Kondismedlem Sponset innhold
Bjoern_Tore

Bjoern_Tore

Vi é di beste! - Ove Thue til Møkster Maraton - eventyret i havgapet

Tittelen er ikkje arrangørskryt. Nei, då Kondis fekk greie på kven som skal stå for kulturelt innslag på Møkster Maraton 2014, kom tittelen med full tyngde. OVE THUE! Han har laga m.a. Brannsongen: "Vi é di beste!" Når Møkster Maraton for 3. år på rad vert skipa til på vakre Møkster i Austevoll kommune, kan me visa til nettredaktør Heming Leira sin flotte reportasje "Eventyr i havgapet"; frå det fyrste året.


Ingressbiletet: løyperekordhaldar Bjørn Tore Kronen Taranger, føregangsfigur på Møkster.

Nytt i 2014
- Digital tidtaking
- Målt høgdeskilnad på dei ti rundane i maratonløpet, 610 m. Rett under t.d. Ulriken (643 m.o.h.) har Arild Sunde rekna ut
- Lerøy Seafood sponsar 200 posjonar sushi. 
- Ørretswraps
- Grilla laks 
- Driftige Reidun Jørgensen som ifjor serverte fyrste laksekebab i verda, finn stadig på spennande matrettar.
 

Til/fra løpsdagen:

08.10: ferge fra Krokeide til Hufthamar
08.45: taxibåt fra Hufthamar til Møkster (NB- max 11 passasjerer, så send mail)
09.15: infomøte på skolehuset
10.00: tidlig start maraton, om ønskelig
11.00: felles start maraton.


Retur: privat taxibåt blir satt opp ca hver time fra 15.00, til Hufthamar, Storebø og Bekkjarvik.

Ta kontakt på mail: mokster.info@gmail.com

Påmelding via: mokster.info@gmail.com

Start:
Tidlegstart maraton   kl 1000  42195 m
Maraton               kl 1100  42195 m
Nautisk maraton:      kl 1200   7408 m
Barneløp:             kl 1300 
  

Natureventyret Møkster Maraton - les stor reportasje om det første løpet
Eventyret på Møkster - kapittel 2 - reportasje fra fjorårets løp

DSCN4196.JPG
Lokal deltaking kopla med eit svenskeinnslag

Inge_Asbjoern_Haugen_og_organisten.jpg
Inge Asbjørn Haugen kjem til Møkster med to flotte CD-innspelingar han har til sals. Kondis veit det - Inge Asbjørn veit det ikkje. Inge Asbjørn er allsidig, med kryssord i bladet Kondis og har snart fullført 500 maraton! Flest i Noreg!

Fyrste lakse-kebab i verda_640x480.jpg
Reidun Jørgensen serverte i 2013 fyrste laksekebab i verda.

1-DSCN4116.JPG
Møkster Maraton med heilmaraton, Nautisk maraton (7408 m) er for heile familien.

1-DSCN4140.JPG
Originalitet pregar Møkster Maraton. Kven som sakna sengetøyet sitt, veit me ikkje.

1-DSCN4153.JPG
Også deltakarane viser kreativitet.

1-DSCN4167.JPG
Barneløp er viktig før PC og ipad tek dei.

1-DSCN4234.JPGHumør er viktig i møkster maraton.

ove thue.jpg
Kulturelt innslag 2014: OVE THUE! 
- Brann-songar
- Svigermor på Voss
- Sykkelturen med Kildedal
- Bymann og stril med Ivar Medaas
- Saft med m.a. People In Motion som vann Europatoppen
- Og så er Oven ein god løpar. Plar ha startnummer 1 i Stolzekleiven Opp.