Dagen starta med minusgrader og Stordalsvatnet var blikkstille så langt me kunne sjå.  Utover dagen kom sola opp over snødekte fjelltoppar, før ho varmde såpass bra at Etne vart ein av dei varmaste i landet denne siste påskedagen. Alt var perfekt tilrettelagt for dei beste løpsforholda i dette 1260 m lange gateløpet på Frette. 

Dei minste sprang dei siste 450 m av hovedløpet. 4 jenter kom på rekke og rad inn i mål, og fekk sine velfortjente medaljar etterpå. 

Når dei største skulle springa var det jo litt spenning på kven som ville koma først over mål. Det er lett å starta for hardt i den flate traseen før det er ein liten motbakke halvvegs. Det var fleire duellar undervegs, m.a. far og son Løhaugen, der minstemann etter ein rask start klarte å halda unna for far Ørjan. 
Dei to beste herreløparane kjempa tappert på slutten, og fekk pressa tida ned etter ein knallhard spurt. Tor Arne Sandvik frå arrangørklubben drog det lengste strået. 

Men dei som imponerte aller mest var dei unge jentene frå Haugesund IL, som sprang frå alle andre. Dei drog ifrå resten av løparane heilt frå start, og kom i mål på tider som fører dei høgt opp på adelskalenderen. Linnea H. Fjelldalselv kom i mål kun 20 sek bak løyperekorden til Vilde Våge Henriksen, og har med det den 4. beste tida i løpet av damene. 
Med løpskafe og premieutdeling så vart det var ein strålande flott dag å avslutta påskehøgtida på.

Bilde_5.jpg
Vinnarane av dameklassen - Tiril Børø Opsøen (nr 2), Linnea H. Fjelldalselv (nr 1), Ingrid Frøyland (nr 3).

Resultater konkurranseklasse:

Kvinner 1. Linnea H. Fjelldalselv Haugesund IL 4.19 min
  2. Tiril Børø Opsøen Haugesund IL 4.23 min
  3. Ingrid Frøyland Haugesund IL 4.32 min
         
Menn 1. Tor Arne Sandvik IF Klypetussen 4.43 min
  2. Magne Berge IF Klypetussen 4.44 min
  3. Johannes S. Løhaugen Etne IL 5.03 min
  4. Ørjan Løhaugen IF Klypetussen 5.11 min
  5. Svein Egil Sørland Haugesund IL 6.17 min
  6. Harald Måge IF Klypetussen 6.32 min
  7. Olav Samland IF Klypetussen 6.42 min
  8. Olav Svendsen IF Klypetussen 7.26 min
  9. Gisle Sellevold IF Klypetussen 8.09 min

Bilde_6.jpg
Vinnar av herreklassen, Tor Arne Sandvik.

Bilde_1.jpg
Klare for 450 m i barneløpet.  -  Julie Markhus Krokå, Lilly H. Fjelldalselv, Liv Frøyland og Thea Langelid.

Bilde_2.jpg
HIL-jentene er klare til start på Bjørkeklubben Over - Tiril Børø Opsøen (60), Ingrid Frøyland (59), Linnea H. Fjelldalselv (61).

Bilde_7.jpg
Kjekt at så mange av deltakarane tok turen frå Haugesund. Her er Svein Egil Sørland ferdig med sine 1260 m.

Bjørkeklubben Over - bestetider:

Damer:

1. Vilde Våge Henriksen Haugesund IL 3.59 min 2018
2. Miriam Berg Hovda Haugesund IL 4.08 min 2004
3. Maryna  Novik IF Klypetussen 4.17 min 2018
4. Linnea H. Fjelldalselv Haugesund IL 4.19 min 2024
5. Kristine Alne Haugesund IL 4.21 min 2019
6. Tiril Børø  Opsøen Haugesund IL 4.23 min 2024
7. Eira Vikse Austad Haugesund IL 4.25 min 2015
8. Barbro Ramstad Haugesund IL 4.28 min 2003
9. Britt Randi Stokkevåg IF Klypetussen 4.31 min 1989
10. Ingrid  Frøyland Haugesund IL 4.32 min 2024
11. Elin  Rame IF Klypetussen 4.35 min 1988
12. Oliv Enge IF Klypetussen 4.37 min 1988
12. Victoria  Lindgren Haugesund IL 4.37 min 2019
14. Hedda  Opsøen Haugesund IL 4.38 min 2019
15. Kristine G.  Fatland IF Klypetussen 4.45 min 1994
16. Elisabeth Matre Skånevik IL 4.57 min 1996
17. Jorid Myrset IF Klypetussen 4.58 min 1993
18. Minda Hegerland IF Klypetussen 5.00 min 1990

Herrer:

1. Johannes Alne Ås IL 3.28 min 2001
2. Kjetil  Eidhammer Sveio IL 3.32 min 1990
3. Knut Erik Rame IF Klypetussen 3.33 min 1990
4. Olav Samland IF Klypetussen 3.34 min 1990
5. Tedros  Haile Haugesund IL 3.36 min 2018
6. Tom Erik  Karlsen Ølen Vid.g. skule 3.37 min 2022
7. Terje Aggvin IL Gular 3.39 min 2014
8. Andreas Aune Etne IL 3.40 min 1992
8. Terje Håland IF Klypetussen 3.40 min 1992
10. Per Rune Kolås IF Klypetussen 3.41 min 1994
11. Trond Olav Halvorsen Haugesund IL 3.44 min 2018
12. Jon Molnes Etne IL 3.46 min 1987
12. Geir Gjerde Vindafjord IL 3.46 min 1991
14. Erik  Rullestad Haugesund IL 3.47 min 2013
15. Johannes  Heien IL Ternen 3.48 min 2022
16. Torbjørn Reiso IF Klypetussen 3.59 min 2022