Kondismedlem Sponset innhold
250_Oyvind_Foto_ChristianPrestegaard[1]

Klart for NM i motbakkeløp

Kvasshovden Opp i Ulvik i Hardanger er årets NM-løype i motbakkeløp for både senior, junior og veteraner. Løpet inngår også i Norgescupen i motbakkeløp

Løpsleiar Johan Børsheim melder til Kondis.no at siste frist for påmelding for dei som  vil delta i NM i motbakkeløp er i morgon onsdag 13. juli kl. 23.59. Sjå info på www.kvasshovdenopp.no. Evt spørsmål kam rettast til Johan Børsheim på 91587738.

I skrivande stund er fjorårets vinnar av NM i motbakkeløp Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjale, den store favoritten i seniorklassa for menn.  Sjå ingressbildet ( foto Christian Prestegård)

Øyvind som vann Kvasshovden Opp i fjor har også løyperekorden på 47,45 i det 7,5 km lange løpet med 1030m stigning. Øystein Sylta , SK Vidar, som slo Øyvind i EM i motbakkeløp sist helg er enno ikkje påmeldt. Andre medajekandidatar pt er skiløparen Sjur Røthe, orienteringsløparen Audun Weltzin,  Kristen Skjeldal og ikkje minst Torbjørn T. Ludvigsen BFG Fana. Sistnemde vann bla. Stoltzekleiven Opp i fjor og Ulriken Opp i år.

I seniorklassa for damer kan kampen om gullmedaljen bli ein duell mellom fjorårets NM-vinnar May Britt Buer, Gular som også vann Kvasshovden Opp på ny løyperrekord 56,39 og Kirsten Marathon Melkevik , BFG Fana. Kirsten som vart nr 8 i siste helgs EM i motbakkeløp slo der May Britt Buer med fleire minutt. Kirsten vart i 2007 nr 3 i EM i motbakkeløp og jaktar på sitt fyrste NM-gull i motbakkeløp. Dersom Juniorane ( under 23 år) Heidi Weng og Tuva Toftdal Staver , Strindheim veljer å konkurrere i seniorklassa kan dei også melde seg på i medaljekampen med Heidi som sterkaste utfordraren. Ho vart i fjor nr 4 i VM i motbakkeløp for junior. Andre aktuelle namn i kampen om medaljane er Merete Weng, Merete Helgheim og Therese Sjursen.

640_MayBrittBuer_FotoChrPrestegaard

Fjorårets NM-vinnar May Britt Buer, Gular då ho i fjor sette ny løyperekord i Kvasshovden Opp. Foto Christian Prestegård

Sjå også Kondis.no reportasjen min frå Kvasshovden Opp 2010

640_loypeKvasshovden