Therese Nordbø (til høgre) kunne glede seg over andreplass i Swiss Alps 100 etter å ha slått Corine Kageter med 1 sekund i spurten. (Foto: arrangøren)
Therese Nordbø (til høgre) kunne glede seg over andreplass i Swiss Alps 100 etter å ha slått Corine Kageter med 1 sekund i spurten. (Foto: arrangøren)

Lystbetont trening gav Therese Nordbø 2. plass i Swiss Alps 100 km

Therese Nordbø spelte handball i elitedivisjon i mange år. Etter at ho la opp, byrja ho å springe, og sist helg sprang ho inn til andreplass på 100 kilometeren i fjelløpet Swiss Alps. 33-åringen frå Tau er sin eigen trenar og spring når ho har lyst. Og det har ho ganske ofte.

Publisert Sist oppdatert

Fjelløpet i Sveits var krevjande med fire toppar på godt over 2000 meter og til saman 6200 høgdemeter å forsere. Men den største utfordringa for Therese Nordbø var varmen.

– Etter kvart vart det over 30 varmegrader, og det bidrog nok til at eg møtte veggen opp mot siste toppen. Undervegs hadde eg leia med over ein time, fortel ho da vi slår av ein prat ei lita veke etter løpet.

Men sjølv om det gjekk tungt mot slutten, gav ho aldri opp, og i mål var ho 11 minutt bak vinnaren og 1 sekund føre dama på tredjeplass. Etter mest 15 timars springing er ikkje det så mykje.

Vart det spurtduell om andreplassen?

– Eg veit ikkje om du kan kalle det spurt, for vi var ganske så slitne begge to. Men eg prøvde å auke tempoet litt, og det heldt til å sikre andreplassen, seier Therese og legg til:

– Trass i varmesmellen vart eg veldig positivt overraska over kor bra kroppen takla løpet. Allereie dagen etterpå var eg løpbar. Ikkje støl og ingen gnagsår, bortsett frå ei blemme etter sekken på magen.

På ulendte stiar

Ho må med andre ord ha gjort mykje rett i førebuingane til det lange og krevjande løpet.

– I motsetnad til mange av dei andre som meinte at stiane var tekniske og vanskelege, syntest eg at dei var heller lette å springe på. Det har nok samanheng med at eg trenar ein god del på ulendte stiar med innslag av både ur og myr. Når eg da får springe på tørre stiar, opplever eg det som lett, sjølv om det skal seiast at det dreidde seg om stiar og ikkje kjerrevegar.

Therese Nordbø hadde nok òg ein fordel av at ho er van med å springe mykje. Sjølv om dei lengste treningsturane ikkje er på meir enn 3 mil, gjer ho vanlegvis unna mellom 150 og 170 kilometer i veka. Ein god del av dette går føre seg i terrenget der kvar kilometer tek ein god del lengre tid enn på flat asfalt. Eller på tredemølle, som er eit anna favorittunderlag for Therese.

– Vanlegvis spring eg 10 km på 45-50 minutt på mølle kvar morgon. Eg spring òg terskeløktene på mølle, og har vanlegvis tre eller fire slike i veka. Det kan vera i form av dobbel terskel tysdag og torsdag eller enkeltøkter tysdag, torsdag og laurdag.

Therese fortel at terskeløktene vanlegvis er på 10-12 kilometer, og at ho føretrekk lange drag.

– Eg likar mykje betre å springe få og lange drag enn mange og korte. For meg er det psykisk mykje lettare å springe 4-5 x 8 minutt enn 10-12 x 1000 m, fortel ho og legg til at grunnen til at ho spring terskeløktene på mølle, er at det er lettare å halde farten nede der.

Therese-Nodboe-Chamonix-IMG_6635.jpg

Therese Nordbø trivst når ho får luft under vengane, som her i Chamonix. (Foto: privat)

Eigenverdi

– Eg er vorten så gammal at eg gjer det eg likar best. Eg køyrer ikkje harde intervallar lenger. Det gjorde vi da eg trena handball, mens no går kvalitetsøktene i maratonfart, fortel Therese som byrja løpskarriera si med maratontrening med Ingrid Kristiansen som rådgjevar.

