Rapport frå arrangøren

Robert Hisdal var først i mål av halvmaratonløparane med 1.24.51. I kvinneklassen vann Ingrid Revheim med 1.34.11. Stafetten blei ein hard fight mellom Osterøys unggutar i skigruppa og den meir eldre garde av langdistanseløparar i klubben. På siste etappe trakk dei eldste det lengste strået med tida 1.16.59.    

Robert Hisdal har 1.18 frå København i haust, så tidsdifferansen fortel litt om den tøffe løypa. Eirik Mjelde frå Osterøy IL hang på ei stund, men på dei siste rundane låg Robert åleine og kjempa med klokka. Eirik kom inn på 1.28.23, medan Vareggs gode veteran Tore Klanderud kom sterkt mot slutten og fekk 1.30.18.

26-årige Ingrid Revheim debuterte på heilmaraton i Oslo i september med tida 3 timar og 18 minutt. Då hadde ho ikkje sprunge over 20 km før. No gjekk halvmaraton unna på 1.34.11. Mjøsdalens Victoria Mjelde Hanstveit drog ifrå Mona Tyssøy frå Haugesund mot slutten og kapra andre plassen i mål. For Mona var dette hennar 45. halvmaraton.  

Dei utan tidtaking starta to timar før, så først av alle over målstreken kom Christine Kallekleiv Nilsen (25). Etter fire hofteoperasjonar sette ho seg mål om å fullføra 21,1 tøffe km, og imponerande nok klarte ho å jogga heile vegen.

10 lag deltok i halvmaratonstafetten, der frå to til åtte løparar kan springa. Her imponerte Team Joensen, Espen og systera Amalie Joensen, med å springa klokkejamt annakvar runde. Tida vart 1.20.35 noko som heldt til 3. plass. Pokalen til beste bedriftslag gjekk i år som i fjor til elektrikarane i Thunestvedt.          

Trass i regnfulle forhold var det eit utruleg kjekt løp for oss arrangørar i Osterøy IL Friidrettsgruppa, men 21 deltakarar på halvmaraton er sjølvsagt langt færre enn det me ønskjer oss. Truleg må me gjera nokre grep til neste år. Me tek absolutt imot kreative forslag til korleis auka oppslutnaden om løpet.

Brakvatnet2.jpg
Magnus Thunestvedt AS først i bedriftsstafetten på tida 1,33,23. I lagsstafetten var Osterøy IL Team Batti først med 1,16,59 føre Osterøy IL Skigruppa på 1,18,32. Foto : Arrangøren

Brakvatnet3.jpg
Vinnarane Ingrid Revheim og Robert Hisdal vann m.a. kvar sin joggesko frå Sport 1. Foto : Arrangøren

Brakvatnet4.jpg
Barneløpet klar til start. Foto : Arrangøren

Brakvatnet5.jpg
Stafettlaget til Osterøy IL Team Ungdom. Foto : Arrangøren

Resultater stafett topp 5
1 Osterøy IL Friidrettsgruppa (Team Batti) Osterøy IL 490 1:16:59.0 
2 Osterøy IL Skigruppa Osterøy IL 485 1:18:32.0 
3 Team Joensen 497 1:20:35.0 
4 Mjøsdalen Mjøsdalen IL 491 1:32:33.0 
5 Magnus Thunestvedt As 495 1:33:23.0 

Resultater halvmaraton topp 3 kvinner
1 Ingrid Revheim 156 1:34:11.0
2 Victoria Mjelde Hanstveit Mjøsdalen IL 157 1:56:17.0 
3 Mona Tyssøy 160 1:58:52.0 

Resultater halvmaraton topp 3 herrer
1 Robert Hisdal 151 1:24:51.0 
2 Eirik Mjelde Osterøy IL 154 1:28:23.0 
3 Tore Klanderud Varegg Fleridrett 164 1:30:18.0

Alle resultater Brakvatn halvmaraton