
Ulike blomar i idrettshagen
Diskusjonen om kven som bør få lov til å arrangere løp, blussar opp med ujamne mellomrom. Kva er innafor – idrettslag, veldedige organisasjonar, privatpersonar, kommersielle aktørar – kven som helst?

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5– 2025
No i vår fekk vi i Kondis tilsendt eit debattinnlegg frå ein kar som ikkje hadde noko imot at private arrangerer løp, men som gjerne ville veta kva pengane vart brukt til, slik at han kunne delta i løp der overskottet gjekk til aktivitet i idrettslaga. Innlegget hans vart delt og diskutert i sosiale media, og folk med idrettslagstilknyting gav han naturleg nok mest kudos. Ein klubbkar skreiv følgjande:
«Når friidrettsklubbene arrangerer, går overskuddet til barn og unge. Private skulle aldri fått arrangere og burde boikottes. Unntak kan være der det klart kommer frem at overskuddet går til f.eks. kreftsaken. Idrettsarrangement tilhører idretten og kun idretten.»
Til det siste kan det seiast at alle som som driv og arrangerer idrett, er ein del av idretten. Så sjølv om «idrettsarrangement kun tilhører idretten», så vil det likevel være mange andre enn friidrettsklubbane, som kan arrangere løp.
Sjølv har eg vori idrettslagsmedlem i nærmare 50 år, men eg må vedgå at idretten er langt større enn den delen som idrettslaga organiserer. Springing og løp omfattar mykje meir enn det friidrettsklubbane står bak.
Men eg er samd med innleggsforfattaren i at det hadde vori fint og visst kor overskottet hamnar, når eg melder meg på løp. Nyleg sprang eg Ecotrail Oslo, utan at eg undersøkte kva eller kven pengane gjekk til. Og om eg hadde prøvd å undersøkje det, så er det likevel ikkje sikkert eg hadde klart å finne det ut.
Samstundes så er det nok naivt å tru at overskottet av løp som blir arrangert av idrettslag, går uavkorta til aktivitet for barn og unge. Mange av dei klubbane som arrangerer dei største og mest inntektsbringande løpa som til dømes Holmenkollstafetten, Sentrumsløpet og Oslo Maraton, er òg av dei klubbane som brukar mest pengar på både tilsette og toppidrettsutøvarar. Ein god del av overskottet frå løpa går nok til toppidrettssatsinga.
Heller ikkje noko gali med det, tenkjer eg. Idretten er mangfaldig, og det er flott at den kan drivast på ulike nivå heile livet ut. At barn- og unge har eit idrettstilbod er fint, men det er òg bra om klubbar lagar tilbod med tanke på livslang idrettsglede.
Uansett så ville tilbodet vorti dårlegare og løpsbølgja svekka om berre friidrettsklubbar skulle ha lov til å arrangere løp. Mange løp som ikkje går i klubbregi, blir arrangert av eldsjeler som står på utan at dei prøver å gjera seg rike. Dei arrangerer fordi dei likar det, og fordi dei blir glade over å sjå at deltakarane får ei fin oppleving.
Så får vi heller leva med at det òg vil dukke opp ein del kommersielle arrangørar med økonomiske baktankar. Det finst verre måtar å tene pengar på enn å få folk til å springe. Og det er ikkje slik at om Ecotrail sluttar å arrangere terrengultra, så vil Tjalve, BUL eller Vidar automatisk ta over. Det var iallfall ingen av dei tre som var initiativrike nok til å setje i gang i 2015.
Da Heming Leira etter ca. 20 år la ned det private onsdagsløpet Sognsvann Rundt Medsols, var det ingen som meldte seg til å ta over. Løpstilbodet vart dermed fattigare – utan at tilbodet til barn og unge vart rikare. Snarare tvert imot, sia mange heilt unge jamleg sprang SRM.
Å veta kor pengane tar vegen kan vera av det gode enten ein går på restaurant eller spring maraton. Men for dei fleste betyr det nok meir at dei får ei god oppleving og at dei kjenner at dei får verdi att for det dei betaler.
Idrettshagen er så mangfaldig og omfattar så mange, at eg trur det går bra sjøl om deler av den har litt preg av villhage. Det bruker ikkje å bløme mindre i slike.
Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.