Maryna Novik likar å springe både gate- og baneløp. Her ser vi henne i aksjon under NM i Byrkjelo i 2018. (Foto: Arne Dag Myking)
Maryna Novik likar å springe både gate- og baneløp. Her ser vi henne i aksjon under NM i Byrkjelo i 2018. (Foto: Arne Dag Myking)

Møt Maryna Novik – raskaste maratondama i Noreg i fjor

Maryna Novik fyller 40 år til hausten, men spring berre fortare og fortare. I fjor haust susa ho gjennom den småkuperte løypa i Karmøy Maraton på norsk årsbeste med 2.49.41. Kven er ho, og kva gjer ho for å springe så fort?

Publisert Sist oppdatert

Maryna Novik er ikkje av dei som stikk seg fram i verken tide eller utide, men mange har lagt merke til den løpsglade kvinna som stiller flittig i både gateløp og baneløp. Ho har eit perseregister som strekk seg frå 9.50 på 3000 m via 35.22 på 10 000 m til 2.49.41 på maraton. Ein sølvmedalje frå maraton-NM har det òg vorti.

Maryna Novik er ikkje av dei som stikk seg fram i verken tide eller utide, men mange har lagt merke til den løpsglade kvinna som stiller flittig i både gateløp og baneløp. Ho har eit perseregister som strekk seg frå 9.50 på 3000 m via 35.22 på 10 000 m til 2.49.41 på maraton. Ein sølvmedalje frå maraton-NM har det òg vorti.

Men Maryna bedyrar at ho ikkje er rask.

– Det finst ikkje fart i meg – eg er ein typisk «slow starter». Somtid har eg før konkurransar høyrd det bli sagt: «Start bak Maryna, for ho opnar så roleg», fortel Maryna på telefon i ein pause på jobben på Nortura i Sandeid.

– Eg treng tid på å komma i gang, men når eg først finn flyten, kan eg halde på. Dei gongene eg har begynt for hardt, har det gått veldig dårleg, fortel kvinna som flytta frå Kviterussland til Noreg for 16 år sia.

Villhest

Bortsett frå ein og annan skolekonkurranse dreiv ho ikkje med organisert idrett i heimlandet. Men gleda over å bevege seg, og aller helst ute i naturen, har ho hatt med seg heile livet.

– Eg var ein villhest, eller eit skogsbarn, om du heller vil. Eg elska å vera ute og har alltid vori ein liten kenyanar, som bestandig sprang dit eg skulle. Eg kjente alle stiane og alle krokane på elva der eg budde. Sia eg alltid kom heim til kvelds, fekk eg lov til å vera ute heile dagen. Særleg i feriane da eg var hos besteforeldra mine som budde på landet, vart det lange dagar ute. Eg kappsprang med hunden og dansa av stad i kanten av kornåkeren. Eg sprang berrføtt, det gav meg ei fridomskjensle eg aldri gløymer, fortel ho.

Da ho kom til Noreg og Vikedal, var møtet med fjella noko av det som gjorde størst inntrykk.

– Der eg vaks opp, var det temmeleg flatt, så da eg kom hit, måtte eg både sjå på og besøke fjella. Eg måtte teste ut alle turane og kunne mest ikkje skjønne korfor folk ikkje fór til fjells kvar dag. Eg fekk den same kjensla som eg hadde hatt som ungjente – eg måtte ut å utforske og sprang på lette bein.

Langs Åkrafjorden

Ikkje lenge etter at ho kom til Noreg, i 2005, var ho med på sin første løpskonkurranse. Det var landevegsløpet Langs Åkrafjorden i Etne.

– Det gjorde eit stort inntrykk på meg. Eg gløymer aldri den gode stemninga i målområdet, og Gisle Sellevold som arrangerte og var så hyggeleg. Sjølve løpet var uvanlig med bakkar både opp og ned. Eg brukte 20 minutt meir på dei 11 kilometrane den gongen enn det eg seinare har klart, og det svei skikkeleg i beina i fleire dagar etterpå. Men likevel – det var så deileg, minnest ho og legg til:

– Langs Åkrafjorden er eit løp eg alltid prøver å få med meg, sjølv om det nokre år har kollidert med NM . Det er så fint med slike lokale løp, der ein kan slappe av og prate med folk etterpå. Det blir mykje meir personleg enn på dei store løpa.