– Det var kjekt det, men etter at eg ganske fort klarte målet mitt om ei tid under 3 timar, så vart eg meir gira på å springe i naturen. Det er heller ikkje naudsynt med konkurransar eller tidsmål for å trigge meg. For meg har treninga så stor eigenverdi at den på ein måte er målet, seier Therese som likevel medgir at det gode resultatet i Sveits freistar henne til å bli med på fleire terrengultraløp.

– Det er fint å kombinere ferie med å delta i løp, og eg har litt lyst til å reise til Madeira og vera med på fjelløp der. Sjølv om eg ikkje er heilt ung lenger, så såg eg i Sveits at mange av dei beste ultraløparane er eldre enn meg, så slik sett kan eg ha mange gode år framføre meg.

Sleviktoppen-IMG_8018.jpg


Å springe til lokale toppar, som Selvikstakken ikkje så langt frå Sandnes, har òg stor verdi. (Foto: privat)

Nullstiller alt

– Kva er det likar så godt med å springe?

– Det er ei blanding av det å vera sosial og å få reinsa opp i hovud, kropp og sjel. Du berre nullstiller alt og kosar deg. Det er ingenting anna som betyr noko der og da enn det å setje den eine foten framføre den andre, og det å springe gir meg noko ekstra som eg ikkje får elles. Og det aller beste er å springe i fjellet, gjerne saman med andre. På Tau har det vorte stadig fleire som likar å springe langt i terrenget, så det er alltid råd å få selskap, seier Therese som òg bruker å vera guide under løp for blinde Eline Øidvin som òg bur på Tau.

– I haust skal eg vera guide for Eline sin venn, Andreas, i New York Marathon.

Så blir det nok enda meir kuperte trasear for fjellglade og formsterke Therese etter kvart. Treningsfilosofien sin summerer ho opp slik:

– Det er ikkje noko hokus pokus. Eg gjer det som er kjekt. Når ein samstundes kan gjera noko som er gøy og som gir resultat, så er ikkje noko betre enn det.

Therese-Nordboe-Courmayeur-IMG_6337.jpg

Courmayeur i Nord-Italia er eit anna favorittområde.


Resultat Swiss Alps

I tillegg til Therese Nordbø sprang Gunnhild Sørås veldig bra og vart nummer seks på 100 kilometeren:

Kvinner 100 km
1.Kerstin DUSCHSUI14:46:41
2.Therese NORDBØNOR14:57:15
3.Corine KAGERERSUI14:57:16
4.Amelia VOICEGBR17:50:02
5.Sandrine BODENMANNSUI18:16:19
6.Gunnhild SØRÅSNOR18:17:17
7.Mélanie SONFRA18:49:43
8.Maja MENEGHINSUI19:00:57
9.Simona VAREIKAITEISL19:32:12
10.Rachel STUDERSUI19:36:04


Alle resultat

Therese-Nordboe-Wings-of-Life-IMG_2035.jpg


To gonger har Therese Nordbø vunne Wings of Life der det handlar om å springe lengst mogleg før ein blir henta inn av følgjebilen. (Foto: privat)


Therese Nordbø

Alder: 33 år
Bustad: Tau i Rogaland
Sivil status: Singel
Yrke/studier: Utdanna petroleumsingeniør, jobbar som CTO i Westcontrol
Klubb: Fiskå IF
Trenar: Sin eigen
Idrett: Langdistansespringing og litt mosjonshandball (tidlegare elitedivsjonshandball for Sola)
Persar: 2.57.04 på maraton (Berlin 2017), 1.24.05 på halvmaraton (Stavanger 2017)
Meritter: To 1. plassar på halvmaraton i Stavanger Maraton, to 1. plassar i Wings of Life, to 1. plassar i Strandamila og 2. plass i Swiss Alps 100 km

Therese-Nordboe-Preikestolen-IMG_1020.jpg

På toppen av Preikestolen kan ein kjenne seg liten og stor på same tid. (Foto: privat)

Powered by Labrador CMS