Vi har fått følgende nyhende fra rittleder Kjetil A Myklebust. 

Søndag 2. juli vil Ørsta Sykkelklubb arrangere Ørsta Rundbane på Bondalseidet.

Hovderittet vert Ørsta Rundbane.
Dette vert eit resultat av at vi har valt å flytte Hovderittet frå Hovdebygda til Bondalseidet. Etter erfaringane med Hovderittet, så har vi funne det formålstenleg å flytte arrangementet dit. Der vil rittet verte arrangert i tilknyting til langrennsløypene og skitrekka. Her vil fasilitetane i start/målområdet såleis vere noko betre.

Ein komité på 9 medlemar har dei siste månadane jobba på spreng for å klare å realisere ei slik omstilling. Med god hjelp av lokal entreprenør og maskinutleigarar har vi utbetra eit par viktige og kritiske punkt i løypa.
Løypa er på ca.3,8 km og vil gå over fleire runder alt etter klasser. Start, passering og mål vert rett utanfor varmestova som mellom anna vil ha open kafè. Det vil også verte svært interessant for publikum å fylje med løparane når dei syklar innom nokre sløyfer opp i skitrekka og slost om sigeren inn mot mål.

Ungdomscupen
Ungdomscupen som er ein kretscup i Møre Og Romsdal for aldersgruppe 11-16 år, er i år sponsa av Sparebanken Møre og sykkelbutikken Reser i Molde. Utanom dei eldste i U-cupen, skal dei sykle ei noko kortare og lettare løype på ca.2,1km. Også her fleire runder alt etter klasser.

Vi håpar at mange tek turen til Bondalseidet denne dagen, også for å sjå på dei som syklar. Publikum får sjå ryttarane fleire gongar sidan dei skal sykle fleire runder. Så her kan det verte mykje action.
Her kjem syklistar frå heile fylket, og det hadde vore veldig kjekt om fleire lokale ungdommar blir med!
Gå inn på Sykkelklubben si heimeside for meir informasjon og påmelding.



IMG_7375.jpg
Arrangørstaben i 2016. Arrangørfoto.

kart-og-profil.jpg
Kart og profil.