Kondismedlem Sponset innhold
Hornindalsvatnet_maraton_logo

Ny kraftprøve i Hornindal 28. juli

Første helga i juli var det Hornindal rundt med knall og fall - og stor suksess. No står Hornindalsvatnet maraton for tur.

Med andre ord: To store arrangement i juli for ei lita bygd med litt over 1200 innbyggjarar i kommunen. Litt imponerande når ein tenkjer på alle funksjonærane som stiller på år etter år. Hornindalsvatnet maraton blir i år arrangert for 21. gong.

Løypekart

Løparinformasjon

Terminlista løpsinformasjon

PÅMELDE:

Maraton

Halvmaraton

10 km

Minimaraton

Sjølv om første fristen er ute er det enno råd for etternølarar, men det er absolutt ein fordel at påmeldingane kjem så snart som råd er.

Fredag er det henting av startnummer og etterpåmelding (19.00-21.00) og pasta på Raftevolds Hotel

Laurdag er det henting av startnummer og etterpåmelding på Hornindal Idrettspark frå kl 08.30

Samleside for Hornindalsvatnet maraton.

Tilleggsopplysningar: Ved Kjøsahammaren ca. 5,5 km før mål har det gått eit lite steinras. Dette må løparane springe over, men tidstapet er maks 5 sekund. På Hornindal idrettspark er Honndalshallen under oppføring. Dessverre er ikkje garderobene ferdige til bruk enno. Det finst alternativ for dusjing. Vi får trøste oss med det at neste år blir det så mykje betre.


  Helge Hafsås (53) vann ifjor for femtande gong, men hadde hard konkurranse med engelskmannen Lazloe Boden (19).
Kan Helge ta sin sekstande siger og 148. totalt ???? Dei to første åra (1992-93) vann Helge halvmaraton før han debuterte på maraton i 1994.



Dorte Foss sette ny løypekord på maraton med 3.18.05

Michelle Meyer frå USA sette ny løyperekord på 10 km med tida 39.47

 Reportasje 2011