Kondismedlem Sponset innhold
250_Anita_FotoAJD

Trippel rekord-dag i Mefjellet Opp

Anita Håkenstad Evertsen og Johan Bugge sette nye løyperekordar i eit "streikje flott motbakkeløp" som fekk ny deltakarrekord. No med stor bildereportasje!

Alle foto: Anne Jenny Dvergsdal, Tekst Christian Prestegård

Anita Håkenstad Eversten, Øystre Slidre IL, har ikkje løpt ei motbakkeløp etter at ho hausten 2008 vart skada. Det har vorte mykje langrennstrening som alternativ trening. I dag var tida komen for å få ein test på løpsforma før Buff Fanaråken Opp 7. august og La Sportiva Skåla 1848m rett opp 14. august. Mefjellet Opp i Valldal vart ei særs vellukka "testløype" for Anita. I ei variert løype på 7 km med 1100 m stigning fekk ho det svaret ho hadde håpa på. 

Anita sette ein ny sterk løyperekord på 51.21 og forbetra den gamle løyperekorden med over 5 min. Det var berre 4 menn som sprang raskare !

Den som sprang aller raskast i herreklassa var 19-åringen Johan Bugge, Eidsvåg IL. Han sette også ny løyperekord med tida 45,39 og forbetra den gamle rekorden til Hans Martin Gjerdrem, Valldal IL med 24 sek. Hans Martin vart i år nr. 3 på 49,08. Øyvind Bugge, Eidsvåg IL på 2. plass fekk tida 47,41.

Nedanfor er det no publisert stor bildereportasje med 34 bilder. Det var perfekte løpstilhøve med sol og 18-20 grader då 184 deltakarar forbetra den gamle deltakarekorden med 75% !

Sjå www.mefjelletopp.no for fullstendig resultatliste og meir info om løpet.

 

640_Anita_FotoAJD

Anita Håkenstad Evertsen passerer 1000 moh og har kun 100 høgdemeter igjen til mål og ny løyperekord i særklasse !

640_JohanBugge_Foto_AJD

Johan Bugge, Eidsvåg IL ( kl. 18-19 år !) sette ny løyperekord på 45,39 i den 7 km lange løypa med 1100m stigning

640_OyvindBugge_FotoAJD

Øyvind Bugge, Eidsvåg IL, hadde berre sin yngre bror Johan framfor seg i mål. Øyvind vart nr. 2 på 47,21

640_HMG_FotoAJD

Hans Martin Gjedrem, Valldal IL, vann i fjor NM i motbakkeløp og hadde løyperekorden i Mefjellet Opp før løpet i dag. I dag vart Hans Martin nr 3 og mista løyperekorden til Johan Bugge. Iflg Hans Martin vart det ein tung dag opp til Mefjellet med tunge bein ( hovudfokus er Skiskyting !).  Hans Martin vann i vinter sitt andre NM-gull på 20-km skiskyting.  I Mefjellet Opp bidrog han til flott markering for "Team La Sportiva" med 1. plass ( Anita ) og 3. plass.

 

640_SveinNylund_FotoAJD

Sven Nylund. Molde Olymp, blei den siste i herreklassa som klarte å kome i mål før Anita. Sven vann kl. 40-44 år og vart nr. 4 totalt på 49,35.

640_Anita_Stilstudie_FotoAJD

Stilstudie av Anita Håkenstad Evertsen. I Mefjellet Opp går løypa i fjellterreng kun dei siste 400 høgdemetrane. Det er bilveg opp til siste drikkestasjon på Nysetra og dersom arrangøren har den stasjonen open med drikkeservering og førstehjelp til siste løpar har kome seg ned frå fjellet så kan arrangøren med fordel redusere vektgrensa på sekken til 1,5 kg. Sjølv pakka eg sekken full med ulltøy og overtrekksjakke og bukse og då vart vekta på sekken 1,5 kg. Då var eg utrusta for langt tøffare fjelltur enn Mefjellet Opp. Det er opp til kvar  arrangør å vurdere vektgrensa. Vektgrensa på 2,5 kg vart sett opp ut frå erfaringane og behovet til deltakarane i Skåla 1848m rett opp og det er jo det mest krevandre og tøffaste av motbakkeløpa med 1819 høgdemeter mellom start og mål.  Fleire arrangørar som kan samanliknast med Mefjellet Opp har i år sett vektgrensa på den obligatoriske sekken til 2,0kg. Jfr. Buff Fanaråken Opp www.fanaraaken.com og Molden Opp www.moldenopp.no

 

640_GunnhildBugge_Bjordal_FotoAJD

Gunnhild Bugge, Eidsvåg IL vart nr 2 totalt i dameklassa på 1.04.33. Det var over 13 min fram til Anita på 1. plass. Her ved passering 1000 moh ligg Øystein Bjordal, IL Lauparen, bak Gunnhild. I mål var han 17 sek raskare.

