Pernille Epland hadde berre tre menn framføre seg, og ned til dame nummer to, Silje Torsvik, skilte det 1 minutt og 41 sekund. 

– Tida var vel ikkje sånn kjempebra, men det vart litt tøft å pressa seg så veldig masse når eg sprang solo fra start til mål. I utgangspunktet var målet å ta løyperekorden min fra 2017, og det gjekk jo akkurat, fortalde vinnaren til Kondis. Den gamle rekorden var på 34.49, så dermed vart det ei forbetring på 3 sekund med ein tilhøyrande rekordbonus. 

Og mest av alt fekk ho med seg eit fint løp til i ein sesong som for Stord-løparen hadde ein trå start. 

– Eg kom seint igang med sesongen på grunn av skade, så eg hadde veldig lyst på et løp til, og det er veldig kjekt med sånne arrangement langt ute i november, fortalde Pernille som til neste år vonar å debutere på maraton. 

– Om kroppen speler på lag no i vinter, så blir det mest sannsynlig maratondebut i 2022. Er veldig spent på det! 

Òg vinnaren i herreklassen, Lars Lunde, var så suveren at han sprang åleine heile løpet. Egeintleg hadde Lars tenkt å springe halvmaraton, men ein plagsam hamstrings gjorde at han nøydde seg med 10 km, og det såg ut til å vera eit klokt val. 

– Eg synes løpet gjekk «greit». Hamstringen kom seg med ein god porsjon tigerbalsam, og sjølv om eg kjente på den heile løpet, så vart det aldri verre, og det kjentes ikkje ut som det hemma meg noko særlig, fortalde Lars Lunde som kom i mål på 30.42 og var 2 sekund føre si eiga vinnartid i 2019, medan han i 2017 vann på 31.34. Løyperekorden er på 30.23 og vart sett av Mats Hauge i 2018. 

Lars Lunde sa òg at han syneset det er kjekt å vera med på Karmøy Maraton, og det at han fleire gonger har teki turen frå Stord til Karmøy for å vera med, understreker det. No vil han leggje inn ein god treningsperiode, og planen er å springe ein rask halvmaraton til våren. 

– Sannsynlegvis blir det Barcelona i begynnelsen av mars, fortalde han. 

I alt fullførte 64 løparar den heller kuperte 10 kilometeren som går fram og tilbake i den siste delen av maratonløypa. 

KM-10km-start.jpgLars Lunde og Pernilla Epland (til venstre) tok kommando da 10 km-feltet vart sendt av garde. (Foto: arrangøren) 

KM-Start-10-km.jpg
Litt lenger bak følgde resten av feltet fint på. (Foto: arrangøren)

KM-Kjersti-Wroldsen.jpg
10 km-løypa går fram og tilbake med vendepunkt halvvegs. Her er det Kjersti Wroldsen som får til ei god vending. (Foto: arrangøren) 
 

  10 km menn      
1 Lars Lunde  NOR
Stord IL (Allianseidrettslag) 
30:42
2 Daniel Jacobsen  NOR
Gular 
32:00
3 Matt Whitfield  GBR
GTI Friidrettsklubb 
32:58
4 Eirik Clausen  NOR
Haugesund Idrettslag Friidrett - gr 
39:05
5 Irek Korfini  POL
Haugesund Triatlonklubb 
40:18
6 Sjur Tollevik  NOR
Haugesund Triatlonklubb 
40:53
7 Hans Jacob Sausjord  NOR
Team Gardstøl 
41:45
8 Gracjan Panasiuk  POL
KOPERVIK 
42:15
9 Jan Espen Lanton  NOR
Åsebøen Løpegruppe 
42:21
10 Marius Stensland  NOR
STAVANGER 
42:25
11 Peter Sonnenberg  NOR
Haugesund Idrettslag Friidrett 
42:27
12 Claus Kofoed  DEN
RENNESØY 
42:39
         
  10 km kvinner      
1 Pernilla Epland  NOR
Stord IL (Allianseidrettslag) 
34:46
2 Silje Torsvik  NOR
Spirit Stavanger Friidrettsklubb 
36:27
3 Hildegunn Håland  NOR
Trio 
44:13
4 Maria Teige  NOR
HAUGESUND 
45:01
5 Elisabeth Hernes  NOR
F&B Energy Treningssenter 
50:06
6 Cathrine Rantaniitty  NOR
HAUGESUND 
51:44
7 Therese Knædal  NOR
ÅKREHAMN 
54:01
8 Mona Moss-Iversen  NOR
GTI Friidrettsklubb / Susbil 
56:39
9 Renata Palamarz  POL
SKÅNEVIK 
57:27
10 Aslaug Faltinsen  NOR
SANDVE 
58:47
11 Sunniva Bakke  NOR
VORMEDAL 
59:35
12 Hege Steindal  NOR
Hege Steindal 
59:43


Halvmaraton – den klart største distansen

Med 210 fullførande var halvmaratondistansen den klart største i Karmøy Maraton. Halvmaratonløypa går fram og tilbake, akkurat som på 5 kilometeren, men ein spring 5,5 km lenger før ein snur. 

