Susanne Wigene spring 15. "Langs Åkrafjorden"
Susanne Wigene la opp som toppløpar for nokre år sidan. Men alderen tilseiar at ho for den del framleis kunne vore i verdseliten. Men kondisjon er som kjent ferskvare, men IF Klypetussen er kjempeglad for at me fekk ja frå denne ekstra blide Haugesundsjenta. 

Susanne W 1.jpg
Susanne gjorde mange idrettsinteresserte glade då ho sprang inn til sølv i EM. No kjem ho som forgrunnsfigur til "Langs Åkrafjorden".! Foto utlånt av Susanne sjølv.

15. "Langs Åkrafjorden" større premiar enn nokon gong
Premiane til dei tre raskaste er heva betrakteleg sidan 2016.
1. premie er i år kr 3000,-    2. premie kr 1500,-   & 3. premie kr 1000,-
I tilleg er det flott HardangerBestikk for fyrste dame og mann på "Bergprisen".

Løyperekord kr 2500,-
Som om ikkje det var nok løyperekord gjev kr 2500,- i tillegg.
Kvinner: Maryna Novik,         IF Klypetussen   40.33    (2014) ?
Menn:     Laban Onderi Siro, IF Klypetussen   33.35     (2012)

Laban Siro har vunne mellom anna det store Midnattsloppet i Gøteborg to gonger. For å setja løyperekord i den krevande løypa langs Åkrafjorden, måtte han mellom anna slå landsmannen Francis Kipketer Chesumai som tre årtidlegare hadde vunne storløpet Montreal Maraton.

Jubileum x 3
I 2017:
1. Fyller IF Klypetussen 35 år (2. april 1982) ...logo

2. 15. "Langs Åkrafjorden"

3. Åkrafjordvegen vart opna 9. april (!) for 75 år sidan.

Opp til 1100 mann hadde Statens vegvesen i gong under krigen.
Alt arbeidet vart gjort med handamakt og stor ingeniørkunst. Son til ein av arbeidarane fortalte nyleg at far hans jobba på vegen. Heilt i slutten av byggjeperioden (1937 - 1942) hadde han for fyrste gong sett ein pressluft-bor i aksjon. Altså så og seia alt på dette imponerande byggverket vart gjort med handamakt.

Variert løype med vedunderleg fjell og fjordutsikt
Løpet er kontrollmålt til nøyaktig 11 km, og sterkt kupert. Ein startar på 87 m over havet, 5oo m nedover, før samanhengane motbakke opp til "Bergprisen" på 252 m.o.h. Då har ein sprunge 2950 m. Så er det nedover og med flate platå innimellom heilt til 8 km ved fjorden. Siste 3 km er lettare kupert til siste 200 m knallhard motbakke opp til mål ved Åkrafjordtunet.

"Langs Åkrafjorden" samla inn kr 650.000,- til kreftforsking.
I 2013 var det over 650 deltakarar. Gjekk, sykla eller sprang til inntekt for forsking på Ewing`s sarkom. Eitt av våre bygdebarn - Kenneth Birkenes - har denne sjukdommen. "Langs Åkrafjorden" med Jorunn Halsnes og Anne Britt Grindheim i spissen, gjorde ein kjempejobb slik at arrangementet samla inn kr 650.000,- til denne forskinga. 

IMG_5632.jpg
IF Klypetussen satsar spesielt på jentene i 2017. Her er dei tre raskaste jentene frå 2016:Frå venstre Solveig Aksnes, Maryna Novik og Monica Rasmussen

I 2017 har premiesummane auka til 1. pr. kr 3000,-  2. pr. kr 1500,-  og 3. pr. kr 1000,-. Løyperekord kr 2500,-.
Foto: Sellevold/Kondis

001.JPG
Laban Onderi Siro gjorde kanskje sitt sterkaste løp i karrieren då han slo den sterke landsmannen Francis Kipketer Chesumei i "Langs Åkrafjorden"  i 2012 og fekk 33.35 på 11 tøffe km.   Foto: Sellevold/Kondis

008.JPG
Sjå godt på bilete: denne tøffinga i kvit overdel, miste eine foten i arbeidsulukke på jobben. Likevel er han ein av dei trufaste i "Langs Åkrafjorden".                                                       Foto: Sellevold/Kondis

017.JPG
Også ein mogelegheit Ole Sævareid og kona Sigrid la ein del av brullups-feiringa til "Langs Åkrafjorden"

021.JPG
Laban Onderi Siro frå Kenya, går over mål til fenomenal løyperekord på 11 sterkt kuperte km: 33.35.

025-1.JPG
Ragnar Stølsmark er også ein god løpar. Han er nr. 3 på adelskalendaren i "Langs Åkrafjorden".

029.JPG
Thomas Finshus, Stegaberg IL har vore trufast på løpet. Han gjer alltid sitt beste og sørger for høgt nivå. Sjå DET steget opp den megabratte bakken opp mot mål etter 11 km.