Mot ny deltakarrekord i Kvasshovden Opp 18. juli
Fjorårets Kvasshovden Opp vart ein knallsuksess allereie i premiereløpet med 370 deltakarar. Løpsleiar Johan Børsheim melder om stor deltakarauke i konkurranseklassane og trur på over 500 deltakarar. Han seier til kondis.no at absolutt siste frist for påmelding og betaling av startkontingent i konkurranseklassane er fredag formiddag før kl. 12.00. Kondis.no er der!
Ingressbilde: Fyrst sprang Torkjell Lunde Børsheim i Frikar Kvasshovden Opp i fjor , deretter hadde han ei flott og forykande oppvisning etter løpet. Foto Christian Prestegård

Sjå Kondis.no-reportasjane frå løpet i fjor:
Politikar-NM
Idretts-sosial opptur i særklasse

For info om løpet og påmelding sjå:www.kvasshovdenopp.no
Det+var+reine+Tour+de+France+-+stemninga+p%E5+toppen+av+Kvasshovden+i+fjor+d%E5+Jon+Tvedt+sprang+i+m%E5l+som+vinnar.+Foto+Christian+Presteg%E5rd
Det var reine Tour de France - stemninga på toppen av Kvasshovden i fjor då Jon Tvedt sprang i mål som vinnar. Foto Christian Prestegård
Arrangør Ulvik IL ved Johan Børsheim har sendt Kondis.no denne meldinga:

Denne helga er Ulvik verdt eit besøk !

Fredag 17.juli
inviterer Ulvik IL til tidleg valkampopning / paneldebatt i Kongressen, Brakanes Hotel. Tema : Helse / fysisk aktivitet.
Profilerte stortingspolitikarar deltek. M.a. Lars Sponheim,Venstre, Ola Borten Moe, Sp, Gjermund Hagesæter, Frp og Øyvind Halleraker, H.
Innleiarar: Dag Kaas og Kristen Skjeldal.
Debattleiar : Per Jon Odèen.

Laurdag 18. juli
kl. 10.00 går starten for Politikar NM i motbakkeløp innlagt i Kvasshovden Opp.
KL. 11.30 går starten for konkurranseklassane i Kvasshovden Opp som i år også med i Powerade Norgescup i motbakkeløp. Alle konkurranseløparar som representerer ein klubb som er medlem i NFIF kan få delta og få poeng i Norgescupen.
.
Mosjonsklassen utan tid startar frå kl. 07.30.

Mange vil utfordra Lars Sponheim på heimebane. Den 7,5 km lange løypa går gjennom tunet hans og opp til toppen, 1030 m.o.h. Kvasshovden Opp går for 2. gong. I fjor deltok 370.

I konk.klassen er det m.a. påmeldt 2 worldcup-vinnarar, Martin Johnsrud Sundby ( langrenn ) og Carl Waaler Kaas (orientering ). Lokale utfordrarar er Kristen Skjeldal og Joel Dyrhovden. I tillegg er dei to EM-deltakarane i motbakkeløp forrige helg Øyvind Hieberg Sundby ( Tjalve ) og Terje Aggvin ( Gular ) påmelde.

I kvinneklassa deltek m.a. fjorårets totalvinnar av Powerade Norgescup i motbakkeløp Merete Helgheim og fjorårsvinnar Therese Sjursen.

Totalt 20.000 kr. i pengepremiar.
Jon Tvedt sin løyperekord frå i fjor 50.19, vert vanskeleg å slå.

Dag Lindebjerg er speaker på toppen, der webkamera sender lyd og bilde på storskjerm i Kongressen, Brakanes Hotel der sekreteriatet ligg. Sjå www.kvasshovdenopp.no

Laurdagskvelden 18. juli kl. 19.00
er det kulturarr. på husmannsplassen Kvemmadokkje, Børsheim. Folkemusikkgruppa Fjøral ( Annlaug, Eli og Torkjell Børsheim) m/ Rannveig Djønne og songgruppa Nordic Tenors.
Sjå www.kvemmadokkje.no

For Ulvik IL / Kvasshovden Opp
Johan Børsheim, leiar
Tel. 91587738
e-mail: johan.borsheim@c2i.net
Sjå meir info om Powerade Norgescup i motbakkeløp 2009

Det fyrste løpet i Powerade Norgescup i Motbakkeløp etter Kvasshovden Opp er Buff Fanaråken Opp 8. august . Sjå www.fanaraaken.com.

Deretter er det Skåla 1848m rett opp 15. august som i dag sendte ut ei pressemelding som du kan lese på kondis.no om at løpet no er fullteikna i konkurranseklassane. Sjå www.skaala.no. Dette viser at det er ikkje berre reint økonomisk at det lønner seg å melde seg på innan påmeldingsfristen som var 1. juli for Skåla Opp !

NÅR DET GJELD KVASSHOVDEN OPP SÅ MERK AT DERSOM DU IKKJE HAR MELDT DEG PÅ OG BETALT STARTKONTINGENTEN INNAN I MORGON FREDAG KL. 12.00 SÅ FÅR DU IKKJE STARTE I KONKURRANSEKLASSANE ! For info om løpet og påmelding sjå
www.kvasshovdenopp.no