Maryna_Novik_foto_Langs_Aakrafjorden.jpg


Langs Åkrafjorden var første løpet Maryna Novik (med startnummer 907) var med på, og det vart favorittløpet hennar med det same. I alt har ho vunni dette løpet åtte gonger. (Foto: arrangøren)

Sin eigen trenar

Og likevel utgjer historia om naturjenta som spring i skogen og i fjellet og som er med på eit og anna lokalt småløp, berre ein del av løpsverda til Maryna Novik. Ho er òg ein målmedveten løpar som trenar for å bli betre, og som har både tredemølla, laktatmålar og karbonsko i heimen.

– Eg er ikkje seriøs i den forstand at eg skal kvalifisere meg til noko EM eller OL. Det er eg for gammal til, og det går uansett ikkje når ein har full jobb og tre ungar å ta vare på. Eg prøvde å ha ein trenar som følgde meg opp, men eg merka at det stressa meg om eg ikkje klarte å gjennomføre den planlagde treninga. Det vart vanskelig å bli styrt av andre, seier ho og supplerer:

– Eg føler òg at eg etter kvart har lært så mykje om trening at eg no kan styre det sjølv. Da eg for mange år sia vart medlem i Kondis, så saug eg til meg alt av treningsstoff. Eg har òg lesi mange bøker og lært mykje av mange. Så sjølv om eg ikkje har nokre høge mål, så bruker eg både tid og pengar på løpinga. Sjølv om eg ikkje skal til EM, så ser eg på trening som viktig og alvorleg, ler ho.

Små og store veker

Ho spring mykje og følgjer ein treningsplan som ho legg opp etter jobb og familieliv. I dei store vekene spring ho mellom 160 og 180 km, og i dei små ligg ho på 120-130. Periodiseringa tilpassar ho til livet elles, men den kan til dømes vera tre store veker følgd av to små.

– Skilnaden er morgonøktene. I mengdevekene spring eg 50 km fordelt på fire dagar før jobb. Det gjer eg ikkje når eg har lett veke. Eg spring kvar dag da òg, men da er det berre ei økt per dag, fortel ho.

Vanlegvis har ho tre kvalitetsøkter i veka – to langintervalløkter og ein hurtig langtur lagt inn i ein lang langtur. Den siste er ei maratonspesifikk økt som ho bruker når ho trenar for maraton.

– No i vinter når det har vori så kaldt, har eg gjort unna veldig mykje av treninga på tredemølla. Heldigvis elskar eg å springe på mølle, så det går heilt fint. Det er kjempeinteressant å springe intervall på mølla sia det er så jamt og stabilt og dermed målbart. Og så er ikkje mølla så hard, så det blir meir skånsamt for beina.

På dei fire dagane ho ikkje har kvalitetsøkter, spring ho minst ein time. Det vil seie 12-13 km, men ofte blir det 15 km om ho har meir tid.

– Men det er i treningsperiodane. I konkurransesongen spring eg mindre, og før konkurransar kan turane vera nede i både 50 og 40 minutt.

Maryna Novik sette norsk årsbeste på maraton med 2.49.41. (Foto: Terje Gilberg)

Siste helga i november i fjor haust vann Maryna Novik Karmøy Maraton på norsk årsbeste - 2.49.41. Ho har òg vunni halvmaratonløpet på Karmøy fire gonger og har løyperekorden også der med 1.19.08. (Foto: Terje Gilberg)

Styrke for resten av livet

Maryna driv ikkje med verken spenst- eller styrketrening.

– Eg har fått styrke for resten av livet av å jobbe på gard i 13 år, humrar ho.

