Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, med røter i Balestrand, knuste den gamle rekorden til Geir Steig frå 2019 på 40.19. Øyvind som er son til løpsleiar Trond Sundby, sprang på 38.33.

Det var eit sterkt felt i herreklassa der òg nummer to, Asbjørn Slagtern Fjellvåg, og nummer tre, Vegard Holsen, kom i mål under den gamle løyperekorden. At så mange forbedra tida si, skuldast også lettare sekkar ettersom det i år ikkje var vektkrav til sekken, berre krav til innhold. 

Då eg deltok i 2018, var det krav om sekk som måtte vege minst 2,0 kg. Då eg i år pakka sekken min med det utstyret eg skulle ha i den, var vekta totalt 0,9 kg. Andre eg snakka med hadde fått vekta ned i 0,7 kg og hevda at dette nok kunne utgjere meir enn eitt minutt på sluttida.

Det vart også ny løyperekord i dameklassa då Annie Bersagel, IK Tjalve sprang i mål som vinnar på tida 47.04. Ho var omlag 10 sek. raskare enn den tidlegerare rekorden på 47.13,7 tilhøyrande Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen løpeklubb frå 2019.

Som nybakt mor til Eva på fem månader var Annie litt usikker på formen før start,  men det hadde ho liten grunn til. Annie vann med god margin på tida 47.04. Nora Markhus, Stord Allianseidrett på andreplass fekk tida 48.08. Nummer tre vart Sunniva Skuset, Hornindal på 51.02.

Oyvind-Sundby-Annie-Bersagel-Eva.jpgSprek familie: Øyvind Heiberg Sundby og Annie Bersagel vann begge Balestrand Opp, og dottera Eva var godt nøgd med innsatsen til foreldra. (Foto: Christian Prestegård) 

Pallen-Balestrand.jpg
Alle dei tre raskaste karane sprang under den gamle løyperekorden. Øyvind Heiberg Sundby (midten) vann framføre Asbjørn Slagtern Fjellvåg (til venstre) og Vegard Holsen. (Foto: arrangøren)

 

  Menn      
1 Øyvind Heiberg Sundby M 35-39 IK Tjalve 38:32.3
2 Asbjørn Slagtern Fjellvåg M 23-34 Asker CK Elite 39:46.0 
3 Vegard Holsen M 23-34 Førde IL 40:18.0
4 Øyvind Holsen Foss M 23-34 Holsen Boats and Bikes 41:38.0
5 Trym Dalset Lødøen M 18-19 Haugen IL 42:00.6 
         
  Kvinner      
14 Annie Bersagel K 35-39 IK Tjalve 47:03.1 
15 Nora Markhus K 23-34 Stord Allianseidrett 48:07.7 
19 Sunniva Skuset K 23-34 Hornindal IL 51:01.6
23 Mariann Roe K 23-34 Skarphedin IL 54:21.8
29 Anne Bekkhus K 40-44 Vik IL 01:01:42.1


Alle resultat
 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957