Skeiserenn
"Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du kan ikkje fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.

Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg, glid ifrå deg - 
Snart er han heile runden fyre.

Det kjennest litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!

Og du fell inn i di eigi takt
og kappskrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera".

Olav H. Hauge

Ja, slik er både idrettsgallaer, ferie- og seriestemner. Folk med ulikt talent, ulikt treningsgrunnlag, og ulik motivasjon. Var det berre topputøvarar som stilte opp, ville det ha vorte særs tynt i rekkjene.... Og med alle aldersgrupper, mor far og ungar på same stemne, vert det sannsynlegvis god atmosfære.

God atmosfære, mange ungar, men plass til mange, mange fleire vaksne
Strålande ver, veldig imøtekomande arrangører og kjempeforhold for løp, og brukbare prestasjonar. På 3000 m stilte sju menn og éi dame. Maryna Novik er ei konkurranseglad dame som deltek "over alt". 3000 m i sololøp utan drahjelp. 10.05.63 var den ambisiøse 36-åringen ikkje heilt nøgd med. 6 sekund bak utepersen, og 10 sekund bak beste 3000 m innandørs. Neste utfordring er 5000 m under "Boysen Memorial" torsdag 6. juli på Bislett. 

Jonny Kibsgaard låg lenge på andreplass bak sin Gular-kompis Lars-Olav Måkestad Apold som dro feltet ein del runder i sola. Til slutt vart Jonny klårt best i mål på tida 9.12.78.

Fyrste gong denne lokale kondisredaktøren vart kjend med Jonny Kibsgaard frå Odda, var i 2003. Då vart han nr. 3 i "Langs Åkrafjorden" i Etne, nr. 3 også påfølgande år, og nr. 2 i 2005, kvart år på betre tid. No, heile 13 år seinare - og snart 40 - er han framleis veldig god. 

Men tre år eldre Kjetil Monstad frå Osterøy IL imponerte kanskje aller mest med nest beste tid, 9.18.53. Kjetil Monstad er eit nytt og særs hyggeleg bekjentskap. Etter stemnet - og ein halvtimes bading i fjorden - var me fire personar som benka oss til felles middag på kaien inne i Ulvik sentrum. Veldig triveleg arena til å utveksla røynsle frå idrettsbana, og bli kjend.

3000 m:
Kvinner 35 - 39:  1. Maryna Novik,                IF Klypetussen    10.05.63

G-16:             1. Bård Olav Steinsland Medhus  Røldal IL          9.52.89 (!)

MS:               1. Jonny Kibsgaard               IL Gular          9.12.78
                  2. Lars-Olav Måkestad Apold      IL Gular          9.20.91
                  3. Ken Tony Johansen             IL Gular          9.24.50
                  4. Johannes Thomsen              Stord IL          9.26.99

M 40-44:          1. Kjetil Monstad                Osterøy IL        9.18.53
                  2. Øystein Hanstveit             Mjøsdalen IL     10.52.85



Storfin vitjing frå Belgia
Sandra Stals og Kjell Provost søkte på nettet om det var eit stemne i den retninga dei skulle på ferie (til Tyin). Dei hadde med seg dottera Sterre, som på grunn av ein fotskade ikkje hadde fått trent på seks veker. Mora fortalte på spørsmål frå Kondis at ho sjølv hadde sprunge 800 m på 1.58,31 som er gjeldande belgisk rekord.

Ho var godt orientert om Ingvill Måkestad Bowim, og at ho kom frå dette distriktet (Odda). Det er Ingvill som har den norske rekorden (1.59.82). På oppfølgjingsspørsmål fortalde ho at ho hadde 52.22 på 400 m. Ho meinte den norske rekorden var litt betre enn ho sjølv hadde. Og det stemmer jo - Amalie Iuel har 51.81.

Ektemannen Kjell var ikkje stort dårlegare i sin aktive karriere, 45.88 på 400 m. I Ulvik prøvde han seg på 100 m (12.10) i klasse 40 - 44.

Dotter deira, Sterre (stjerne på belgisk), var heilt suverén på 600 m. Med 1.49.79 - berre 11 år! - var ho raskast av samtlege, eldre gutar medrekna. Med slike gener er kanskje ikkje det så rart....


IMG_0280.JPG
Flott stadion i flott natur

IMG_0298.JPG
Ulvik IL har flott stadion og gode mogelegheiter

IMG_0337.JPG
Maryna Novik i yngste veteranklasse i fint driv på 3000 m

IMG_0353.JPG
På Osterøy er det to store klubbar som driv godt: Osterøy IL (i raudt) og Mjøsdalen IL (i blått) Kjetil Monstad og Øystein Hanstveit - to gode veteranar

IMG_0346.JPG
Bård Olav Steinsland Medhus, Røldal IL sin gode 16-åring

IMG_0364.JPG
Sommarstemne i Ulvik, kjekt å ha med familien. Her familien Måkestad Apold med åtte månader gamle Sindre som midtpunkt

IMG_0406.JPG
Og så var det mange flotte fighter blant ungane - og dei var det flest av

IMG_0355.JPG
Mor Sandra hjelper dottera Sterre før den knallsterke 600 m i 11-årsklassen

IMG_0398.JPG
Dei les sjølvsagt kondis.no i Belgia óg, så far Provost får også vera med på reportasjen

IMG_0373.JPG
I alle dage...? Ein lengdehoppar frå IK Tjalve i ein kondis.no reportasje? Ja, slike som Marius Bull Hjeltnes er viktige for alle arrangører. Han er nemleg frå Ulvik. Han kom heim, hoppa fyrst lengde (ikkje med i resultatlista...?) på 7.03 m, så 100 m på 11.19, for å avslutta med 200 m på heimebane på 22.72. Heia Marius!

Alle foto: Gisle Sellevold/Kondis

Meir om Ulvik: Perla i Hardanger". Heradet (kommunen) har alt:
Nest største fruktkommunen i i Hordaland, Olav H. Hauge-senteret, Rallarvegen og Finse 1222, kunsthandverk, Hjeltnes gartnarskule, og våtmarksområdet med fuglekikartårn.

Stadion på Holmen ligg vakkert til med badestrand 25 m frå stadion. Kvasshovden Opp er motbakkeløpet Ulvik IL skipar til kvart år. Her var det NM motbakke i 2017. 
 

Resultata frå løpa i Ulvikaleikane finn du her


Osamannen

"Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa
ut til Øydvinstó.
Og han var raust
og baud betal.

Men Osamannen
var ikkje fal:

Eg vil betala;
kan ikkje nå deg
med ei beine att.

So gjer ein annan mann
ei beine då,
sa Osamannen,
og skauv ifrå."


Olav H. Hauge