Laurdag 17. oktober er det klart for Rema 1000 Brakvatnet Halvmaraton for 14. gong. Arrangørane i Osterøy IL lokkar med halvmaraton, halvmaratonstafett og barneløp langs idylliske grusstiar. Eit «feelgood-løp» kallar dei arrangementet, og trekkjer særleg fram stemninga når løparane passerer målområdet – og det gjer dei åtte gonger.

I naturskjønne omgjevnader snirklar løypa seg kring Brakvatnet som ligg i eit populært friluftsområde på Osterøy. Den 2,6 km lange runden er kupert og krev sitt både av mosjonistar og eliteløparar. Mesteparten av løypa er på idylliske og nokså breie grusstiar. Elles er det litt sti og litt asfalt/oljegrus.

I fjor vann Emil Hosøy på tida 1.19,55 og Ingrid Revheim på 1.34,00. Ingrid har hatt stor framgang i 2020 og stiller til start også i år. Hilde Aasheim har løyperekorden rundt Brakvatnet med 1.24,29 frå 2013. Bjarte Vik har løyperekorden for menn med 1.18,31 frå 2011.

For dei som synest åtte rundar rundt vatnet er i meste laget, er halvmaratonstafetten eit godt alternativ. Her kan frå to til åtte løparar delta på kvart lag. Kvar etappe er på minst ein runde (2,6 km). Til no er 24 lag påmelde, og det er ny rekord. Dei siste åra har Magnus M. Thunestvedt vunne pokalen i bedriftsklassen, medan klassen for idrettslag/venegjengar har vore ein kamp mellom friidrettsgruppa og skigruppa i Osterøy IL. I år kan fotballaget til Osterøy vera ein solid utfordrar, i tillegg til svært sterke tomannslag - m.a. Team Joensen med syskenparet Espen og Amalie Joensen.

Historikk: Brakvatnet halvmaraton vart første gong arrangert i 2007, mest som eit testløp for initiativtakaren Sigbjørn Reigstad – som i «eit anfall av overmot» hadde meldt seg på full maraton på Lanzarote. 16 ivrige løparar stilte til start, klare for 8 rundar rundt Brakvatnet – i heller djup snø. Av desse fullførte 12 distansen. Teståret ga meirsmak, og med ei klar satsing på å få lokale mosjonistar til å ha dette som årets store utfordring fekk ein dei første åra eit stort oppsving i deltakartal. Ein foreløpig topp blei nådd i 2014 med 249 deltakarar.

Meir informasjon:

Osterøy IL - Brakvatnet Halvmaraton

Brakvatnet Halvmaraton på Facebook

Kondis-reportasje fra fjorårets Brakvatnet Halvmaraton:

Perfekte forhold i Brakvatnet Halvmaraton med innlagt stafett

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957