Dei første 1800 metrane gjekk såpass sakte at gullet fort ville gå til Awet Kibrab som vann det første heatet, om dei heldt fram slik. Erik Udø Pedersen hadde dregi feltet i fart til ei sluttid på ca. 15 minutt, og i og med at Kibrab hadde sprungi på 14.05,86, måtte det ei kraftig fartsauke til om medalje skulle bli utdelt til ein av løparane i A-finalen.
Zerei Kbrom Mezngi og Narve Gilje Nordås tok ansvar og skifta på å dra frå 1800 m til 4200 m. Farten dei heldt var så stor at alle dei andre måtte gradvis sleppe. Det vart òg meir og meir klart at tetduoen ville klare å slå tida til Kibrab. På dei to siste rundane skrudde Narve gradvis opp farta, og i siste sving måtte Zerei gi ei luke. Narve kunne kruse inn til 13.55,86 medan Zerei kom i mål på 13.58,47.
- Eg rakk ei lita feiring på oppløpet, men eg måtte kikka meg bak for ikkje å drita meg ut - slik at han ikkje plutseleg kom forbi meg. Det hadde ikkje tatt seg ut, fortalte Narve da han vart intervjua av NRK etter målgang. Både han og Zerei var klar over at dei måtte under vinnartida frå det første heatet for å ende opp med gull.
- Eg såg at det gjekk grueleg seint i starten med oss. Zerei såg det same og tok ansvar for å setje fart. Etter det så skifta vi på å dra. Siste gongen eg gjekk ut for å sleppe han fram, med to rundar att, så kom han ikkje, og da skjønte eg at eg berre måtte køyre sjølv derifrå og inn.
Zerei sette pris på samarbeidet og var òg godt nøgd med utfallet av det.
- Eg var veldig heldig som kunne springe med Narve. Vi samarbeidde heile vegen, sjølv om det var konkurranse, og det var veldig kjekt. Eg er veldig godt fornøgd, fortalde han til NRK.
Kampen om bronsemedaljen var ikkje berre ein kamp mellom tre mann i A-heatet, men det var òg spennande å sjå om dei ville klare vinnartida til Awet Kibrab. Dei måtte ha ein sisterunde på 60 sekund eller fortare for å slå han. Det gjekk veldig greit for Sigurd Ruud Skjeseth som sikra bronsen med 14.01,80. Bjørnar Sandnes Lillefosse og Marius Vedvik sneik seg òg framføre Awet Kibrab på totallista.
Bronsekampen vart ståande mellom desse tre, Bjørnar Sandnes Lillefosse (til høgre), Sigurd Ruud Skjeseth og Marius Vedvik. På sisterunden var mannen i midten sterkast. (Foto: Samuel Hafsahl)
Erik Udø Pedersen, som opphaveleg er sørlending, drog feltet i over fire rundar ut frå start. Til sist vart han nummer seks med 14.12,28. Klubbkamerat i Ull/Kisa, Senay Fissehatsion, endte ein plass og åtte sekund lenger bak. På totallista på 5000 m hadde Ull/Kisa heile fire mann mellom dei ti beste. (Foto: Samuel Hafsahl)
Feltet begynte ganske fort å strekkje seg ut da Zerei Kbrom Mezngi og Narve Gilje Nordås byrja å køyre lagtempo. (Foto: Samuel Hafsahl)
Plass: | Startnr: | Navn: | Klubb | SB: | PB: | Resultat: | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | 292 | Narve Gilje Nordås | Sandnes IL | 13,16,67 | 13,16,67 | 13,55,86 | ||
2 | 315 | Zerei Kbrom Mezngi | Spirit FIK | 13,37,59 | 13,58,47 | |||
3 | 426 | Sigurd Ruud Skjeseth | Ullensaker/Kisa IL | 13,41,47 | 13,41,47 | 14,01,80 | ||
4 | 109 | Bjørnar Sandnes Lillefosse | Gular, IL | 13,56,17 | 14,02,85 | |||
5 | 121 | Marius Øyre Vedvik | Gular, IL | 13,36,60 | 13,29,46 | 14,04,38 | ||
6 | 419 | Erik Udø Pedersen | Ullensaker/Kisa IL | 13,46,07 | 13,46,07 | 14,12,28 | ||
7 | 425 | Senay Amlesom Fissehatsion | Ullensaker/Kisa IL | 14,18,33 | 13,58,39 | 14,20,32 | ||
8 | 424 | Per Svela | Ullensaker/Kisa IL | 13,32,97 | 13,23,97 | 14,27,82 | ||
9 | 5 | Marius Garmann Sørli | Ask Friidrett | 14,25,28 | 14,25,28 | 14,35,84 | ||
10 | 322 | Mathias Flak | Steinkjer FIK | 13,58,55 | 13,58,55 | 14,38,47 | ||
11 | 98 | Philip Anders Anthelme Massacand | Gneist,IL | 14,25,35 | 14,25,35 | 14,38,76 | ||
12 | 149 | Marius Liljeberg Wang | Herkules Friidrett | 14,33,07 | 14,33,07 | 14,38,79 | ||
13 | 326 | Simen Hernes Ellingsdalen | Steinkjer FIK | 14,28,87 | 14,28,87 | 14,40,68 | ||
14 | 248 | Mathias Moen | Oslostudentenes IK | 14,28,31 | 14,28,31 | 14,45,00 | ||
15 | 303 | Tord Franke Ulset | Selsbakk IF | 14,28,51 | 14,28,51 | 14,47,92 | ||
16 | 346 | Trond Einar Moen Pedersli | Strindheim il | 14,14,43 | 14,14,43 | 14,51,89 | ||
339 | Abdulaziz M. Ebrahim | Strindheim il | DNS | |||||
436 | Eirik Gramstad | Vidar SK | 14,05,78 | DNS |
Alle resultat

Unge Marius Liljeberg Wang (til venstre) vart nummer 12 i A-heatet medan meir rutinerte Trond Einar Moen Pedersli kom på 16. plass. (Foto: Samuel Hafsahl)

Dagens 5000 m-mann var likevel Narve Gilje Nordås. På 10 000 meteren på sundag får vi truleg ein ny duell mellom han og Zerei Kbrom Mezngi. I og med at Zerei vanlegvis er sterkare på 10000 m enn på 5000 m, kan det bli skikkeleg spennande. (Foto: Samuel Hafsahl)
![]() |
Tilbake til samleside om NM Friidrett 2021 |
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.
Bli medlem og få mange medlemsfordeler!
Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957