Stian Angermund-Vik, Varegg IL, kunne juble med norsk flagg i innspurten til 1. plass på på vinnartida 41.27. David Schneider, Sveits vart nr. 2 på 42.33 og 19-åringen Stian Øvergaard Aarvik, Gneist IL vart nr. 3 på 42.33. Foto: Jan Erik Sandbakk
Stian Angermund-Vik, Varegg IL, kunne juble med norsk flagg i innspurten til 1. plass på på vinnartida 41.27. David Schneider, Sveits vart nr. 2 på 42.33 og 19-åringen Stian Øvergaard Aarvik, Gneist IL vart nr. 3 på 42.33. Foto: Jan Erik Sandbakk

Annie Bersagel og Stian Angermund-Vik vann Skåla Opp

Bersagel og Angermund-Vik var suverene vinnarar av det 15. La Sportiva Skåla opp som for fyrste gong hadde mål ved Skålavatnet etter om lag 5,7 km og 1125 høgdemeter av sikkerheitsmessige årsaker

Publisert Sist oppdatert

.

For fyrste gong sidan 2007 vann ein norsk løpar Skåla Opp i herreklassa. I 2007 var Jon Tvedt den siste norske løparen på toppen av pallen.

Fotoet ovanfor av Angermund-Vik illustrerer problemene Kondis.no fekk med kameratet etter at det vart blaut i striregnet

Sjå førehandsreportasje på Kondis.no som eg publiserte 9. august. Der vil du sjå at omtalen av kven vi trudde ville blir dei beste stemte særs godt med resultatlista frå løpet i dag. Der skreiv eg at også 19-åringen Stian Øvergaard Aarvik måtte reknast med i tetkampen.

640s_StianØA_FotoChrPR.jpg

(Foto Christian Prestegård) Stian Øvergaard Aarvik imponerte med ein sterk 3. plass kun 12 sekundar bak fjorårets sølvvinnar i EM i motbakkeløp, David Schneider, Sveits

640s_David_FotoJanErikSandbakk.jpg

David Schneider, Sveits. Foto Jan Erik Sandbakk

640s_Francis_FotoChrPR.jpg

Francis Muigai Wangari, Kenya, nr 5 på 44.27. Foto Christian Prestegård

640_Start_Foto_KristofferKrekling.jpg

Frå starten i konkurranseklassa med 622 deltakarar i tillegg var det 604 i mosjon slik at samla deltakartal vart 1.226 i mål . Foto Kristoffer Krekling


For fullstendig resultatliste. Sjå www.skaala.no

10 beste damer og herrar:

Damer:
1.Annie Bersagel 50.04
2.Laura Orgue, Spania 50.56
3.Antonella Confortola Wyatt, Italia 51.40
4.Anita Iversen Lilleskare 52.58
5.Eli Anne Dvergsdal 53.35
6.Anita Håkenstad Evertsen 54.21
7.Marte Håkenstad Bråten 57.10
8.Merete Helgheim 57.54
9.Karoline Erdal 58.27
10.Reese Bendiksen 59.49

Herrar:

1.Stian Angermund-Vik 41.27
2.David Schneider, Sveits 42.33
3.Stian Øvergaard Aarvik 42.45
4.Andrew Douglas, Skottland 43.30
5.Francis Muigai Wangari, Kenya 44.27
6.John Freixa, Spania 44.31
7.Øyvind Heiberg Sundby 44.45
8.Erling Hisdal 45.35
9.Sindre Hoff 46.07
10.Glenn Tore Løland 46.42


640s_AnnieogØyvind.jpg

Vinnaren i damklassa Annie Bersagel, USA Team Under Armour, saman med ektemannen Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, knipsa på veg tilbake til Hotel Alexandra i Loen etter ein særs vellukka løpsdag for begge to. Øyvind som tidlegare har vunne NM i motbakkeløp to gonger, har dei siste åra prioritert sykling, men viste i dag at han framleis kan springe motbakkar ved å bli tredje beste nordmann på 7. plass med tida 44:45. Foto Christian Prestegård

640s_Øyvind.jpg

Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve. Foto Christian Prestegård

640s_Annie_i_maal.FotoChrPR.jpg

Annie Bersagel i mål som klar vinnar på tida 50:04. Sjå omtalen av henne i førehandsomtalen på Kondis.no som du finn link til ovanfor. Foto Christian Prestegård

640s_Annie_FotoJanErikSandbakk.jpg

Annie Bersagel, USA / Under Armour. Foto Jan Erik Sandbakk

640s_Antonella.FotoChrPR.jpg

Antonella Confortola Wyatt, Italia, som tidlegare har vunne La Sportiva Skåla Opp fire gonger, vart i år nr. 3. Foto Christian Prestegård

640s_Anita.jpg

Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, har også vunne Skåla Opp fire gonger tidlegare og har løyperekorden i den Skåla Opp-løypa, som har vore sprunge dei fyrste 14 åra med 1.20.06 (2008). I år vart Anita nr. 6. Foto Christian Prestegård

640s_Målområdet.jpg

Stemning frå målområdet ved Skålavatnet. Foto Christian Prestegård

640s_Drikkestasjon.jpg

....og ved drikkestasjon ved brua ved Sjingla 630 moh. Foto Christian Prestegård

640pk_1275moh_FamiliefraCanada.jpg.jpg

Her kjem nokre foto som viser kvifor Skåla Opp i år vart "Skålavatnet Opp". Fotoet ovanfor tok eg berre 100 høgdemeter ovanfor der løpet hadde mål i dag. Fotoet nedanfor tok eg 1 time seinare ved Skålatårnet.

640pk_Skåla_BeggeHytterogHighEnergy.jpg

Det som skulle vore mål i La Sportiva Skåla Opp. Skålatårnet. Då hadde deltakarane også fått sett bygginga av den nye flotte hytta som Bergen Turlag bygger ved sidan av Skålatårnet.

Berre to dagar før løpet kom det så mykje nysnø dei siste 700 høgdemetrane av løypa, mellom 15 og 30cm at i fjellet at arrangøren måtte legge målgangen til Skålavatnet 1150 moh.

Kondis.no avrundar reportasjen med nokre stemningsbilder utan kommentarar:(alle foto Christian Prestegård)

Topp transportservice til deltakarane. Frå kl. 07:00 om morgonen stilte Berge&Co opp med 8 bilar og skyssa deltakarene til start og etter løpet attende til Hotel Alexandra.

Powered by Labrador CMS