Vignett-kondiskommentaren.jpgEin eg kjenner, som sjølv sprang på veldig høgt nivå, sa det ein gong slik: «Skal du bli god til å springe, må du av og til ut å springe sjølv om du ikkje har lyst. Men du må òg av og til la vera å springe sjølv om du har lyst.»

For lidenskaplege løparar vil det siste vera det vanskelegaste. Om beina er slitne, om halsen er sår, om hælsenene kranglar, om ein sprang maraton i går – så må ein likevel ut å springe. I utgangspunktet berre ein liten luftetur, som likevel blir ganske lang, for det er så fint å vera i rørsle ute. Oj, som ein kjenner at ein lever når ein spring.

Best i verda
Men skal ein bli best i verda, nyttar det ikkje å halde på slik. Å trene når ein skulle ha kvila, å springe på seg skadar fordi ein ikkje klarer å ta fri, å køyre seg i senk når ein skulle ha floti fint med straumen.

Og det har slått meg at fleire av dei som har vorti veldig gode til å springe, ikkje har vori lidenskaplege løparar. Dei har hatt eit kjølegare, meir distansert forhold til det heile.

Eg intervjua Marius Bakken, som framleis har den nordiske rekorden på 5000 m med 13.06,39, medan han var på topp. Han sprang ikkje fordi han syntest det var så kjekt å springe, men fordi han ville sjå kor god han kunne bli. Han var forskaren som var på leiting etter å finne den treningsmiksen og levemåten som gav det optimale resultatet. På spørsmål om kva som var det mest verdifulle springinga hadde gitt han, svara han:

«Det er muligheten til å utforske kroppen og se hvor langt jeg kan drive det. Jeg drar sjelden ut for å få en opplevelse. Vakre omgivelser er inspirerende, men det er ikke det som driver meg.»

«Så lite vi kan»
Noko av det same ser vi hos Team Ingebrigtsen. Dei trenar ikkje fordi dei er så uhorveleg glade i å springe. Dei trenar fordi dei vil bli best. Og da gjeld det ikkje å trene mest mogleg, men lurast mogleg. Trenar Gjert har sagt det slik:

«Når vi får spørsmål om hvor mye vi trener, svarer vi: «Vi trener så lite vi kan for å bli så gode vi kan.» Mer er svært sjelden bedre enn nok.»

Da eg prata med Jakob Ingebrigtsen etter eit av gulla i EM, fortalde han at han ikkje satsar for å satse. «Om eg ikkje kunne vorti ein av verdas beste, ville eg ikkje haldi på.»

Sjølvsagt finst det òg lidenskaplege løparar som har vorti best i verda eller Asia. Som Haile Gebrselassie, Ingrid Kristiansen, Yuki Kawauchi. Men dei må evne å tøyle den lidenskapen som så fort tenkjer «jo meir, jo betre». Til gjengjeld slit dei ikkje med motivasjonen. Dei fer ut i alt slags vêr og held fram med å trene lenge etter at alderen gjer at formpila peikar nedover.

Bonus i boka
Dei er amatørar i ordets eigentlege betydning. Dei elskar det dei gjer, og sluttresultatet vil slik sett bli mindre viktig. Proffane har målet så tydeleg for auget at dei gjer akkurat det som trengst. Langt nok og hardt nok. Men ikkje ein ekstratur i solnedgangen berre fordi det er så fint å vera ute og for å få nokre bonuskilometer i boka.

Og kan hende er det ikkje berre i idrettsbiten av livet at for mykje lidenskap kan forkludre. Som Queen sa det i songen dei spelte under minnekonserten til frontfigur Freddy Mercury: «Too much love will kill you.» 

Men du verda kor godt det er – å leva lidenskapleg – så lenge flammen brenn.


(Artikkelen står på trykk i Kondis nr. 7 - 2018)

 

Runar Gilberg (53) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton