Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
 

Og det er fleire enn eg som har smakt på den store fridomskjensla det gir å springe i naturen. Seinast i går – tidleg ein sundag morgon – var eg på oppdagarferd saman med ei lita gruppe frå DNT – på og utanfor stiar i mitt eige nærmiljø. Vi pusta og prata, pesa og smilte. Dagen hadde fått ein perfekt start.

I vår ville ikkje ein slik tur vorti arrangert. Det var forbodi for fleire enn fem å springe i lag sjølv om ein heldt to meters avstand. I mange land vart folk og løparar stengt inne, omtrent som dyra i bur. Fridomen vart borte, og fleire enn Supertramp-vokalist Roger Hodgson spurde seg kva livet da var verdt.

Så vart det gradvis slakka opp att, akkurat så mykje at dei styrande fekk grunn til å stramme inn på nytt i haust. Munnbind på trikken. Lokale nedstengingar av både idretts- og kulturliv. Framleis ingen løp med meir enn 200 menneske samla.

I Sverige, som generelt har hatt mindre strenge restriksjonar, er grensa sett heilt nede ved 50 deltakarar. Det har vekt sterke reaksjonar:

– Regjeringa gjer en feil når dei ikkje tenkjer nytt om mosjonsløp, mosjonistar og folkehelse, skriv redaktøren for det svenske løpsmagasinet, springlfa.se, Mikael Grip, i ein kommentar.

Han spør vidare om det er rimeleg at det er ok med 1500 tilskodarar på ishockeykampar innandørs, men ikkje 1500 deltakarar i mosjonsløp ute.

For svært mange er mosjonsarrangement ein viktig motivasjon til å trene, og kva skjer når denne motivasjonen blir borte? Både aktivitetsnivået og forma vil falle. Fleire studie har vist kor mykje betre helse dei som trenar til og er med i Vasaloppet har, enn dei som ikkje deltek. No står Vasaloppet 2021 i fare for å bli avlyst.

Eit heilt år utan små og store mosjonsarrangement vil ganske sikkert ha negativ verknad på folkehelsa – sjølv om eit forbod samstundes vil føre til noko mindre virusspreiing.

Og likevel er det etter mi meining skumlare at vi let deler av fridomen vår bli borte: Retten til å springe i lag, samlast med likesinna, gratulere med ein klem – og risikere å bli tysta på om vi likevel gjer det.

Sannsynlegvis vil styresmaktene oss vel, og sjølvsagt må vi prøve å finne ordningar som gjer at vi unngår massespreiing av viruset. Men eg trur likevel vi gjer klokt i å vera skeptiske til dei som tek ifrå oss fridomen, som overvakar liva våre og vil putte på oss munnbind på meir enn ein måte.

Det vil fort komma nye virus eller andre god grunnar til å stenge oss inne. Historia har vist at dersom vi først gir ifrå oss fridomen, er det vanskeleg å ta den tilbake.


«Eit heilt år utan små og store mosjonsarrangement vil ganske sikkert ha negativ verknad på folkehelsa.»
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957