PRESSEMELDING BRUVIKNIPA OPP

Dei fleste stiller i turklassen, men det plar også vera høgt nivå i konkurranseklassen. 

I fjor vann Andreas Søfteland og Caroline Angeltveit. Elise Vikne frå Bruvik og arrangørklubben Osterøy har løyperekorden på 39.59. Ketil Monsen er raskaste mann opp på 34.59. Begge sterke prestasjonar.

Starten går frå kaien på Bruvik, følgjer gamlevegen opp dalen og tek deretter strake vegen rett på Brøknipa. Løypelengda er 4 km, og løypa stig 818 meter. Mesteparten er på gras/sti eller fjellsti. Sjølv om det er bratt somme stader, er det ingen farlege parti. 

Sigerspallen i herreklassen. Frå venstre Mats Mollandsøy (nr. 3), Andreas Søfteland nr 1. og Ørjan Nilsen (nr. 2).
Topp 3 i Bruviknipa Opp 2016. Foto: Arrangøren

Konkurranseklasse med tidtaking.  Nedre aldersgrense i klasse med tidtaking er 15 år (d.v.s. f. 2002).

Start:
Kaien på Bruvik
Tur utan tid:  kl 10.00 - 12.00
Trim/mosjon med tid: kl 13.00

Startkontingent:
kr. 50,- pr. deltakar utan tidtaking
kr. 150,- familie
kr. 150,- pr. deltakar med tidtaking som har lisens  (kr. 180,- pr. deltakar som ikkje har lisens). Ikkje krav til sekk i 2017.

Kto for innbetaling som kan nyttast er friidrettsgruppa sin konto  3632.54.62064.  Det kan og betalast kontant ved påmelding stevnedagen.

Les mer om Bruviknipa Opp på Osterøy sin hjemmeside

Kondisreportasjer Bruviknipa Opp
2016 : Anderas Søfteland og Caroline Angeltveit vann Bruviknipa Opp