Ingressbildet: Johan Bugge, Eidsvåg IL, mot mål i Varden Opp til suveren siger på ny løyperekord. Johan sprang i mål på tida 16.25 i den 3,8km lange løypa frå Molde sentrum med 406 høgdemeter opp til mål på Varden. Han forbedra sin eigen rekord frå 2018 med 19 sekundar og var 1 min 36 sek. raskare enn nr 2 Anders Haga. Frå målområdet er det praktfullt utsyn over Molde med fjord- og fjellandskapet omkring. (Foto Stian Drogseth).

960_JohanBugge i løypa.Foto Lillian Langset.jpg
Johan Bugge på veg opp den praktfulle og varierte Varden-Opp-løypa. Dette er "en løype for min smak" seier Johan til Kondis.no. Johan legg til at han synest løpet var bra arrangert og at arrangøren (MOI) har lukkast med å vise at det går an å arrangere løp med ei flott ramme tilpassa smittevernsreglane. Kondis.no sin utsendte, som sjølv deltok i løpet, trur at alle som deltok vil vere samde med Johan i dette. (Foto: Eivind Monsås)

Johan Bugge har i mange år vore i Europa- og verdstoppen i motbakkeløp. I 2015 vann han både NM og EM i motbakkeløp. Han er den einaste frå Noreg som har EM-gull på seniornivå i motbakkeløp. Johan har også vunne fleire løp i World-Cup i Mountainrunning. I år er alle internasjonale meistarskap avlyst. Det same gjeld alle dei store internasjonale løpa. I år ser det ut til at konkurransemenyen for Johan og alle oss andre blir avgrensa til løp i Noreg med mindre enn 200 deltakarar i samsvar med gjeldande smittevernsreglar. Neste helg, 12. september,  ser Johan fram til å delta i motbakkeløpet Skarsteinsetra Opp i Olden. Etter det sterke løpet med ny løyperekord i Varden Opp ser det ut til at Johan er i god positiv rute til å kunne sette ny løyperekord også i Skarsteinsetra Opp.

960_Ingeborg Synstnes Hole. Foto Dag Undhjem.jpg
Det vart ny løyperekord også i kvinneklassa. 13-årige Ingeborg Synstnes Hole, Åndalsnes IL, sprang i mål som suveren vinnar på tida 20:15 og forbedra si eiga rekordtid frå i fjor med 1 min 20sek. Den nye rekordtida er på eit høgt nivå. Ingeborg slo nr 2 Johanna Åström med over eit minutt. Johanna som kjem frå Sverige er ein internasjonal toppløpar innan Fjelløping/Skyrunning som fortida bur i Åndalsnes (sjå omtale av Johanna nedanfor). Ingeborg må kunne seiast å vere særs lovande og ho er også på høgt nivå i langrenn der ho sist sesong var Midt-Norsk meistar. Ho har gode gener for kondisjonsidrett. Far hennar er Terje Hole som m.a har 4NM-gull i maraton og mor hennar er Brynhild Synstnes som m.a har NM-gull både på maraton, halvmaraton og terrengløp. (Foto: Dag Undhjem)

960_Ingeborg Synstnes Hole og Rigmor.jpg
Her blir Ingeborg Synstnes Hole intervjua like etter målpassering av journalist Rigmor Sjaastad Hagen som laga reportasje for både Romsdals Budstikke og Åndalsnes Avis. (Foto Christian Prestegård)

960pk_Johanna Åström Nr2.FotoStianDrogseth.jpg
Johanna Åström, Arc'teryx, mot mål som nr 2 på tida 21:20. Johanna som er frå Sverige er ein internasjonal toppløpar innan Fjelløping/Skyrunning som no bur og trenar i Åndalsnes. I fjor imponerte ho med ei lang rekke suverene sigrar i ulike motbakkeløp i Noreg der ho har sett nye løyperekordar, m.a. i Mefjellet Opp på Sunnmøre som også var NM i motbakkeløp. Der slo ho norgesmeistaren Karoline Holsen Kyte, Førde IL med 32 sek. og sletta samstundes den gamle løyperekorden til tidlegare EM- og VM-vinnar i motbakkeløp, Anita Håkenstad Evertsen. Andre løp som Johanna har sett nye løyperekordar i er bl.a. Blåmann Vertical (ved Tromsø), Varden Opp (Sula), Blåfelden Opp (Syvde) og Tromsø Skyrace, men i Varden Opp vart ho fråløpt av ei særs lovande 13 år gamal jente frå Åndalsnes. (Foto Stian Drogseth).

960pk_StartenElite.jpg
Frå starten i elitepulja. Her vil eg fyrst og fremst starte med å kommentere dei velorganiserte startpuljene i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Arrangør Molde og Omegn IF (MOI) ved løpsleiar Thomas Sandhaug hadde bestemt seg for å gjere det dei kunne for at alle skulle følje gjeldande smittevernsreglar ved å dele opp i startpuljer med maks 25 i kvar og med 5 minutt intervall mellom kvar pulje. Speaker ropte opp namna på alle som skulle inn i ei pulje med krystallklar melding om at det skulle vere maks 5 personar i ei linje og med minst ein meter mellom kvar løpar og mellom kvar rekke. I fyrste linje ser vi frå høgre  Ola Hovdenak, Johan Bugge, Anders Haga, Benjamin Werner og Håkon Eliassen (Foto Stian Drogseth)

