Tre blide kvinner på Vinterkarusellen på kvinnedagen 8. mars 2022. F.v. Anne Fredheim Magnussen, Anne Christin Børsheim og Elisabeth Fosse.
Tre blide kvinner på Vinterkarusellen på kvinnedagen 8. mars 2022. F.v. Anne Fredheim Magnussen, Anne Christin Børsheim og Elisabeth Fosse.

Vellukka avslutning på årets sesong i Vinterkarusellen i Strandebarm

Denne sesongen klarte ein å arrangere seks av dei åtte løpa i Strandebarm Vinterkarusell. Om lag hundre personar har delteke på årets karusell.

Publisert Sist oppdatert

Det var opplett og klart ver då sesongens siste løp vart avvikla. Som vanleg var det med folk i alle aldrar og det var god innsats frå alle. Løypa har vore uforandra i fleire år, med start og mål på Idrettsparken. Vendinga skjer på Midtre Børsheim åvom Strandebarmheimen. Der er ein akkurat halvvegs på den 4 km lange løypa.

Etter siste løpet har det vore vanleg å ha avslutningssermoni på skulen. Denne var forenkla i år, og deltakarmedaljane vart delte ut rett etter målgang. Alle som har delteke, fekk medalje. Det var også mange premiar elles som var trekte blant dei som har vore med på årets karusell. Hovudpremien på kr. 2000,- til bruk på Mo Sport vart vunnen av Evita Lillefosse, som har vore med på dei fleste av sesongens løp. Håkon Myklebust Skjelnes frå Rosendal kom fyrst i mål. Han har vore fyrste mann på mange av sesongens løp. Tida denne kvelden vart 14,18. Neste mann var Ove Måge. Amalie Svåsand Måge og pappa Lars sprang ilag, og var dei neste inne. Like etter kom Torild Kveberg. Etter henne kom Monica Rinde Oma, som nok sette ny personleg rekord denne kvelden med den gode tida 18,50.

Denne sesongen klarte ein å arrangere seks av dei åtte løpa. Om lag hundre personar har delteke på årets karusell. Deltakinga pr. løp har vore på om lag femti personar. Arrangøren takkar alle som har delteke på årets karusell. Ein er særs glad for dei som møter fram også frå andre bygder og - kommunar, og me takkar sponsorar og støttespelarar. Takk skal de ha, alle!

Neste arrangement frå Friidrettsgruppa vert seriestemne i fyrste del av mai.

Løp 8. 8.mars 2022. Resultat:

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Liv SigridAlmås35
RenateBakkely31,04
TorunnBaldersheim30,24
Olai NesbøBang36,3
Bjørn OveBerge34
KaiaBerge30,44
Karl ErikBerge19,51
Kjell EgilBerge33,14
ThomasBerge33,14
Anne ChristinBørsheim24,41
Liv Berit BruEide22,04
Eskil GEliassen23,27
Filip Fernand GEliassen24,26
ElisabethFosse24,1
Kitty Marie HåbrekkeFosse29,22
MagneFosse31,1
Tor HenrikFosse29,22
AnneFredheim41,14
Ludvig BakkelyFugleberg31,04
Kristi LutroGjerde30,13
LarsGjerde30,13
Lars LutroGjerde22,21
TonjeGravdal24,03
GretheHjertaker39,48
OddvarHjertaker21,24
MarianneHåbrekke40
TorildKveberg18,13
TuridLid31,28
ArthurLillefosse26,22
Anne GreteLunde40
TorunnLutro22,21
Benjamin StaveMjåtvedt22,17
AdrianMundheim36,3
LisaMundheim20,48
Ann KristinMykkeltvedt34
IreneMyrvold21,21
Amalie SvåsandMåge18,04
LarsMåge18,04
OveMåge16,35
LivNernæs39,48
MonicaOma18,5
FranzSekanina24,01
Håkon MyklebustSkjelnes14,18
BodilStranden29,02
JohnSvahn21,49
ElisabethSvåsand26,19
SiljeSvåsand39,47
ArvidTangerås22,55
IreneTangerås23,18
AlvhildTveitnes44,08
Powered by Labrador CMS