Hanna Børve
Skiskyttar Hanna Børve ho har opp gjennom åra trena tallause timar på Sjusete skisenter, der Torefjellsrennet gjekk i helga. I helga vann ho fristilsdistansen i dette rennet. (Alle foto: Arne Dag Myking)

Skiskyttar Hanna Børve vann Torefjellsrennet på heimebane

Tilbake i heimlege løyper fekk 23 år gamle Hanna konkurrere mot skiløparar i alle aldrar.

Publisert Sist oppdatert

Hanna Børve kjem opphavleg frå Øystese i Hardanger, og ho har opp gjennom åra trena tallause timar på Sjusete skisenter, der Torefjellsrennet gjekk i helga. No bur ho på Lillehammer der ho trenar skiskyting og studerer, men tok turen heim til Hardanger for å konkurrere i heimlege løyper. Der vart ho beste kvinne på fristil 20 km.

– Vær og forholdene på Sjusete var topp i helga, og eg synes det var eit veldig kjekt løp å gå sjøl om det er noko veldig annerledes enn konkurransene eg pleier å gå! Synes det var kult å starta sammen med eit så variert felt, og kjempe mot mange forskjellige underveis, sier Hanna Børve til Kondis.

På sin Stravaprofil utdjupar Hanna korleis forskjellen var på dei ho vanlegvis konkurrerer med:

– Fellesstart5 med 90 % «hvite menn som pusher 50». Nyydelig økt og eg fekk gitt litt tjedeng.

Her må det leggjast til at det faktisk var god konkurranse frå dei eldre mennene ho konkurrerte med. Hanna vann kvinneklassen på 49:26, og i resultatlista ser vi at til dømes Bjarte Jordal, som vann klasse M51-60, fekk tida 50:37.

Hanna Børve understrekar at dette var berre kjekt:

– Eg synes det var kult å starta sammen med eit så variert felt, og kjempe mot mange forskjellige underveis. For min del tok eg på det som ei god treningsøkt, og det blei det absolutt! Det blei pushing heile vegen frå start til mål, og eg fekk virkelig kjent på å gå hardt over lang tid!

Og gjensyn med løypene på Sjusete var stort for Hardangerjenta:

– Eg synes det var stas å konkurrere i løypene der eg har trent utallige timar opp gjennom, og håpar det blir mulig for meg å stille på Torefjellsrennet dei neste årene også!

Les mer om årets Torefjellsrenn: Drømmeforhold i Torefjellsrennet

1U9A2656_1.jpg


Hanna Børve var beste kvinne i fristilsdistansen i årets Torefjellsrenn.

Andreplassen blant kvinnene vart det Heidi Berlandstveit frå Hålandsdal IL som tok. Sølvi Nyvoll Tangen frå Fana IL tok den siste pallplassen.

1U9A2901.jpg


Heidi Berlandstveit frå Hålandsdal IL inn til andreplassen.

Alle resultater Torefjellsrennet fristil

Resultat kvinner fristil 20 km:

1U9A3022.jpg
PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
190Hanna BørveKvam Langrenn- og SkiskyttarklubbK21-300:49:26
268Heidi BerlandstveitHålandsdal ILK31-400:51:42
389Sølvi Nyvoll TangenFana ILK41-501:01:14


Sølvi Nyvoll Tangen. Premieringa var lokalproduserte matvarer.

Thrilleroppgjer blant herrane

1U9A2844.jpg


Marius Flatebø frå Vargar IL og Kristoffer By Vollset vart dømd likt i mål. Thomas Vethe frå Vargar IL tok tredjeplassen sekundet bak dei to framfor.

For herrane vart det ein kamp om sigeren heilt til målstreken, der det heller ikkje vart avgjort: Marius Flatebø frå Vargar IL og Kristoffer By Vollset vart dømd likt i mål. Thomas Vethe frå Vargar IL tok tredjeplassen sekundet bak dei to framfor.

Kristoffer By Vollset hadde nokre timar før gått inn til ein andreplass på klassiskdistansen, der han kjempa om sigeren med Matias Oppedal, som også gjekk begge distansane. Matias enda på ein sterk 4. plass i fristil.

Resultat menn fristil 20 km:

1U9A2536.jpg
PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
167Marius FlatebøVargar ILM19-200:46:14
188Kristoffer By VollsetNTNUI / Team FotmobM21-300:46:14
374Thomas VetheVargar ILM21-300:46:15
373Matias OppedalFana ILM31-400:46:57
591Magnus KallagerVaregg Fleridrett / OnesubseaM31-400:49:25
684Birk SæleUskedalen ILM19-200:49:27
786Rune HerheimVoss ILM41-500:50:14
864Bjarte JordalFana ILM51-600:50:37
994Anders VeumVaregg FleridrettM21-300:51:00
1096Espen Roll Karlsen M31-400:51:02
1166Andre RingdalSjøforsvaretM51-600:51:40
1287Erlend UkvitneKvam Langrenn- og SkiskyttarklubbM21-300:51:42
1378Ruben DyrhovdenSamnanger IL / Dyrhovden EnerskiM31-400:51:52
1497Bjørn Rusten LundbergVaregg FleridrettM21-300:52:31
1570Thor-Andre SøylandFana IL / BFG Bergen LøpeklubbM31-400:52:46
1693Morten FøyenStord ILM41-500:53:07
1799Lars Olav BrattabøOsterøy ILM51-600:53:33
1879Stian MossSamnanger IL / GneistM41-500:54:08
1972Morten LeikvollFana ILM51-600:54:48
2085Vigleik TysselandSamnanger ILM61-700:55:17
2182Olav Svendal AaseTIF VikingM51-600:56:21
2271Petter Havsgård MartinsenHålandsdal ILM31-400:56:24
2398Egil LandøyYtre ArnaM41-500:56:29
2481Alfred BaggetunHøyangerM61-700:57:17
2577Einar VikingstadTorvastadM71+0:58:11
2692Hallgeir TorpeKvam Langrenn- og SkiskyttarklubbM41-500:59:31
2765Raymond GjerdeBulkenM41-501:00:22
2883Espen KallekleivLonevågM31-401:03:22
2976Rickard WillemoesKvam Langrenn- og SkiskyttarklubbM31-401:04:06
3095Luca KlingenbergVaregg FleridrettM21-301:07:41
3175Andreas DulsrudBergenM31-401:09:31
3269Jan SteinegerGneistM61-701:11:50


Magnus Kallager fra Varegg Fleridrett/Onesubsea inn til en 5. plass.

1U9A2628.jpg


Marius Flatebø og Thomas Vethe, begge frå Vargar IL, går i front frå start.

1U9A2638.jpg


Matias Oppedal hengjer seg på dei beste i front.

1U9A2643.jpg


Birk Sæle, Uskedalen IL, inn til ein 6. plass.

1U9A2644.jpg


Rune Herheim, Voss IL. 7. plass

1U9A2717.jpg


Bjarte Jordal, Fana IL, viser at eldre menn kan gå fort på ski. Han vinn klasse M51-60 og tek ein 8. blant alle menn.

Sjå fleire bilete frå fristilrennet øvst i artikkelen.



Powered by Labrador CMS