960pk_The Stig. Foto StianDrogseth.jpg
Kondis-norsk organisasjon for kondisjonidrett- som eg representer ønskjer også å ha stort fokus på løpeglede og mosjon for alle. Varden Opp er eit løp som alle kan klare. Firmaet Axess var eit flott showprega innslag i løpet. Axess ønskjer å ha eit sporty friluftsorientert arbeidsmiljø. Dei hadde fellesstart i forkant av elitepulja. På T-skjortene står «The Stig» og det var for å hylle ein gründar i selskapet Stig Brudeseth (Foto Stian Drogseth)

960pk_Fostervold og Uran.jpg
Den tidlegare fotballspelaren og toppsyklisten Knut Anders Fostervold (49år) held seg i særs god form og sprang i mål på tida 20:23. Til høgre Are Uran, Havørn, som legg inn ein langspurt og kjem i mål på 20:22. (Foto Stian Drogseth)

960pk_Daniel Berg Hestad. Foto Stian Drogseth.jpg
Det er fleire "gamle" toppfotball-spelarar i Molde som held seg i særs god form. Daniel Berg Hestad (45 år) spring i mål på 20:37. (Foto Stian Drogseth)

960pk_Ola Hovdenak. Foto Stian Drogseth.jpg
Ola Hovdenak, Romsdal Randoneeklubb, har god trening i springe bratte motbakker både med og utan ski. I Varden Opp vann han kl. M40-49 år på tida 19.07 og vart nr 5 totalt. (Foto: Stian Drogseth)

960pk_Benedikte113 og nr 116.jpg
Mor og dotter mot mål. Startnr 113 er Benedikte Liepelt som sprang i mål som nr 6 totalt på tida 24.03. Ho er mor til Erica Liepelt Uran med startnummer 116. (Foto Stian Drogseth)

960pk_JulieFemoen48 og CarolineGjerde51.jpg
Julie Femoen (nr 48) og Caroline Gjerde (nr 51), begge Molde og Omegn IF, vart nr 1 og 2 i 10-12års-klassa med tidene 29.28 og 29.40. (Foto Stian Drogseth)

960pk_Utsyn frå mål på varden. Foto Christian Prestegård.jpg
Utsyn og vidsyn frå mål på Varden (Foto Christian Prestegård)

960pk_ChristianP og ThomasS.jpg
Kondis.no's utsendte i samtale med løpsleiar Thomas Sandhaug på toppen ved mål etter løpet. Thomas sprang sjølv opp på tida 22.09 og skal løpe ned igjen for å hente bilen sin ved start. Thomas fekk med seg mine postive tilbakemeldingar på løypa og arrangementet. Varden Opp, som i år vart arrangert for 3. gang, har nok eit stort potensiale til å bli eit mykje større løp dersom løpet blir arrangert i ei helg og ikkje som kveldsløp midt i veka. Det praktfulle utsynet og vidsynet frå mål på Varden illustrerer godt kor flott arena dette er for eit stort motbakkeløp for alle.  Pt. har fjelløpet Molde7topper (som i år dessverre måtte avlysast) 1. prioritet og det kan det jo ha sjølv om Varden Opp blir arrangert på ein laurdag. I Varden Opp på torsdag kveld var vi begge samde i at det var ein stor premie i seg sjølv å få delta med startnummer på brystet i dette flotte motbakkeløpet. (Foto Stian Drogseth)


De raskeste i Varden Opp:

Kvinner (27 deltagere):
1 150   Ingeborg Synstnes Hole Åndalsnes IF J 13-14 20:15
2 98   Johanna Åström Arc’Teryx K 20-29 21:20
3 118   Helene Herje Bris Trening K 30-39 23:04
4 123   Linn Mikalsen Rolfsen Mopil K 20-29 23:32
5 124   Marit Bjerkeli MOI K 40-49 23:45
6 113   Benedikte Liepelt Idrett Uten Alkohol K 40-49 24:03
7 76   Kirsten Amundsgård The Stig - Send-Off Tour 2020 K 30-39 24:20
8 125   Iren Nordal Midsund IL K 40-49 24:52
9 121   Ragnfrid Vikhagen Stokke MOLDE K 30-39 25:18
10 141   Malin Indergård Romsdal Randonee Klubb J 15-19 25:45
             
Menn (119 deltagere):
1 63   Johan BUGGE Eidsvåg IL M 20-29 16:25
2 92   Anders HAGA Åsen IL M 20-29 17:59
3 149   Iver Synstnes Hole Åndalsnes IF G 15-19 18:13
4 91   Iver Matias Linge Glomnes Strindheim IL M 20-29 18:40
5 111   Ola Hovdenak Romsdal Randoneeklubb M 40-49 19:07
6 64   Jan Roger Hagen Straumsnes IL M 30-39 19:12
7 60   Thomas Foyn NTNUI  M 20-29 19:34
8 17   Håkon Eliassen Øvrebø Gaular IL M 20-29 19:40
9 146   Tore Malo Ødegård Molde og Omegn IF M 30-39 19:50
10 11   Sturle Starheim Gossen IL M 40-49 19:53
11 70   Eskil Engdahl Torvikbukt IL M 20-29 19:58
12 2   Brage Bjerkeli Molde og Omegn IF G 10-12 20:16
13 67   Are Uran Havørn M 40-49 20:22
14 24   Knut Anders Fostervold SKÅLA M 40-49 20:23
14 10   Jørgen Kvalsvik Romsdal Randonee Klubb M 30-39 20:23
16 58   Daniel Berg Hestad MFK M 40-49 20:37
17 107   Hans Petter Sundhagen Romsdal Randonee Klubb M 30-39 20:41
18 8   Elias Birkeland Romsdal Randonee Klubb M 20-29 20:51
19 55   Magnus Røysum Espeland Romsdal Randonee Klubb M 30-39 20:54
20 130   Ingvar Grønseth Bud IL M 40-49 21:09

Fullstendig resultatliste

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957