Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgEr det ein ting arrangørar av internasjonale sykkelmeisterskap i Noreg ikkje har lært, er det å budsjettere edrueleg og få rekneskapen til å gå i balanse.

Tre gonger har det vori arrangert sykkel-VM i Noreg. Tre gonger har det gått kraftig i minus – trass i milliontilskott frå det offentlege. Oslo-VM i 1993 var ei økonomisk katastrofe. Terreng-VM på Hafjell i 2014 gjekk òg med solid underskott. Enno veit vi ikkje kort stort underskottet etter årets meisterskap i Bergen blir. Berre at det må atskilleg meir til enn kronerulling frå feststemte bergensarar for å demme opp. 

Etter VM i Oslo hamna Sykkelforbundet i ei alvorleg økonomisk krise med 40 millionar i underskott. Sjølv etter fleire års forhandlingar med kreditorane var gjelda på 12 millionar. Mankoen på pengar vara i årevis, og det var i denne situasjonen at dei som sat med ansvaret, kom på at dei kunne få mosjonistane til å betale.  

Lisens til forbundet
Både årslisensen og eingongslisensen som mosjonistane må betale for å delta i ritt, vart kraftig skrudd i vêret. Dermed vart det kvart år overført millionbeløp frå store mosjonsarrangement som Birkebeinerrittet, Grenserittet og Nordsjørittet til Sykkelforbundet sentralt. Berre dei seks største norske turritta har fleire år overført ca. 5 millionar i lisens til forbundet. Slik kunne dei få den skakkøyrde skuta si på kjøl igjen, og mosjonistpengane vart i tillegg til å betale ned VM-gjeld i stor grad brukt vidare på toppidrett. 

Ja, Sykkelforbundet kunne til og med begynne å planleggje nye VM i Noreg. Først var det terreng-VM på Hafjell, som gjekk med eit underskott på over 5 millionar. Tre år seinare var det landevegs-VM i Bergen. Med underbudsjettering av utgiftssida og overbudsjettering av inntektssida klarte dei å overtyde styresmaktene om at dette kunne bli ein rimeleg og fin folkefest. Med seg inn i Bergens-VM tok Sykkelforbundet med seg gjelda på 5 millionar frå Hafjell-VM. Trass i dette liket i lasta og dårlege erfaringar frå tidlegare VM gjekk staten inn med lovnad om 40 millionar, noko som seinare vart auka til 52 millionar. Staten ved politiet har i tillegg gitt opp å få tilbake 10 millionar som sykkel-VM skylder. Dermed er vi oppe i statleg støtte på 62 millionar. I tillegg har kommunar og fylkeskommunar til saman gitt støtte og underskottsgaranti på 52 millionar. Det blir til saman ei offentleg finansiering på 114 millionar. 

Tungt for turritta
Og likevel vil sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen ha stat og kommunar til å dekke enda meir av kostnadene som mellom anna består av ei avgift til Det internasjonale sykkelforbundet på heile 65 millionar kroner. 

For denne gongen er det ikkje stort meir å hente frå mosjonistane. Med lisensen som ei viktig årsak slit både Birkebeinerrittet og dei fleste andre turritta med både deltakinga og økonomien. Skattlegginga på trim har rett og slett virka. 

Før VM i Bergen vart det signalisert god kontroll, og Tiedemann Hansen gjekk ut i Aftenposten og forsikra: «Vi har revidert budsjettet flere ganger siden vi laget det. Noe ser ut til å bli dyrere enn anslått, noe ser ut til å bli billigere. Alt i alt ligger vi godt an. Responsen vi får, målt mot 1993, er som natt og dag.»

Står imot presset
Sjeldan har natt og dag likna så mykje på kvarandre, tenkjer eg. Når ikkje idrettsleiarane evnar å lære på eiga hand, ser det heldigvis ut til at idrettsstatsråden hjelper dei med læringa – ved ikkje å gi etter for presset.  

Og i same slengen burde ho gå inn og forby at mosjonistar og arrangørar av mosjonsarrangement blir tvungne til å finansiere toppidrett og VM-kalas. 

Folkefest kan vera fint det, men det ser alt anna enn pent ut når dei som solar seg i festglansen tvingar andre til å betale gildet. 


Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 8 - 2017