IF Klypetussen feira 36-årsdagen med deltakarrekord og løyperekord i "Bjørkeklubben Over"

Rekorden på 85 trimmarar og løparar vart sett for fem år sidan. Med funksjonærløp er deltakarrekorden no heile 100.

Egil Prestegård vann 20 Million-Flax....
Ved 85 eller fleire deltakarar lova IF Klypetussen å trekkja éin konvolutt med tjue Million-Flax. Løpsnamnet kjem av at den vesle bakken/klubben på vegen ligg på garden Bjørk. Og jammen var det ikkje "gamlebonden" på Bjørk, Egil Prestegård, som vann alle Flax-lodda.

Barneløpet ein stor suksess! 
16 løparar frå 0 - 12 år stilte i "Litla-klubben", nytt tiltak av året. Dei sprang dei siste 450 m av løypa. Starten var midt oppe på Bjørkeklubben, og mål på same plass som dei vaksne. Alle saman fekk den nye, flotte medaljen. Ungar frå seks ulike klubbar gjennomførte løpet. Etne IL var størst med heile 7 born.

Ein stor kontingent rekordsultne løparar frå Haugesund IL var med å setja farge på "Bjørkeklubben Over". 

43 år gamle Johannes Alne is still "the One and Only
Tedros Haile, HIL forsøkte seg på den lengelevande rekorden til Johannes Alne, Ås IL. I det vakre april-veret  i Stordalen i Etne var han berre 8 sekund bak. Det betyr at han må koma attende neste år....

Strålande løp i "Bjørkeklubben Over"
Vilde Våge Henriksen, HIL "gruste" den gamle rekorden med 9 sekund og vart fyrste jente under 4 minutt i den 1269 m lange løypa langs Stordalsvatnet. Rekorden hennar er 3.59. Det var ingen kvensomhelst som hadde rekorden, nemleg Miriam Berg Hovda. 

Arrangør-bonus 2019:
KÅRE OSNES utfordrar sin konkurrent frå "gamle dagar" - fotballdommar OLAV SVENDSEN frå arrangørklubben. 

Tilskiparane IF Klypetussen fekk ros på 36-årsdagen for løp og arrangement på ungdomshuset på Frette etterpå.

Neste tilskiping i "Klypetuss-karusellen" er Trongjo Ned laurdag 21. april, også det på Frette.

RESULTATER NEDENFOR BILDENE


Alle foto (om ikkje anna er nemnd): Olav Samland)
Startbilde_640.jpg
Ikkje nett Sentrumsløpet, men eit flott startfelt med gode løparar, som starta etter alle i mosjonsklassa.

Tedros_Haile_Vinneren_for_menn_640.jpg
Vinnaren: Tedros Haile kom i mål sju sekund foran rekordhaldaren Johannes Alne, men åtte sekund bak Alnes løyperekord. (Foto: Gisle Sellevold)

Herrer_stnr67_Nr2_og_tre_mot_maal_640.jpg
Johannes Alne sin løyperekord overlevde, men sjølv er han framleis i super form og vart nr. 2 på god tid, men berre eit sekund føre Trond Olav Halvorsen.

Kristine_Alne_nr3_Nr83_mot_maal_640.jpg
Fleire gode jenter og gutar frå Haugesund IL sette farge på Bjørkeklubben Over 2018. Her dotter til løyperekordhaldar Johannes Alne, Kristine.

Skjalg_Duesund_640.jpg
Skjalg Duesund - tidlegare vinnar av Panterløpet i Oslo - er også framleis i god form

Pall_damer_og_herrer_640.jpg
På trappa utanføre ungdomshuset på Frette, der premieutdelinga gjekk føre seg: Tedros Haile, Haugesund IL, flankert av nr. 3 Trond Olav Halvorsen, og framleis løyperekordhaldar Johannes Alne, som vart nr. 2 denne gongen. Løyperekorden for herrer stiger med kr 250 til neste år, og vert då  kr 750,-

Damepallen foran på trappa: Vilde Våge Henriksen flankert av Kristine Alne og Maryna Novik til høgre. Med løyperekord vart Vilde kr 1000,- rikare.

Fullt_hus_paa_fest_etterpaa2.jpg
Eit lite utsnitt av stappfullt hus etterpå. 

