527A2634.jpg
Det var 56 deltakere på startstreken i konkurranseklassen da Galdane Rundt ble arrangert lørdag. 

Alle resultater

Bjørghild Holien, som er leder i friidrettsgruppa i Lærdal IL, har kommet med følgende rapport: 

Terrengløpet Galdane Rundt, som går på ei delstrekning av kongevegen over Filefjell, vart arrangert for 8. gong laurdag 19. september. Løpet er ei kupert rundløype på 8,7 km, og er ei teknisk krevande løype i flott natur. Løpet har det meste med korte, bratte bakkar og lange slake bakkar oppover og nedover,samt flater på litt varierande underlag, nett slik eit terrengløp skal vera. Her gjeld det å disponera kreftene rett.

Pga coronaen er dei fleste arrangement avlyst, medan mindre arrangement kan la seg gjera å halde, men då med ein del ekstra arbeid, tiltak og tilrettelegging. Me valgte å arrangere Galdane Rundt då dette er eit populært løp og eit treningsmål for mange.

Me har følgt Folkehelseinstituttet sine retningslinjer og difor vart det bl.a. intervallstart med fleire startpuljer på årets Galdane Rundt.

Me ynskte ikkje nokon deltarrekord i år, då det er sett eit tak på 200 deltakarar på arrangement, difor er me svært nøgde med 130 deltakarar derav 56 på tid.
Været var perfekt å springe i, med gode temperaturar og strålande sol der den kom til. Deltakarene var svært fornøgde med eigen innsats og arrangementet. Og dei vart ynskte velkomne att neste år .

Totalvinnar vart Lars-Martin Melheim, frå Olden IL (startnummer 34) på tida 33:13 minutt. Det var fyrste gongen han deltok, men neppe den siste.
Nr 2 med startnummer 2 var Espen Kristiansen, Entra BIL på tida 33:26 minutt. Tredje best var Sigurd Hulbak, Hemsedal IL på 35:37

Marita Hestetun, IL Jotun (startnummer 16), vann dameklassa på 40:42 minutt, ho forbetra tida si frå 2018 då ho vann på 44:08 minutt.
Gro Zahl og Astrid Olafsdottir begge HIS kom på dei neste plassane i dameklassa.

Det var ein liten nedang i mosjonistklassa i år med 75 deltakarar, men dette skuldast truleg ein del andre arrangement som gjekk samtidig. Dessutan var det mange bergensarar som vanlegvis brukar å stille, som sat coronafast.

Det er svært gledeleg at rekruttering med unge løparar er god, samtidig som veteranane stiller trufast opp kvart år. Det er tydeleg mange var glade for å kunne springe på tid att.

Det vanka Galdane Rundt medalje til alle og premie til klassevinnarane

Me er veldig fornøgde med at det let seg gjera å arrangera årets Galdane Rundt!

Tusen takk for deltakinga pg vel møtt til neste års Galdane Rundt, Norges finaste terrengløp!


Alle resultater


5 beste kvinner totalt

Plass Fornavn Etternavn Klubb Klasse Tid
1 Marita Hestetun IL Jotun Kvinner 23-34 år 40:48:00
2 Gro Zahl HSI Kvinner 40-44 år 43:51:00
3 Astrid Olafsdottir HSI Kvinner 55-59 år 44:38:00
4 Ingeborg Skrindo Gol IL Kvinner 16-22 år 45:28:00
5 Anna M. Tråve Lærdal IL Kvinner 65-69 år 46:43:00


5 beste menn totalt

Plass Fornavn Etternavn Klubb Klasse Tid
1 Lars-Martin Melheim Olden IL Menn 16-22 år 33:13:00
2 Espen Kristiansen Entra BIL Menn 35-39 år 33:26:00
3 Sigurd Hulbak Hemsedal IL Menn 23-34 år 35:37:00
4 Vidar Sire Torpo IL Menn 50-54 år 36:11:00
5 Roy Forthun Olsen IL Jotun Menn 40-44 år 36:24:00

Resultater som PDF

527A2697.jpg
Vinner i herreklassen - Lars-Martin Melheim. 

527A2705.jpg
Vinner i kvinneklassen - Marita Hestetun​.

527A2673.jpg
Nummer to i herreklassen ble Espen Kriatiansen. 

527A2704.jpg
En fornøyd Jens Ole Årdal. 

527A2734.jpg
Anna Tråve. 

527A2812.jpg
Anna Tråve og Bjørghild Holien i arrangørgruppa for Galdane Rundt. 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957