Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 7 - 2020.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


I fjor, da eg gjekk frå Flekkefjord til Kristiansand, var det stadig vekk ein song som kverna rundt i hauet mitt, nemleg «This one» av sjølvaste Paul McCartney. Teksten dreier seg om kor lett det er å tenkje at det kan komma ein betre sjanse seinare, og så bruker vi ikkje den vi veit vi har, godt nok:

Did I ever take you in my arms,
Look you in the eye, tell you that I do,
Did I ever open up my heart
And let you look inside.


If I never did it, I was only waiting
For a better moment that didn't come.
There never could be a better moment
Than this one, this one.


Verst gjekk et ut over medvandrar Terje som rett som det var måtte høyre på gnålinga mi som òg omfatta det surrealistiske refrenget om guden som rir på ryggen til svanen som igjen glir over havet. Og om det ikkje kom noko anna ut av det, så vart vi iallfall samde om at «this one» og «the swan» lydmessig er så likt – «desvånn» – at vi antok sir Paul hadde nytta høvet til å leike litt da han laga teksten. Kanskje tenkte han at det ikkje ville komma eit betre høve til leik enn det han hadde akkurat der og da.

Vi følgde opp med å klatre oss gjennom ei hinderløype som like etter dukka opp på ein leikeplass ved sida av vegen vi gjekk.

Medaljesjansen i VM

To-tre veker seinare var eg til stades i Doha og såg Jakob Ingebrigtsen springe både 5000 og 1500 m i VM. Han var i form og hadde medaljesjanse i begge finalane. Men det eg meiner var små taktiske feilval som til dømes for mykje yttersvingspringing undervegs, gjorde at han var for sliten da løpa vart avgjort på sisterunden. Det vart ein femte- og ein fjerdeplass, som er fantastisk bra, men likevel ikkje det Jakob sjølv hadde håpa på.

Ikkje så farleg, meinte mange, for Jakob var så ung, berre så vidt fylt 19, og ville få mange fleire medaljesjansar i globale meisterskap i framtida.

Heilt klart ikkje farleg, er eg heilt klart einig i. For det er ikkje farleg å gå gjennom livet utan nokon gong å vera mellom dei tre beste i verda. Eller å bli det berre åtte gonger i staden for ti. Det klarer omtrent alle fint å leva med.

Men som idrettsutøvar er det på eit vis likevel farleg ikkje å bruke sjansen når ein har han. Både fordi det er forferdeleg irriterande – eg har aldri intervjua nokon idrettsutøvar som har vori så skuffa som det Jakob var etter 1500 m-finalen – og fordi vi aldri veit om vi får ein (like stor) sjanse til. Dei to meisterskapa – OL og EM – som skulle komma mindre enn året etter Doha-VM, forsvann brått, og for alt vi veit, kan OL til neste år òg bli avlyst.

Eller ein skade kan dukke opp. Eller ei forkjøling når ein treng ho som minst. Eller at den forma ein har prøvd å prikke inn, likevel ikkje kjem på plass.

Dei verste tapa

Sjølvsagt skal ein ikkje gå rundt å tru det verste om framtida, og det er absolutt lov å feile, ikkje minst om ein lærer av feila. Men dei fleste som har eit favorittlag i fotball, veit kor fortvilande det er når laget ein heiar på speler godt, men ikkje bruker dei skåringssjansane dei lagar. Dei verste kampane å tape, er dei ein veit ein burde vunni.

I idrett gjeld det å vera giftig som bia til Mohammed Ali, femmilsslu som Petter Northug og taktisk skolert som Mo Farah i glansdagane. Det er slikt det blir knock-out og gullmedaljar av. Dei beste spissane luktar skåring, er på rett plass til rett tid og set ballen i mål. Både Robert og Marcin Lewandowski veit kor i feltet dei skal plassere seg.  
 
Eg er med i ein quizgjeng, og det går heilt fint å bli blant dei siste, men du verda kor irriterande det er å svara feil på dei spørsmåla eg eigentleg veit svaret på. Eller kor sint eg vart på meg sjølv da eg mista den avgjerande putten i minigolfturninga på Fuerteventura. Det er i slike stunder sølv er nederlag. 

Perseår

I den gruppa eg trenar med var det mange som sist vinter trena bra og sprang fortare enn nokon gong før. Det låg an til å bli eit skikkeleg perseår. Somme trødde til og knuste halvmaratonpersen allereie i Barcelona i februar. Så kom nedstenginga, men så snart Perseløpet kom i gang, var dei på plass og sikra seg ny bestetid òg på 5 km. Andre som var – og er – i like god form, har knapt kommi i gang med sesongen. Kanskje blir 2020 det året dei var i så god form, men ikkje fekk vist det.  

«Best når det gjelder» heitte ei av dei første norske idrettspsykologibøkene, skriven av Willi Railo i 1985.

Kan hende skulle vi tenkje litt oftare at det er i dag det gjeld. Ikkje nødvendigvis å vera best i verda eller i klubben eller i familien. Men å vera den beste utgåva vi kan vera av oss sjølve.

Godt mogleg kjem det ikkje nokon betre augneblink. For til sist har vi alle skrivi vår svanesong.
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957