 

BJØRKEKLUBBEN OVER  -  2. april 2018
VÆRFORHOLD:  Ca.  6 *  -  Delvis skya, litt vind
    44 løparar og 56 trimmarar.    
Menn 1, Tedros Haile Haugesund IL 3.36 min
  2, Johannes Alne Haugesund IL 3.43 min
  3, Trond Olav Halvorsen Haugesund IL 3.44 min
  4, Tor Arne Sandvik IF Klypetussen 4.13 min
  5, Nils Saltnes IF Klypetussen 4.16 min
  6, Simon H. Simonsen Haugesund IL 4.34 min
* 7, Thorbjørn Samland IF Klypetussen 4.45 min
  8, Magne Berge IF Klypetussen 5.09 min
  9, Erik S. Tendal Haugesund IL 5.29 min
  10, Trygve-Gunnar B. Henriksen IF Klypetussen 5.36 min
  11, Skjalg Duesund IF Klypetussen 5.41 min
  12, Harald Måge IF Klypetussen 5.48 min
  13, Olav Svendsen IF Klypetussen 6.44 min
  14, Aaron Toth Falkeid 8.03 min
* 15, Gunnar Frette Berge IF Klypetussen 8.32 min
* 16, Gisle Sellevold IF Klypetussen 11.31 min
* 17, Frode Berge IF Klypetussen 12.50 min
* 18, Rasmus F. Berge IF Klypetussen 13.40 min
         
Kvinner 1, Vilde Våge Henriksen Haugesund IL 3.59 min
  2, Maryna Novik IF Klypetussen 4.17 min
  3, Kristine Alne Haugesund IL 4.27 min
  4, Victoria Lindgren Haugesund IL 4.54 min
  5, Kristina Lindgren Haugesund IL 5.50 min
* 6, Lillian F. Litlehamar IF Klypetussen 5.54 min
  7, Henriette Alne Haugesund IL 6.07 min
* 8, Laila Frette IF Klypetussen 7.25 min
* 9, Line Birgitte S. Frette IF Klypetussen 8.27 min
* 10, Ingunn Frette IF Klypetussen 12.50 min
* = Funksjonærløp    
           
Tur 1, Sigrid Øvernes 31, Knut Lunde  
  2, Inge Tjelle 32, Valborg Lunde  
  3, Knut Leknes 33, Sigrid Henriksen  
  4, Einar Sævareid 34, Mirabella Lindgren  
  5, Eli Sævareid 35, Ana Lindgren  
  6, Kari Svendsen 36, Jon Helge Lindgren  
  7, Marit Svendsen 37, Ola Alne  
  8, Klara Svendsen Haug 38, Kari Alne  
  9, Christian Haug 39, Harald Lindevik  
  10, Bjørg Halleland 40, Nina H. Saltnes  
  11, Leif Halleland 41, Vera H. Saltnes  
  12, Jorunn Søyland 42, Ragnhild Alne  
  13, Terje Søyland 43, Kjetil Gjellestad  
  14, Gunnvor Frette 44, Olai Alne Gjellestad  
  15, Ivar Halvorsen 45, Arne Haug  
  16, Brita Halvorsen 46, Astrid Haug  
  17, Tore Halvorsen 47, Bjørg Løhaugen  
  18, Sandov Lauareid 48, Gunnar Løhaugen  
  19, Randi Frette 49, Kjetil Toth  
  20, Siri Frette 50, Adrian Sandvik  
  21, Liv Irene Frette 51, Heidi Silgjerd  
  22, Olav Samland 52, Tove Samland  
  23, Elin Udstuen 53, Roger Tendal  
  24, Egil Prestegård 54, Sunniva S. Steine  
  25, Gunnbjørg Ljusnes 55, Sveinung Steine  
  26, Per H.  Sævareid 56, Kåre Osnes  
  27, Åshild Gundegjerde      
  28, Johanna G. Sævareid      
  29, Audhild G. Sævareid      
  30, Svein Helge Gullhaug      


Barneløpet (i alfabetisk rekkefølge sortert på fornavn)

Alva Toth  Falkeid IL 2.55 min
Anita Blikra Vindafjord IL 2.20 min 
Benjamin Rosseland  Etne IL 2.28 min
Filip H. Simonsen Haugesund IL 2.13 min 
Gabriel Stople  Skjoldar IL 2.14 min
Henrik M. Krokå  Etne IL 2.37 min 
Henrik Stople  Skjoldar IL 2.31 min 
Johanna G. Sævareid IF Klypetussen 2.19 min
Johannes S. Løhaugen  Etne IL 1.52 min
Julie M. Krokå  Etne IL 4.53 min 
Liam Rosseland  Etne IL 3.07 min 
Mari H. Saltnes Etne IL 2.00 min 
Mirabella Lindgren  Haugesund IL 2.59 min 
Nicholas Knudsen  Etne IL 2.23 min 
Noah Samland  Falkeid IL 3.34 min
Petra Blikra  Vindafjord IL 2.08 min



IF KLYPETUSSEN, original_640x759.jpg
Logoen til 36 års-jubilant IF Klypetussen

Klypetusskarusellen-vignett.jpg