Hanna Børve kjem opphavleg frå Øystese i Hardanger, og ho har opp gjennom åra trena tallause timar på Sjusete skisenter, der Torefjellsrennet gjekk i helga. No bur ho på Lillehammer der ho trenar skiskyting og studerer, men tok turen heim til Hardanger for å konkurrere i heimlege løyper. Der vart ho beste kvinne på fristil 20 km.

– Vær og forholdene på Sjusete var topp i helga, og eg synes det var eit veldig kjekt løp å gå sjøl om det er noko veldig annerledes enn konkurransene eg pleier å gå!  Synes det var kult å starta sammen med eit så variert felt, og kjempe mot mange forskjellige underveis, sier Hanna Børve til Kondis.

På sin Stravaprofil utdjupar Hanna korleis forskjellen var på dei ho vanlegvis konkurrerer med:

– Fellesstart5 med 90 % «hvite menn som pusher 50». Nyydelig økt og eg fekk gitt litt tjedeng.

Her må det leggjast til at det faktisk var god konkurranse frå dei eldre mennene ho konkurrerte med. Hanna vann kvinneklassen på 49:26, og i resultatlista ser vi at til dømes Bjarte Jordal, som vann klasse M51-60, fekk tida 50:37.

Hanna Børve understrekar at dette var berre kjekt:

– Eg synes det var kult å starta sammen med eit så variert felt, og kjempe mot mange forskjellige underveis. For min del tok eg på det som ei god treningsøkt, og det blei det absolutt! Det blei pushing heile vegen frå start til mål, og eg fekk virkelig kjent på å gå hardt over lang tid!

Og gjensyn med løypene på Sjusete var stort for Hardangerjenta:

– Eg synes det var stas å konkurrere i løypene der eg har trent utallige timar opp gjennom, og håpar det blir mulig for meg å stille på Torefjellsrennet dei neste årene også!

Les mer om årets Torefjellsrenn: Drømmeforhold i Torefjellsrennet

1U9A2656_1.jpg
Hanna Børve var beste kvinne i fristilsdistansen i årets Torefjellsrenn.

Andreplassen blant kvinnene vart det Heidi Berlandstveit frå Hålandsdal IL som tok. Sølvi Nyvoll Tangen frå Fana IL tok den siste pallplassen.

1U9A2901.jpg
Heidi Berlandstveit frå Hålandsdal IL inn til andreplassen.

Alle resultater Torefjellsrennet fristil

Resultat kvinner fristil 20 km:

Plass Startnr. Navn Klubb Klasse Tid
1 90 Hanna Børve Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb K21-30 0:49:26
2 68 Heidi Berlandstveit Hålandsdal IL K31-40 0:51:42
3 89 Sølvi Nyvoll Tangen Fana IL K41-50 1:01:14

1U9A3022.jpg
Sølvi Nyvoll Tangen. Premieringa var lokalproduserte matvarer.

Thrilleroppgjer blant herrane

1U9A2844.jpg
Marius Flatebø frå Vargar IL og Kristoffer By Vollset vart dømd likt i mål. Thomas Vethe frå Vargar IL tok tredjeplassen sekundet bak dei to framfor.

For herrane vart det ein kamp om sigeren heilt til målstreken, der det heller ikkje vart avgjort: Marius Flatebø frå Vargar IL og Kristoffer By Vollset vart dømd likt i mål. Thomas Vethe frå Vargar IL tok tredjeplassen sekundet bak dei to framfor.

Kristoffer By Vollset hadde nokre timar før gått inn til ein andreplass på klassiskdistansen, der han kjempa om sigeren med Matias Oppedal, som også gjekk begge distansane. Matias enda på ein sterk 4. plass i fristil.

Resultat menn fristil 20 km:

Plass Startnr. Navn Klubb Klasse Tid
1 67 Marius Flatebø Vargar IL M19-20 0:46:14
1 88 Kristoffer By Vollset NTNUI / Team Fotmob M21-30 0:46:14
3 74 Thomas Vethe Vargar IL M21-30 0:46:15
3 73 Matias Oppedal Fana IL M31-40 0:46:57
5 91 Magnus Kallager Varegg Fleridrett / Onesubsea M31-40 0:49:25
6 84 Birk Sæle Uskedalen IL M19-20 0:49:27
7 86 Rune Herheim Voss IL M41-50 0:50:14
8 64 Bjarte Jordal Fana IL M51-60 0:50:37
9 94 Anders Veum Varegg Fleridrett M21-30 0:51:00
10 96 Espen Roll Karlsen   M31-40 0:51:02
11 66 Andre Ringdal Sjøforsvaret M51-60 0:51:40
12 87 Erlend Ukvitne Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb M21-30 0:51:42
13 78 Ruben Dyrhovden Samnanger IL / Dyrhovden Enerski M31-40 0:51:52
14 97 Bjørn Rusten Lundberg Varegg Fleridrett M21-30 0:52:31
15 70 Thor-Andre Søyland Fana IL / BFG Bergen Løpeklubb M31-40 0:52:46
16 93 Morten Føyen Stord IL M41-50 0:53:07
17 99 Lars Olav Brattabø Osterøy IL M51-60 0:53:33
18 79 Stian Moss Samnanger IL / Gneist M41-50 0:54:08
19 72 Morten Leikvoll Fana IL M51-60 0:54:48
20 85 Vigleik Tysseland Samnanger IL M61-70 0:55:17
21 82 Olav Svendal Aase TIF Viking M51-60 0:56:21
22 71 Petter Havsgård Martinsen Hålandsdal IL M31-40 0:56:24
23 98 Egil Landøy Ytre Arna M41-50 0:56:29
24 81 Alfred Baggetun Høyanger M61-70 0:57:17
25 77 Einar Vikingstad Torvastad M71+ 0:58:11
26 92 Hallgeir Torpe Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb M41-50 0:59:31
27 65 Raymond Gjerde Bulken M41-50 1:00:22
28 83 Espen Kallekleiv Lonevåg M31-40 1:03:22
29 76 Rickard Willemoes Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb M31-40 1:04:06
30 95 Luca Klingenberg Varegg Fleridrett M21-30 1:07:41
31 75 Andreas Dulsrud Bergen M31-40 1:09:31
32 69 Jan Steineger Gneist M61-70 1:11:50

1U9A2536.jpg 
Magnus Kallager fra Varegg Fleridrett/Onesubsea inn til en 5. plass.

1U9A2628.jpg
Marius Flatebø og Thomas Vethe, begge frå Vargar IL, går i front frå start.

1U9A2638.jpg
Matias Oppedal hengjer seg på dei beste i front.

1U9A2643.jpg
Birk Sæle, Uskedalen IL, inn til ein 6. plass.

1U9A2644.jpg
Rune Herheim, Voss IL. 7. plass

1U9A2717.jpg
Bjarte Jordal, Fana IL, viser at eldre menn kan gå fort på ski. Han vinn klasse M51-60 og tek ein 8. blant alle menn.

Sjå fleire bilete frå fristilrennet øvst i artikkelen.