Laurdag 9. oktober er det klart for Bergan Bygg Brakvatnet Halvmaraton for 15. gong. Arrangørane i Osterøy IL lokkar med halvmaraton, halvmaratonstafett og barneløp langs idylliske grusstiar. Eit «feelgood-løp» kallar dei arrangementet, og trekkjer særleg fram stemninga kvar gong løparane passerer målområdet.

Brakvatnet byr garantert på ei av landets flottaste og mest særeigne løyper. Her blir du møtt av grusstiar og vakker natur i eit populært turområde på Valestrand. På kvar 2,6 km lange runde må du gjennom fleire motbakkar som tappar deg for energi – og like mange unnabakkar som etter kvart mørnar låra dine. Samstundes slepp du dei harde slaga frå ein monoton asfaltveg. Rundt Brakvatnet er det ingen eksos og tutande bilar – berre nokre saueperler og brekande sauer. Lyden av ei enormt entusiastisk heiing og ein sprek speaker møter deg kvar gong du passerer mål. Og det gjer du åtte gonger!
 

I fjor var det tett mellom dame- og herrevinnaren; Jan Roar Solberg fekk tida 1.27,58, medan Ingrid Revheim sprang på 1.28,36. Løyperekordane har Hilde Aasheim med 1.24,29 frå 2013 og Bjarte Vik med 1.18,31 frå 2011. Det vert meldt at Team Bauhaus-sjefen Emil Hosøy, med 1.14 frå København i haust, nok ein gong vil prøva seg på rekorden.

For dei som synest åtte rundar rundt vatnet er i meste laget, er halvmaratonstafetten eit godt alternativ. Her kan frå to til åtte løparar delta på kvart lag. Kvar etappe er på minst ein runde (2,6 km). I fjor var 24 lag påmelde – med syskenparet Espen og Amalie Joensen som vinnar i klassen for idrettslag og venegjengar og Drange Murmeisterforretning i bedriftsklassen. Stafettløparane startar samstundes som halvmaratonløparane.

Historikk:
Brakvatnet halvmaraton vart første gong arrangert i 2007, mest som eit testløp for initiativtakaren Sigbjørn Reigstad – som i «eit anfall av overmot» hadde meldt seg på full maraton på Lanzarote. 16 ivrige løparar stilte til start, klare for 8 rundar rundt Brakvatnet – i heller djup snø. Av desse fullførte 12 distansen. Teståret ga meirsmak, og med ei klar satsing på å få lokale mosjonistar til å ha dette som årets store utfordring fekk ein dei første åra eit stort oppsving i deltakartal. Ein foreløpig topp blei nådd i 2014 med 249 deltakarar.

Meir informasjon:

Osterøy IL - Brakvatnet Halvmaraton

Brakvatnet Halvmaraton på Facebook

Kondis-reportasje fra Brakvatnet Halvmaraton:
2019: Perfekte forhold i Brakvatnet Halvmaraton med innlagt stafett
2018: Vilt, vått og vakkert under Brakvatnet Halvmaraton på Osterøy
2017: Stemningsfult Brakvatn Rundt
2016: God stemning rundt Brakvatnet i finværet
 

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957