Styrkeprøven som forsvann
For 42 år sia sykla veslebror Terje og eg frå Ytterøya i Nord-Trøndelag til Oslo for å besøke storebror Lars som hadde flytta dit. Etterpå sykla vi heim att. No meiner Statens Vegvesen at det er for farleg å sykle frå Trøndelag til Oslo.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5–2026.
Eg var 19 og Terje 17. Vi sykla på femgirs DBS-syklar med nyinnkjøpte sykkelvesker festa på utsida av bakhjulet. Om eg minnes rett, sykla vi i dongeribukse når det var kaldt og ordinær shorts utan padding når det var varmt. Vi hadde nok høyrd om at det var noko som heitte sykkelhjelm, men det streifa oss ikkje å gå til innkjøp av slikt.
Treningsgrunnlaget på sykkel var tynt. Eg dreiv mest med springing og hadde ein månad tidlegare sprungi 5000 m på 15.34,8. På dei fem dagsetappane sørøver la vi tilbake mellom 100 og 190 kilometer, alt etter terreng og vindretning. 190 km kom i finfin medvind ned Engerdalen.
Etter fem dagar i hovudstaden, der vi mellom anna rakk å delta i Ulsrudvatnet Rundt, sykla vi heimover. Det òg tok fem dagar – i ein meir vestleg og ganske så kupert trasé.
To år seinare sykla Terje og eg på nytt heimanfrå og ned heile Vestlandet til Moi sør for Stavanger. Ti nye dagar langs landevegane. Framleis utan hjelm og padding. Ingen mobiltelefon om noko skulle hende.
Var det farleg? Uforsvarleg? Vi tenkte ikkje slik den gongen. Vi var frie folk på tur – akkurat som når vi dei ni siste åra har vori på vandretur langs kysten – frå Tønsberg i Vestfold til Kungshamn i Bohuslän.
Ingen diskusjon
Så vidt eg hugsar var det heller ikkje nokon diskusjon om sykkelrittet Den store styrkeprøven kunne arrangerast den gongen. I 1984 hadde rittet frå Trondheim til Oslo allereie gått årvisst i 17 år, delvis på dei same vegane som Terje og eg sykla. Syklistar, bilistar og gåande klarte å dele vegen og leva i nokolunde harmoni.
Men no – over fire tiår seinare – har Statens Vegvesen funni ut at det er for farleg å sykle frå Trondheim til Oslo. Vilkåra for å arrangere Styrkeprøven vart så strenge at arrangøren valde å avlyse den lange utgåva av årets ritt. Med stadig strengare krav til arrangørane er det fare for at òg andre landevegsritt kan bli innstilt.
Så mykje altså for honnørorda om å dele vegen og leggje til rette for mjuke trafikkantar. Medan raud asfalt rulles ut i bygatene, blir det stukki kjeppar i hjula til både dei som arrangerer og deltek i sykkelritt.
Bakom argumentasjonen til Vegvesenet ligg det dei kallar nullvisjonen. Målet er at ingen skal døy i trafikken. Da er det sikrast å ikkje tillate sykkelritt. Og blir dei kvitt ritta, blir det òg færre som dreg ut – i stor eller liten flokk – på landevegen for å trene. Måla som mange har å trene imot, blir borte.
Ifølgje Sykkelpodden til TV2 har berre to døydd i sykkelritt i Norge dei siste 13 åra. Truleg veg den positive helseeffekten som syklinga gir, langt tyngre enn den risikoen det inneber å delta i sykkelritt.
Likar å bestemme
Dessverre har nullvisjonar ein tendens til å bli meir totalitære enn visjonære. Nullvisjon er ordet til overformyndarane – dei som likar å bestemme korleis andre skal leva. Opp gjennom historia har vi sett mange eksempel på kor gali det kan gå når ideala til leiarane blir så høge eller forkvakla at fridomen til folket blir borte. Skal vi rydde vekk alt som kan vera farleg, blir det fort lite igjen å leva for.
Ein god løpekamerat av meg har dei seinare åra vorti meir og meir glad i å sykle. I sommarhalvåret legg han ut på både lange dagsturar og fleirdagarsturar, gjerne til Finnskogen og over grensa til Sverige. No har han meldt seg inn i SK Rye og skal i sommar sykle Vätternrundan med dei.
Heldigvis for han var det ikkje Styrkeprøven som var årets store mål for Rye-gjengen. Uheldigvis for mange andre tok Øystein Sunde feil da han skreiv sin «Du måkke komme her og komme her»-song.
For det er ikkje syklistane som eig strekninga Trondheim – Oslo. Det er det byråkratane i staten som gjer.