– Men eg tøyer ein del, og det hjelpte meg da eg ei stund hadde problem med ei hofte.

Ho understrekar òg at ho har auka treningsmengda gradvis.

– Det går ikkje å gå frå null til hundre på kort tid. Eg har auka år for år på ein naturleg måte etter kvart som kroppen har vorti sterkare.

Etter 2.49 i den kuperte løypa på Karmøy – kva trur du at du kan springe på i ei flat og rask løype?

– For meg er det minst like viktig at det treff bra med hormonsyklusen/dagsforma som at løypa er lett, så det er vanskeleg å seie. Eg var påmeldt Berlin i fjor der eg til og med fekk plass i eliteklassen. Men det løpet vart avlyst, og startplassen vart flytta over til i år. Dersom det blir løp i år, og dersom det klaffar med både dagsform og forholda elles, trur eg at eg kan springe på 2.45. Treninga i vinter har gått veldig bra.

Hardangervidda på tvers

Kva var det du ville sakne mest dersom du ikkje lenger kunne springe?

– Ja, kva skulle eg da ha gjort? Men eg reknar med at om eg ikkje kan springe, så kan eg gå, og da forandrar det seg ikkje. Da ville eg gått lange turar, gjerne dagevis med tung sekk. Vorti ei ordentleg friluftsdame, kjøpt meg hund og gått Hardangervidda på tvers. Men om eg heller ikkje kunne gått – nei, det tør eg ikkje tenkje på, avsluttar Maryna Novik.

Som er takksam for det ho både har og er. Familie, fridom og framdrift. Naturbarn og mølleløpar.

Maryna Novik.jpg

Maryna Novik
Alder
: 39 år (blir 40 i desember)
Bustad: Vikedal
Klubb: IF Klypetussen (er stolt over å representere klubben)
Yrke: Jobber på Nortura, er utdanna som ingeniør i matteknologi
Sivil status: Har kjærast og tre ungar, på 13, 11 og 6 år.
Trenar: Sin eigen
Idrett: Langdistansespringing
Meritter: Sølv i NM maraton 2019, toppa den norske maratonstatistikken i 2020, siger i mange lokale løp
Perser: 2.49.41 (Karmøy 2020), 1.19.08 (Karmøy 2019), 35.22 på 10 000 m (Stadionmila Kristiansand 2020), 16.53,69 på 5000 m (NM Sandnes 2017), 9.50,08 på 3000 m (Arne Risa Classic, Bergen 2019)
(Foto: Arne Dag Myking)

Treningsveke

Dette er ei stor veke i ein treningsperiode utan konkurransar tett innpå. Dei rolege turane går vanlegvis i ca. 4.50-fart. I dei lette treningsvekene kuttar ho ut morgonøktene.

Måndag
Økt 1: Roleg 1 time – 1 time 10 min

Tysdag
Økt 1: Roleg 1 time
Økt 2: Intervall: 12-14 x 4 minutt (evt. 1000 m), pause 1 min (pluss oppvarming og nedjogg)

Onsdag
Økt 1: Roleg 1 time
Økt 2: Roleg 1 time – 1 time 10 min

Torsdag
Intervall: 6-7 x 8 minutt, pause 1 min (pluss oppvarming og nedjogg)

Fredag
Økt 1:Roleg 1 time
Økt 2:Roleg 1 time – 1 time 10 min

Laurdag
Økt 1: Roleg 1 time 35 min
Økt 2: Roleg 50 min

Søndag
Lang langtur 35 km, 50 min roleg, 10 km hurtig (37-38 min), 60 min roleg

Maryna-Novik-og-Sara-Aarseth-Jünger-og-Sylvia-Thorson-Nordskar-NM2018-foto-Arne-Dag-Myking[1].jpg


Maryna Norvik spring vanlegvis så jamnt at det er trygt å leggje seg i rygg på henne. Her leiar ho an framføre Sara Aarseth Jünger og Sylvia Thorson Nordskar under NM i Byrkjelo i 2018. (Foto: Arne Dag Myking)

Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS