Esefjorden rundt i strålende vær. (Foto: Arrangøren)
Esefjorden rundt i strålende vær. (Foto: Arrangøren)

Resultater fra Esefjorden rundt

Endeleg etter to år med det man kan kalle virusfråver, kunne deltakarane igjen gle seg over det tradisjonrike landevegsløpet Esefjorden Rundt i stålande vårver.

Publisert Sist oppdatert

Løpet er på 8.5 km og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. I 1931 vart arrangementet gjennomført som skirenn med 14 deltakarar. På grunn av at vegen vart brøytt med bil, vart det etter kvart store problem med å skipa til rennet. År om anna vart det rett nok teke opp att, mellom anna i 1954 som eit jubileumsrenn (idrettslaget var 25 år). Siste året vi finn noko om skirennet ”Esefjorden Rundt” er i 1956. Men det skulle gå 20 år før ”Esefjorden Rundt” vart sett på plakaten att, men no som landevegsløp.

Esefjorden er omkransa av vakre, men ville fjell. Tjugatoten 1098, Keipen 1399, Vindreken 1273 og Raudmelen 972 m.o.h. Vegen rundt Esefjorden er ein av dei nasjonale turistvegane.

esefjorden-rundt-03.jpg

Esefjorden rundt 2022

Esefjorden rundt 2022

Rune Opem frå Dalebrand IL i klasse 45-49 vann ein klar siger på den sterke tida 25.46.3. Det er berre 10 sekundar svakare enn han vann på i 2016. Ane Brekke frå Førde IL var suveren blant damene. Ho persa med tida 32.05.9, 6 sekunder betre enn vinnertida si frå 2019.

I det fine veret hadde man nok forventa at enno fleire ville ta turen rundt fjorden. Tilsaman vart det registrert 470 deltakarar med turfolk og løparar. Det er langt færre enn rekorden på opp under 900 for nokre år tilbake. Men det var spesielt kjekt å sjå dei aller yngste få sin første medalje. Vi tenker at det er med på å legge grunnlaget for at dette tradisjonsrike arrangementet vil leve vidare.

Topp 5 menn

PlassNavnKlubbKlasseTid
1Rune OpemIL DalebrandM45-4925:46,3
2August SveenJotun ILM17-1826:08,4
3Andreas Ytredal AkseHyllestad ILM19-3928:04,7
4Andreas Hillestad AannevikØVRE ÅRDALM19-3928:35,3
5Per Ove WalakerIL FanaråkM45-4929:11,4

Topp 5 kvinner

PlassNavnKlubbKlasseTid
1Ane BrekkeFørde IL friidrettK19-3932:05,9
2Victoria GrindeBalestrand ILK15.1639:43,8
3Guri Line BrekkeFørde IL friidrettK17-1840:49,9
4Ingeborg BarkamoGaular ILK17-1840:54,8
5Sigrid MelhelmBalestrand ILK19-3941:53,7


Se også:
Løpets hjemmeside
Se alle resultater her

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS