For ein duell i den no kondis- sertifiserte løypa på 1718 m der dei fyrste 115 m er flate, og resten kraftig motbakke. Morten Gjendem kom i mål på 6.24 hardt pressa av Thomas Finshus berre eitt sekund bak - kjempeløp av begge!

Maryna Novik, IF Klypetussen som nyleg løp maraton på sterke 2.54.10 i Barcelona Marathon har ikkje gløymt motbakkekunnskapen sin. Ho kom i mål på 8.01, eitt fattig sekund bak sin eigen løyperekord satt for to år sidan.

82 deltakarar i alt er litt bak deltakarrekorden på 106, men av dei betre like fullt. 10 deltakarar i barneløpet var arrangøren IF Klypetussen glad for.

Etter løpet hadde IF Klypetussen 37-årsfest med festtalar og løpar Sigmund Hansen, medaljar til alle ungane og trekking  av fine premiar. Kr 500,- trekt ut til trufaste syklist og dugnadsarbeidar, Knut Leknes.

Trongjo Opp hadde i mange år både eitt vårløp og eitt haustløp. Difor er det arrangert fleire utgåver av løpet enn dei 37 åra som har gått sidan stiftinga av Klypetussen den 2. april 1982.

Neste løp i Klypetuss-karusellen går komande laurdag - 13. april kl. 14.00. Sjå plakat nederst.

Trongjo_opp_resultater_2019_2_.jpg
Trogjo_opp_barneloep_resultater_2019_640.jpg
Trongjo ned 2019_plakat_640.jpg
Ingolf_Dale_Loeypemaaler_640.jpg
Løypene er målt: IF Klypetussen har hatt vitjing av Ingolf Dale frå Stavanger som har kontrollmålt både Trongjo Opp og Trongjo Ned. Sjølv om det ikkje er snakk om runde distansar som 5 og 10 km, er det fin løparservice å kunne fortelje løparane akkurat kor lang løypa er. 

Loeypesertifikat_640.jpg