640_TrebesteDogH_FotoCP

Premiepallen med dei tre raskaste damer og herrar. Frå Venstre mot høgre: Hans Martin Gjerdrem (3), Mathea Gjeitnes (3), Anita Håkenstad Evertsen (1), Johan Bugge (1),  Gunnhild Bugge (2) og Øyvind Bugge (2)

640_KnutAnders24_og_Svein47_FotoAJD

Knut Anders Hatlen, Stranda IL og Svein Glomnes (47) Nordhordaland Sykkelklubb.

640_LarsAndersHoel_FotoAJD

Lars Anders Hoel, Valldal IL vart nr 8 totalt i herreklassa på 52,59 og nr 2 i kl. 18-19 år bak dagens raskaste Johan Bugge.

640_Paule_FotoAJD

Jørgen Dahl Paule, Birkebeinern, vann kl. 16-17 år på 56,39

640_AndersBugge_Kl14_15_FotoAJD

Anders Bugge, Eidsvåg IL, vann kl. 14-15 år på 57,00.  Fam. Bugge frå Eidsvåg IL var godt representert på toppen av resultatlista med Johan, Øyvind, Anders og Gunnhild !

640_JoarMoldskred_FotoAJD

Joar Moldskred, Hakallestranda mosjonslag

640_GeirMarius_Trim_FotoAJD

Geir Marius Øie , Stordal ( bakerst ) har fått ein lynrask trimmar som hare dei siste 100 høgdemetrane mot mål

640_BobMathews_FotoAJD

Bob Mathews, Chicago , USA,.

640_PaalBjorn_FotoAJD

Pål Bjørn Øvrebust, Stordal IL.

640_OleMartinHauge_FotoAJD

Ole Martin Hauge, Valldal IL

640_Sistedrikkestasjon_fotoAJD

Siste drikkestasjon ved Nysetra omlag 700 moh.

640_Brian_3539_FotoAJD

Brian Strømsholm , vann kl. 35-39 år på 1.06,48

640_Iver_Kl14_FotoAJD

Iver Matias Linge Glomnes, Valldal IL vart nr 2 i kl. 14-15 år på 1.03.30

640_Rune41_Hendrik62_FotoAJD

Rune Skaar, Sula SK, ( 41) tauar på ei lang rekke med løparar.

640_Ekroll_FotoAJD

Asbjørn Ekroll, Ålesund

640_KarlOtto_Kristin_FotoAJD

Kristin Solberg, Stordal IL og Karl Otto Henriksen

640_Ludvig_Ottar_FotoAJD

Ludvig Karlsen, NTNUI ( 70) vann kl. 65-69 år på 1.10.37. Bak kjem Ottar Sætre , Lauparen ( raud bukse) i kl. 55-59 som fekk same tid !

640_KristenHorvatUSA_FotoAJD

Kirsten Horvat, Chivcago, USA, vann kl. 23-34 år på 1.14,37

640_Maal_FotoAJD

MÅL !

640_Maalstemning_FotoAJD
640_AnneJenny_FotoCP

Kondis.no fotograf Anne Jenny Dvergsdal kan nyte det praktfulle utsynet og vidsynet frå mål på Mefjellet. Dette gav meirsmak og no har arrangøren fått så mange positive tilbakemeldingar frå deltakarane at dei nok vil satse endå meir på PR og marknadsføring av Mefjellet Opp 2011 ! ..og nedanfor avsluttar me denne bildereportasjen med nokre foto frå trimklassa. Der er det eit stort rekrutteringspotensiale...

640_Trimmararogtilskodar_Nysetra_fotoAJD
640_RokkeErik_Jr_FotoAJD
640_trimBaeremeis_fotoAJD
640_Topptrimforalle_fotoAJD