Startpengar går til minnefond
Fra firda.no: Både Gaular idrettslag og arrangementskomiteen i «Storehesten Opp» har respondert positivt på forslaget frå idrettslagsprofilen Martin Sande på at ein del av startkontingenten i årets motbakkeløp skal gå til Jon Tvedt sitt minnefond. Jon Tvedt døydde under ein treningstur i januar månad, og motbakkeentusiastar i heile landet tok imot meldinga om dødsfallet med sjokk.
Foto: Jon Tvedt vinner Storehesten Opp for andre gang på rad og blir Norgesmester i motbakkeløp i 2008. Fotograf: Bjørn Johannessen

– Jon Tvedt var ein unik idrettsmann. Og han var sterkt knytt til Storehesten. Han har
vunne dei tre løpa vi har hatt, og har sjølvsagt løyperekorden. Men noko av det sterkaste var likevel at han heile tida trekte fram Storehesten som eit unikt turmål for bergensarar, seier Helge Kårstad.

Kongen av Storehesten
Leiaren i arrangementskomiteen for Storehesten Opp var svært glad for initiativet til Martin Sande, og var også sjølv til stades under minnemarkeringa til Jon Tvedt på Stolzekleiven i Bergen rett etter hans død.

– Jon Tvedt var kongen av Stolzen. Men han var like mykje kongen av Storehesten. Dette var eit fjell og eit turmål han gjerne ville fortelje om til fleire av sine vener i Bergen. Det var noko av det siste han fortalde meg etter løpet i årets «Storehesten Opp», fortel Helge Kårstad og vert støtta av Martin Sande.

– Då eg fekk vite at Jon Tvedt var borte, stoppa noko opp inni meg. Eg hadde vanskar med å sove om natta. Jon Tvedt var sjølve idolet for motbakkerørsla, både her i Gaular og i landet elles. Og så plutseleg var han ikkje lenger blant oss, seier Sande og håpar at initiativet frå «Storehesten Opp» vert følgd opp av andre motbakkearrangørar.

– Ikkje minst frå dei arrangørane i fylket som fekk høve til å oppleve Jon Tvedt sin unike idrettsprestasjon, som til dømes Skåla Opp, Eggenipa Opp, Fanaraaken Opp og Veten
Opp, seier Sande.

Utfordrar andre
– Det er bestemt at 10 kroner av start-kontingenten i årets «Storehesten Opp» skal gå til Jon Tvedt sitt minnefond. I fjor hadde vi 1283 deltakarar, noko som betyr at mellom 10 og
15 000 kroner kan gå til fondet. Men eg hadde gjerne sett at andre motbakkeløp hadde gjort det same. Då kunne det gjerne ha blitt nokre kroner til dei som sit att etter å ha mista ein viktig person, seier Martin Sande som i ung alder hadde ei fortid som løpar i moderklubben til Jon Tvedt i Bergen, Gular idrettslag.

– Men det handlar ikkje om berre det. Jon Tvedt var ein unik idrettsmann, og hans måte å profilere idretten på var unik, seier Martin Sande og vert støtta av Helge Kårstad.

– Det var etter dei lokale reportasjane på Storehesten at Jon Tvedt vart spesielt profilert nasjonalt. På toppen av Storehesten fortalde han sine sterke historier; først lokalt og seinare nasjonalt. Noko som har blitt til sterke bidrag både i aviser og på TV, seier Helge Kårstad og håpar at initiativet frå Storehesten Opp vert godt motteke.

Saknar Tvedt
– Når årets «Storehesten Opp» vert arrangert for fjerde gong vil noko vesentleg mangle. Jon Tvedt vil ikkje vere på startstreken. Vår måte å markere motbakkekongen på er å gi ein del av vårt overskot, seier Kårstad og vert støtta av Martin Sande.

– Det er sterke band mellom Sunnfjord og Bergen. Jon Tvedt hadde eit brennande engasjement for motbakkekonkurransar. Han elska «Storehesten Opp», og no viser vi at vi elskar han. Så enkelt er det, seier Martin Sande. Som framleis er tydeleg prega av hendinga på Gullskogen i byrjinga av januar.

– Motbakkeløp i Norge vert ikkje det same utan Jon Tvedt. Men vi må gjere vårt beste for å bringe idretten vidare, avsluttar motbakkeentusiastane i Gaular.
stig.roger.eide@firda.no
FREDAR JON TVEDTS REKORD
Arrangøren for «Skåla Opp» har bestemt å frede rekorden som
Jon Tvedt sette i 2007.

I samband med Jon Tvedts tragiske bortgang har arrangøren av
«Skåla Opp» i Loen bestemt å frede løype-rekorden Gular-løparen
sette i 2007.

– Jon Tvedt sin rekord på 1,08,39 vil for alltid stå som
rekord på «Skåla Opp», seier primus motor for det populære motbakkeløpet,
Erik Brendefur.

– I «Skåla Opp» hadde Jon Tvedt ein unik posisjon, og i samband
med at vi i løpet av hausten 2008 har utbetra stien frå Skålavatnet
til Skaret med 400 nye steintrapper, valde vi etter hans
bortgang å frede løyperekorden hans, seier Brendefur og ser at
når «Skåla Opp» vert arrangert 15. august i 2009, så kan det bli
sett ny rekord i den nye løypetraséen. Fordi dei 400 nye
steintrappene truleg har gjort traséen vesentleg raskare.

– Men Jon Tvedts rekord frå 2007 på 1,08,39 vil for alltid stå
som løyperekord, understrekar Brendefur.