Maryna Novik som i fjor vann maratonløpet på norsk årsbeste, var i år først i mål av kvinnene på halvmaraton. Ho tok det som ei gjennomkøyring før eit maratonløp i Delaware i USA om to veker. Planen var å springe på 1.23 i Karmøy, og dermed hadde ho all grunn til å vera nøgd med 1.23.08. Maryna har sjølv løyperekorden med 1.19.08, sett i 2019. 

Anne Jorun Hodne som har halvmaratonpers på 1.16.56 frå 2006, vart nummer to med 1.27.30 medan Laila Himle var berre sekundet bak Hodne på tredjeplass. 

I herreklassen skilte Johannes Thomsen og Kristoffer Nordhus seg klart ut og vart nummer ein og to med 1.11.58 og 1.12.03. Fredrik Delikås vart nummer tre med 1.15.36. Av flere gode veterantider kan vi trekke fram Kenneth Westerheim som vant 50-årsklassen på 1.21.30. 

KM-Maryna-Novik.jpg
Maryna Novik vann maratonløpet på Karmøy i fjor. I år brukte ho halvmaraton som trening før eit maratonløp i USA om to veker. (Foto: arrangøren) 

KM-Anne-Jorunn-Hovde.jpg
Anne Jorun Hodne har sprungi på høgt nasjonalt nivå, og framleis er det framdrift i steget. No vart ho nummer to på halvmaraton med 1.27.30. (Foto: arrangøren)

KM-halvmaratonpallen.jpg
Johannes Thomsen vann halvmaratonløpet framføre Kristoffer Nordhus og Fredrik Deilkås. (Foto: arrangøren) 

KM-Frode-Monsen.jpg
Trass i tiltakande regnvêr var det ein del tilskodarar langs løypa. Her er det Terje Røssland Nes (til venstre) og Frode Monsen som blir heia fram. Røssland Nes vart nummer fire i klasse 45-49 år og Monsen nummer to i 60-årsklassen. (Foto: arrangøren)

KM-Stian-Katla.jpg
Minst like mye jubel vart Stian Katla til del. Han var raskast av dei under 20 år med 1.38.33. (Foto: arrangøren) 
 

  Halvmaraton menn      
1 Johannes Thomsen  NOR Stord IL (Allianseidrettslag)  01:11:58
2 Kristoffer Nordhus  NOR Haugesund Idrettslag Friidrett - gr  01:12:03
3 Fredrik Deilkås  NOR Fredrik Deilkås / Djerv 1919  01:15:36
4 Johan Nyland  NOR Vedavåg Karmøy SK  01:15:42
5 Henning Tjøstheim  NOR Spirit Stavanger Friidrettsklubb  01:16:03
6 Espen Helgeland  NOR AKSDAL  01:16:58
7 Sander A Deilkås  NOR Djerv 1919  01:17:09
8 Fredrik Nordhaug  NOR Spirit Stavanger Friidrettsklubb  01:17:16
9 Finn Isaksen  NOR Isaksen Autospa  01:17:30
10 Kenneth Westerheim  NOR Stord IL (Allianseidrettslag)  01:21:30
11 Anders Heggen  NOR BERGEN  01:22:10
12 Øystein Olsen  NOR Kolnes IL  01:22:27
         
  Halvmaraton kvinner      
1 Maryna Novik  NOR Klypetussen  01:23:08
2 Anne Jorunn Hodne  NOR Spirit Stavanger Friidrettsklubb  01:27:30
3 Laila Himle  NOR Stord IL (Allianseidrettslag) / Stord IL  01:27:31
4 Silje Hundhammer  NOR HAUGESUND  01:32:05
5 Elisabet Langseth Esperø  NOR MOSTERHAMN  01:38:14
6 Magnhild Kalstø  NOR Åsebøen Løpegruppe  01:40:55
7 Kristine Bokneberg Stange  NOR KOPERVIK  01:44:10
8 Trude Sundsteigen  NOR Trio / Il Trio  01:45:46
9 Ellen Torland Mannes  NOR Åsebøen Løpegruppe  01:46:28
10 Kristin Fidjeland  NOR Vedavåg Karmøy SK  01:46:38
11 Silje Nordhus  NOR Åsebøen Løpegruppe  01:47:19
12 Mona Tyssøy  NOR Rossabø Runners  01:47:34

 

Den lange rundturen rundt øya

79  løparar sprang den 42 km lange runden rundt heile den sørlege delen av Karmøy. Løypa bølgjer seg litt opp og ned sjølv om det òg er ein god del flate strekk. Utsikta var denne gongen litt hemma av gråvêret, men med relativt lite vind og ok temperatur, var det alt i alt ein bra dag å springe langt på. 

