Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgNorges idrettsforbund sendte ut ei pressemelding etter at rapporten var lagt fram, der det heitte: «Sterk økning i antall ungdommer som sier de er aktive i organisert idrett.»

Mindre grunn til glede
Ser vi nærare på grunnlaget for denne gladmeldinga, så blir det mindre grunn til å vera glad. Den delen av ungdommane som trenar og konkurrerer i idrettslag, fell som ein stein frå dei er 14 til dei er 19 år. Så sterkt er dette fallet at allereie i det første året på vidaregåande skole er det fleire som trenar på treningssenter enn i idrettslag. I tredjeåret på vidaregåande er det berre 17 prosent av jentene og 31 prosent av gutane som minst ein gong i veka trenar i idrettslag. Til samanlikning gjer 46 prosent av gutane og 51 prosent av jentene det same på treningssenter. I alle klassane på vidaregåande er det fleire som trenar på eiga hand enn i idrettslagsregi.

Det Idrettsforbundet har rett i, er at det er fleire som har vori med i organisert idrett, men årsaka til det er at ungane startar i idrettslag stadig tidlegare, ofte allereie i 5-6-årsalderen. Dei startar tidlegare og sluttar tidlegare. Heile 93 prosent av dei unge i dag har ein eller annan gong vori med i organisert idrett, men i sisteåret på vidaregåande er det berre 25 prosent som framleis trenar med idrettslag. Og det klart største fråfallet skjer allereie i ungdomsskolen.

Tar ikkje vare på
Idrettslaga i Noreg er med andre ord flinke til å tilby ein barneidrett som er så brei og inkluderande at den famnar dei fleste. Dei er òg flinke til å laga eit opplegg for dei som vil satse på idrett og konkurrere på høgt nivå.

Like god er dei ikkje til å ta vare på dei som berre vil trena for å halde seg i form og fordi det er artig. I veldig stor grad sluttar desse å trene i idrettslagsregi og byrjar i staden på treningssenter eller heilt for seg sjølve. Om grunnen er at idrettslaga ikkje har noko tilbod til slike eller at tilbodet er for dårleg, er ikkje godt å seie.

Men det som heilt klart kan seiast, er at det blir feil når Norges idrettsforbund prøver å få det til å sjå ut som at storparten av ungdoms- og vaksenidretten i landet går føre seg i deira regi. Det gjer den ikkje, og difor er det heller ikkje sjølvsagt at dei pengane som det offentlege ønsker å bruke på idrett, skal kanaliserast gjennom Idrettsforbundet.

Sjølv om ein skulle få bukt med VM-/OL-sløsing, dyre reiserekningar og alkoholforbruket til toppane, er det ikkje sikkert at pengane vil nå fram til dei som verkeleg bryr seg om breiddeidretten, idrettsgleda og folkehelsa.


Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 10 - 2017