Andre pinsedag, 10. juni er det igjen klart for folkefest i Ølmedal. Mosjonsløpet Ølmedal Rundt vert arrangert for 32. gong på rad, og trekkjer 700 – 900  trimmarar og aktive løparar.

Sjur Røthe.jpg- Me er så heldige at me får med oss ein verdsmeister i langrenn, seier Lars Olav Larsen frå arrangørklubben.  - Sjur Røte, som vann sitt første individuelle VM-gull på 30-kilometeren i Seefeld i 2019, skal delta i løpet, samt vera med og setja ei fin ramme rundt dagen, seier Larsen.  

Skarp konkurranse
I fjor stilte 137 løparar til start i aktiv klasse. Ørjan Grønnevik, Spirit Stavanger FIK, vann herreklassen på tida 20.42  og Vienna Søyland Dahle, Skjalg IL, vann dameklassen på tida 23.41. Urige Buhta har løyperekorden, som er på 19.24. 

Kondis.no: 
Ørjan Grønnevig og Vienna Dahle vant Ølmedal Rundt

Aldersbestemte klasseinndelingar
-Me prøve å fornya oss litt i år. Me innfører nye årsklassar for 13/14 år og 15/16 år med eiga premiering. Og då håpar me sjølsagt på at mange ungdommar stiller på startstreken - både gutar og jenter, sier Lars Olav Larsen.

Folketalet i Imsland blir tredobla under arrangementet, og i start/ mål-området er det liv og røre heile dagen. Dei fleste deltakarane går eller syklar den 7 km lange løypa og avsluttar gjerne turen med grillmat og dessert frå kortreist og tradisjonell kakebuffet på Imsland bygdahus. 

Løype i vakker natur
Den 7 km lange løypa er asfaltert og lett kupert og går rundt idylliske Ølmedalsvatnet. Traseen er godt egna både for løparar, mosjonistar , rullestolbrukarar og barnevogner. 

Barneløp
Dei seinare åra har det og vorte avvikla barneløp under Ølmedal Rundt-arrangementet. – Barneløpet med om lag 100 deltakarar har vorte ein populær tradisjon, seier Lars Olav Larsen.

- Det er ein flott opplevelse for borna å springe ut frå startstreken rett etter hovedløpet, då det står tett med publikum langs løypa og heiar dei av garde. Alle som deltek i barneløpet vert premiert med medalje, avsluttar Larsen. 

Se fakte aom løpet på:
Arrangørens heimeside
Facebook

IMG_20180521_151840_resized_20180522_094722470.jpg
Pallen i fjorårets løp med Tedros Heile, Ørjan Grønnevig og Morten Gjendem. (Foto: Arrangøren, Turid Kristine Rønnevik)

IMG_20180521_150842_resized_20180522_094727239.jpg
Pallen i kvinneklassen i fjorårets løp med Sara Unger, Vienna Søylans Dahle og Maryna Novik. (Foto: Arrangøren, Turid Kristine Rønnevik)