Første kvinne i mål var islandske Holmfridur Adalsteinsdottir som brukte 3.11.35. Holmfridur bur i Noreg og spring for Husnes-klubben IL Trio. I fjor sette ho islandsk rekord i klasse 45-49 år med 2.59.25. Da vart ho nummer to – bak Maryna Novik – medan ei litt dårlegare tid heldt til siger i år. Vivian Kyte vart nummer to med 3.18.53. 

I herreklassen gjekk sigeren til Sandnes-løparen Frode Tjelta som spring i klasse 45-49 år og kom i mål på pene 2.38.57. Han hadde ei god stund følgje av Eirik Kvalevåg som vart nummer to med 2.40.22. 

15 av dei 79 maratonløparane var kvinner. I alt fullførte 352 løparar ein av distansane, noko som er ein del under rekordåret 2019 da 484 tok seg til mål. Men med høg trivselsfaktor og velsmakande pepperkaker servert i mål, så er det nok god sjanse for at mange stiller på nytt til neste år. 

KM-maratonpallen.jpg
Holmfridur Adalsteinsdottir vann maratonløpet med Vivian Kyte på andre- og Gro Anita Aartun Imsland på tredjeplass. (Foto: arrangøren)

KM-Frode-Tjelta-og-Eirik-Kvalevaag.jpg
Dei to beste i herreklassen, Frode Tjelta (5) og Eirik Kvalevåg, var samstemte og gav fotografen tommel opp. (Foto: arrangøren) 

KM-Vivian-Kyte.jpg
Eit oppmuntrande vink kom det òg frå kvinne nummer to, Vivian Kyte. (Foto: arrangøren) 

KM-Einar-Tho-og-Jon Sletteskog.jpg
Einar Tho (110) forbetra fjorårstida med 7 minutt, og den nye persen er på 3.10.30. Jon Slettesskog måtte gi litt taum etter kvart, men kom i mål på 3.14.15. 

KM-matstasjon.jpg
Eit stort funksjonærkorps sørgja for væske og næring til løparane. 
 

  Maraton menn      
1 Frode Tjelta  NOR Sandnes IL  02:38:57
2 Eirik Kvalevåg  NOR SOLA  02:40:22
3 Christian Nøttveit  NOR Teqva BIL  02:49:09
4 Stein Henrik Olaussen  NOR Varegg Fleridrett  02:51:45
5 Glenn Solvang  NOR Kopervik IL / Åsebøen Løpegruppe  02:54:28
6 Johannes Solstad  NOR Solstad Running Team  02:57:30
7 Øystein Langeland Sandvik  NOR HAUGESUND  03:08:59
8 Einar Tho  NOR Torvastad IL  03:10:30
9 Erik Kriek  NOR Åsane CK  03:11:28
10 Ove Wolff  NOR Hyllestad IL  03:12:43
11 Thomas Andersen  NOR VIGRESTAD  03:13:11
12 Jon Sletteskog  NOR Haugesund Triatlonklubb  03:14:15
         
  Maraton kvinner      
1 Holmfridur Adalsteinsdottir  ISL Trio  03:11:35
2 Vivian Kyte  NOR Stegaberg IL  03:18:53
3 Gro Anita Aartun Imsland  NOR Team Imsland  03:28:33
4 Linda Ausdal  NOR NEDSTRAND  03:47:08
5 Esther Svardal  NOR Vardenes ski  03:51:26
6 Liv B. Jegteberg Lystad  NOR Sportsklubben Vidar  03:56:05
7 Ingrid Solem  NOR Vardenes ski  03:59:59
8 Kjersti Tollaksen  NOR Vardenes ski  04:00:00
9 Lise Lithun  NOR Gjesdal IL  04:09:45
10 Sissel Kvilhaugsvik  NOR Sandnes IL  04:33:03
11 Anna Maria Balicka  POL KOLLTVEIT  04:44:39
12 Lise Haukås  NOR HAUGESUND  04:47:24


Alle resultat

KM-Leif-Inge-Yrke.jpg
Leif Inge Yrke som sprang mila på ca. timen var heilt klart ein av dagens gladaste i denne utgåva av Karmøy Maraton. (Foto: arrangøren)
 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957