I år som i fjor vart det sprunge raskt i den krevjande 53 km lange løypa  mellom Førde og Rivedal, ein trasé som består av 13 km grus, 20 km asfalt og 20 km terreng. Samla høgdemeter er om lag 2 000. Vinnartida blant herrane var 5 timar og 20 minutt, medan raskaste kvinne berre var minuttet bak. Målfrid Hermansen sprang inn til siger på 5 timar og 21 minutt og slo dermed sin gamle løyperekord med eitt minutt. Dei siste i mål brukte 13 timar og 45 minutt.

ESU3.jpg
Det var godt å komme i mål på en varm dag. (Foto: Oddveig Lyngstad)

I fjor kom 88 deltakarar i mål. Den gongen var Enivest Sunnfjord Ultra eit kjærkome høve for mange til å få springe med startnummer på brystet, sidan så godt som alle løp var avlyste. I år blir det heldigvis arrangert mange løp i konkurranse med Enivest Sunnfjord Ultra, så alt i alt meiner arrangøren av løpet har fått fleire og ikkje færre deltakarar i år enn i fjor.

Tre løparar braut i år, slik at talet fullførande hamna på 42. Det vanka premiar til dei tre beste blant kvinner og menn, og alle fekk deltakarmedalje og fullførar-t-skjorte. I mål var det stor stemning og servering av mat og drikke i regi av Rivedal bygdelag, som òg tilbydde aktivitetar som rebusløp for dei som venta på at løparane skulle kome i mål.

Resultatlista ligg ved nedenfor. Talet i parentes framfor namnet viser kva startnummer løparen hadde. Årets vinnar på herresida er Lars Øvrebø. Han vart nummer tre i fjor, og brukte eit kvarter lenger tid i år. På andre plass finn vi løpets eldste deltakar, Jens Ole Årdal. Han er 61 år og sette ny løypepers med 13 minutt. Tore Hammerø tok tredjeplassen.

ESU2.jpg
Herrenes premiepall. (Foto: Oddveig Lyngstad)

Målfrid Hermansen vann for andre gong på rad. På andre plass finn vi Julie Vollum Bø. Ho sprang løpet for første gong i år. Ida Tidemand Slorafoss hamna på tredjeplass i sitt andre forsøk i denne løypa.

ESU5.jpg
Kvinnenes premiepall, med Målfrid Hermansen på topp. (Foto: Oddveig Lyngstad)

Enivest Sunnfjord Ultra er eit arrangement som legg vekt på at samhald og idrettsglede. Det skal vere låg terskel for å delta og det skal koste lite å vere med. For å få det til, er arrangøren heilt avhengig av bidrag frå sponsorar. Hovudsponsoren Enivest bidreg kraftig, saman med anna lokalt næringsliv, slik at løpet har fått utvikle seg i ein endå meir profesjonell retning dette året.
 

Resultater herrer

Plass Navn Klubb Tid
1 (34) ØVREBØ, LARS Jølster IL friidrett 05:20:45
2 (57) ÅRDAL, JENS OLE Jølster 05:35:00
3 (45) HAMMERØ, TORE   05:59:00
4 (32) TAUGBØL, MARIUS   06:00:51
5 (09) DINGSØYR, SVERRE NESSE IL Høyang 06:01:37
6 (47) NOREVIK, ROBERT Norevik Terrengløparlaug 06:01:37
7 (36) KIRKEEIDE , GISLE JORDANGER   06:09:50
8 (48) OS, TORBJØRN Amalie i mitt hjerte 06:12:20
9 (41) ERIKSTAD , NILS TORE Guttegymmen 06:13:28
10 (55) FOLKVORD , PÅL Bergen kommunes idrettslag BIL 06:29:01
11 (37) BERGER, CATO   06:32:58
12 (40) SLETTESKOG, JON Haugesund Triatlonklubb 06:33:53
13 (27) REED, BJARTE Førde CK 06:40:53
14 (29) KVAMMEN, RAYMOND No team 06:46:11
15 (35) RISKA, SVEIN KJETIL Gti Friidrettsklubb 06:47:29
16 (51) KOLSTAD, MARTIN   06:53:56
17 (52) GUNDERSEN, BJØRNAR   06:53:56
18 (03) SYVERSEN, VEGARD VEGSUND Førde CK 07:02:00
19 (49) KOZMA, JANOS   07:24:30
20 (42) HORNNES, ATLE KRISTIAN DAHLGREN Førde Langlaufen 07:24:42
20 (43) HAUKELAND, BJØRN   07:24:42
22 (18) FJØRSTAD, THOMAS Bouvet 07:25:00
23 (58) NORDEIDE, EIVIND Mandag IK 07:37:09
23 (60) FRØHOLM, EIRIK IL Fri 07:37:09
25 (05) BUKKØY, JOACHIM FAGERLI   08:21:00
26 (53) ÅDNANES , KJELL ARNE   08:36:27
27 (10) EIDE, JARL EVEN Stryn 08:38:36
28 (50) EINEVOLL, MARTIN   08:52:00
29 (46) AAMODT, ODDBJØRN Bryne Triatlonklubb 11:01:13
30 (08) REED, EDVARD Førde CK 11:43:00
31 (24) TISTHAMAR , ANDRE Førde CK 11:43:00
32 (02) NYGÅRD, TOR EIRIK   12:02:04
33 (13) VINDHEIM, RUNE Førde CK 13:45:04
  (16) SELVIK , TORMOD Kvammen DNF
  (33) TANGEDAL, KIM Kjeks DNF
  (25) TJØNNELAND , IDAR Førde IL DNS
  (26) HAUG, ANDREAS Kvammen IL DNS
  (30) ÅRDAL, ROLF   DNS
  (31) VASSLIÅS, ASLE VIDAR Førde IL DNS
  (38) STRAUME, THOMAS   DNS
  (39) DIETRICHSON, FREDRIK LUHR Morgonrode DNS
  (01) LYNGSTAD, TERJE Jølster IL DNS
  (20) MUNKVOLD, IBEN Banan DNS
  (22) KRÅKENES, HILMAR Almenning IL DNS
  (23) OPPEDAL, ØYVIND GAUSVIK Førde IL Friidrett DNS
  (14) LINDER, CHRISTIAN Dirtbag runners DNS
  (15) SKAUGE, FRODE CK Sotra DNS
  (06) REED, MATHIAS LOE Førde CK DNS
  (07) KRÅKENES, HEROLD Koksøy DNS
       

 

Resultater Damer

Plass Navn Klubb Tid
1 (59) HERMANSEN, MÅLFRID   05:21:00
2 (44) , JULIE VOLLUM   06:34:07
3 (21) SLORAFOSS, IDA   06:34:36
4 (12) RAAEN, TONE   06:36:09
5 (56) LEIKVOLL, EDNA KARIN BOGE   06:44:40
6 (11) VÅGENE, LINA   07:48:51
7 (04) BERGSET, MALIN FRØYEN   08:21:00
8 (61) BY, EVA   09:39:31
9 (54) DRAL, MYRNA   13:45:04
  (28) JÅSUND , BEATE   DNF
  (17) SOLSVIK , KAROLINE   DNS
  (19) DVERGSDAL, SYNNØVE   DNS
       

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957