foto: Kai-Otto Melau)
Leon Kjelland underveis på sin 34 km mens en firbeint tilskuer foretrekker en avkjøling i sommervarmen. (Foto: Kai-Otto Melau)

Fullteikna Dynafit Hardangerjøkulen Ultra i strålande sol

Laurdag 12. juli arrangerte Xtremeidfjord Dynafit Hardangerjøkulen Ultra for femte gong. Løpet er ei spektakulær oppleving i unike omgjevnader rundt eller langs Hardangerjøkulen.

Publisert Sist oppdatert

Det var i år som tidlegare mange slitne og fornøgde deltakarar å finne i fjellet. Arrangøren Xtremeidfjord hadde i år 138 sprekingar frå fleire nasjonar til start. Og i år som tidlegare år var de mange kjente fjes som kom til Eidfjord for det som skulle vise seg å verte ein strabasiøs dag.

Ulikt Vestlandet så gjekk både start og målgang utan ei sky på himmelen, og solsteiken gav deltakarane endå ein ting å kjempe mot for å kome seg i mål. Men deltakarane stod på og storkosa seg i solsteiken, sjølv om meir enn ein kommenterte etter målgang at det var nå tyngre å kome seg rundt i år.

Robin Mattias Martinez Bravo var ein av dei 42 som fullførde 95 km. (Foto: Kai-Otto Melau)

Xtremeidfjord er ein frivillig organisasjon og det er lagt ned ein stor dugnadsinnsats av eit fantastisk crew. Dei frivillige i crewet gjer det mogleg å arrangere løpet og har skapt ryktet for bilde fjes, entusiastisk heiing, og god stemning.

Løpsleiar Tor Larssen Sekse vart og tipsa av fleire deltakarar om ein hyttenabo som hadde «rigga til dusj» med hageslangen og sett fram vatn til slitne og tyste deltakarar i solsteiken. Arrangøren set umåteleg stor pris på slike initiativ for å gjere opplevinga endrå meir unik, og løpsleiar såg seg saktens men nøydd til å springe ut for å dele ut litt stæsj som takk for innsatsen.

Det er ingen stor butikk å arrangere slike løp, men pengar er ikkje i fokus for foreininga. Xtremeidfjord ynskjer å setje Hardanger og Eidfjord på kartet og samtidig skapa gode opplevingar for livet for deltakarar og crew.

- Me er takksame for god hjelp frå meir og mindre lokale firma og organisasjonar som sponsar oss slik at me kan drive løpa på ein god måte. Me har også med oss Vekselbanken som hovudsponsor og tittelsponsor Dynafit / Vertical Playground som leverte klær til crew og finisher skjorter til løparane. Dette er me veldig takksame for, avsluttar løpsleiaren.

Vinnar av årets Hardangerjøkulen ultra 95K blei Even Leivestad Sverdrup med tida 12:28:20.(Foto: Kai-Otto Melau)
Dei tre beste på 95 km (frå v.): Håkon Hovland, Even Leivestad Sverdrup og Ronny Børsheim. (Foto:Xtremeidfjord)

Ultra 95 km menn - ti beste:

PlassNavnBibFinish
1Even Leivestad Sverdrup5912:28:20
2Håkon Hovland4213:11:54
3Ronny Børsheim313:21:36
4Odd Kåre Hatleskog6214:11:13
5Fredrik Fjose5214:26:57
6Gisle Njaastad214:31:46
7Ola Esten Røssum5714:53:03
8Atle Bråthen4715:26:38
9Tore Forthun715:27:27
10Lars Middelthon1115:45:22

Ultra 95 km kvinner:

Fjeremann på 34 km, Aleksander Skålevik, i fantastiske omgjevander. (Foto: Kai-Otto Melau)
Per Arne Ferner (Foto: Kai-Otto Melau)
PlassNavnBibFinish
1Tonje Wathne5415:21:07
2Eli Berentzen4815:26:39
3Ida Marie Ellingsen3517:36:30
4Ida Brødholt Kirkerud3220:43:04
5Julie Lendengen Mæhle2920:59:22
6Tea Næss3021:03:11

34 km menn - ti beste:

Pallen på 34 km for kvinner (frå v.): Anne Kvåle Bergesen, Veslemøy Rønnevik og Silje-Kathrine Syvertsen Schrødahl. (Foto:Xtremeidfjord)
PlassNavnBibFinish
1Preben Aase1953:23:09
2Henning Tjøstheim1873:26:35
3Jon Ivar M Djønne1653:48:20
4Aleksander Skålevik1893:58:41
5Olav Vikøren Espenes2004:03:44
6Arne Andre Vetrhus1734:03:44
7Rasmus Helgøy Vetrhus1764:05:21
8Leon Kjelland1144:08:21
9Per-Arne Ferner1014:22:15
10Andre Kvalem1884:24:39

34 km kvinner - ti beste:

PlassNavnBibFinish
1Veslemøy Rønnevik1344:47:21
2Anne Kvåle Bergesen1314:47:53
3Silje-Kathrine Syvertsen Schrødahl1044:50:42
4Juni Hordvik1625:04:17
5Silje Sørheim Bjøru1195:05:58
6Mia Foss Birkeland1635:28:49
7Tilde Martinsen1275:45:55
8Elizabeth Gatti1865:47:11
9Gro Tufte1796:11:51
10Mie Kastet1256:21:57

Alle resultat

Arrangørens nettsider

Powered by Labrador CMS