I den 39. sesongen med vinterkarusell er det lagt opp til ni løp.
    I den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», vert det fire løp før jul og fem etter nyttår.

IMG_7618.jpg

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.

    Løpsdatoane for løpa før nyttår er: 21. oktober, 4. november, 25. november og 16. desember.
Første løp etter nyttår vert laurdag 6. januar, deretter vert det løp 27. januar, 17. februar, 10. mars og 7. april.

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.

 – Løpet er ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna. Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.

IMG_4787.jpgTerje Eidsnes har 256 løp i karusellen før sesongen 2017 - 2018

Flest løp
302 løp med i alt 18 084 startande er avvikla sidan desember 1979.

    Før komande sesong står Terje Eidsnes med 256 startar og Sverre Solberg med 251. Over 200 startar har også: Steinar Haukås 242, Alf Høyland 233, Arvid Hauge 226, Leiv Eidsnes 225 og Sigmund Nævdal 219.

IMG_7658.jpgArvid Hauge 

    To personar, Arvid Hauge og Steinar Haukås, har vore med i eitt eller fleire løp kvar einaste sesong sidan starten. 

IMG_4772.jpgStanley Hauge og Bjørn Bjørsvik har full kontroll på påmelding og startnummer. Her er det ikke online påmelding og EQ-timing brikker. Slik har det blitt gjort i snart 40 år.

Roar Kvamme-640.jpgSvein Roar Kvamme satt rekord under årets 1 .løp og ble den første som sprang under seks minuttar og noterte ei tid på 5-talet i vinterkarusellen på Eikanger. 5.58 er den nye rekorden rundt Eikangervågen. (Foto : Stanley Hayge) 

Kvamme slo dermed Halfdan Emil Færø sin rekord frå 16. mars 2013 med seks sekund. Dei to lokale storløparane hadde ein flott kamp. Halfdan Emil gjekk i teten ut frå start, i stort tempo. Bortover langs vågen tok Kvamme teten, med Færø rett bak. Den første kilometeren gjekk unna på raske 2.43.

Etter at halve løpet var unnagjort fekk Kvamme ei lita leiing, og 300-400m seinare rykte han frå og kom i mål ti sekund før den gamle rekordhaldaren.  Med tida 6.08 gjorde Halfdan Emil eitt av sine beste løp i karusellen.

Forholda under løpet var fine med tørr veg og 13-14 varmegrader. Men heilt ideelt var det ikkje med ein austavind som kom med enkelte kraftige kast.

 

Kondisreportasjer Eikanger Vinterkarusell

2016 : Færø-fest på Vinterkarusellen på Eikanger sitt jubileumsløp nr 300
2016 : Halfdan-Emil Færø og Grethe Jørgensen raskest på Eikanger